Rett, vrang, inn, ut…

Overskrifta kunne vel kanskje tyde på at dette var eit strikkerelatert innlegg, men der lurte eg deg gitt! Her kjem nemleg to forklekjolar eg sydde i fjor, og dei kan like gjerne brukast på “retta” som på “vranga”. Kva som er “ut” og kva som er “inn” er ikkje lett å seie, eg synest i alle fall dei er like fine begge vegar. Det brune stoffet er tynn ull frå ein stor rull med ubrukt, eldre stoff eg kjøpte på Fretex for lang tid tilbake. Snakk om kupp! Begge kjolane er i god RePro stil, og har fått gjenbruksstoff på den andre sida.

Mønsteret er heimelaga i den forstand at eg har teikna av eit gamalt forkle som svigerinnene mine brukte då dei var små. Storleiken er ca 1-2 år vil eg tru. Eg har sett trykknappar på skuldrane i staden for å sy selane fast i kjolen, berrefordiatte eg har trykknappresse og diggar trykknappar. Det er jo ingen sak å dra kjolen over hovudet på barnet, men det er jo så kjekt med knappar!

No prøvar eg å finne ut om lille sola mi skal få den eine kjolen, og i så fall kva for ein…? Likar dei i grunnen godt begge to, men det finst jo grenser for kor mange kjolar ei lita frøken treng å ha hengande i skapet.

Flink farfar og farmor!

Godt nytt år folkens! Eg har visst vore lite aktiv med blogginga i det nye året. Men sånn blir det nok framover. Blogging blir lett nedprioritert når ein lever i ei babyboble og heller vil prioritere å drive med hobbyaktivitet når ein har tid (og overskot til denslags).

Den finaste julegåva i 2011 var det veslefrøkna som fekk. Farfar hadde laga gyngehest! Er den ikkje utrulig fin?!? Vi likar den godt alle sammen. Og julekjolen var av den heimestrikka sorten, laga av farmor. Heldig er vi som har så flinke handarbeidsfolk i familien!

Kakao på pinne

Det er kjekt å gje vekk noko lite, etande, heimelaga ved sidan av julegåvene, og i år lagde eg “kakao på pinne”. Ei blanding av smelta kokesjokolade, melis og kakao vart fylt i konfektformer og pynta med kakepynt/chili/mini-marshmallows. Trepinnar vart putta nedi massen før det stivna. Ein sjokoladepinne skal vere nok til å lage ein kopp varm sjokolade, det einaste som trengst er varm mjølk. Eg pakka inn pinnane i cellofanposar, hengte på ein lapp med bruksanvisning og knytta fine sløyfer på. Dei blei jo litt koselege, ikkje sant? Takk til Hedda for koseleg førjulssamarbeid, og lån av utstyr! Kanskje vi må gjenta suksessen neste år? ;)

Om nokon vil prøve seg på det samme (dette kan jo lagast året rundt), så kjem oppskrifta her:

Smelt 400 gram kokesjokolade i vannbad. Rør inn 30 gram kakao og 70 gram melis (erfaringsmessig er det lurt å bruke visp). Hell massen i ein sprøytepose eller ein solid plastpose som du klipper hjørnet av (feks ikea zip-lockpose). Sprut massen i konfekt- eller isbitformer av plast eller silikon. Stikk nedi trepinnar (vi hadde pinnar til godterilaging, men halve grillspyd fungerer også). Ha på ønska pynt før det stivnar. Ideen fekk eg på denne bloggen, som har meir utførleg forklaring.

Made for me

Det er ikkje berre veslefrøkna i huset som har fått nytt i vintergarderoben, eg har endå til klart å strikke meg ei jakke! Trass i at eg likar best kjappe småprosjekt innsåg eg at det kunne vere kjekt å strikke noko til meg sjølv for ein gongs skuld. Og det tok ikkje så forferdeleg lang tid heller. Dobbel tråd drops alpakka og pinne nr 4 og 4,5 – vips så var jakka ferdig etter nokre lange haustkveldar i sofaen…Fornøgd vart eg også! Trur denne kjem til å bli mykje brukt, men akkurat no er den litt upraktisk fordi eg ofte har ei lita, langfingra jente i armane, og ho likar godt å stikke fingrane inn i “hola” og dra til…

Oppskrifta er frå garnstudio. Bjørnebærmønsteret i bærestykket ser litt proft ut syns eg, men det var i grunnen ganske enkelt å lære seg. Kjekt å utvide strikkerepertoaret!

Nytt i vintergarderoben

Godklumpen vår er blitt eit halvt år. Crazy! Eg har verkeleg innsett at småbarnsforeldre som seier at “tida flyr” og at ein må “nyte det mens barna er små” har eit poeng…Så vi kosar oss så masse vi kan, og sjølv om ho ser litt forfjamsa ut på bileta (som blei tatt i farta då vi skulle ut døra), så trur eg ho har det ganske bra om dagen. Så lenge ho får den servicen ho ber om i alle fall ;)

Jakka ho har på seg vart til då eg innsåg at ho trengte ei jakke og eg ikkje fann nokon eg likte i butikkane. Dessverre hadde eg ikkje eigna jakkemønster, så eg brukte eit stort skjortemønster og gjorde litt eigne justeringar. Det resulterte i litt trange armhol, og temmeleg lange armar…Men søt vart den! Og så lenge ho ikkje har for mykje tjukke klede under er den veldig grei å ha på. Ytterstoffet er i tynn, grå ull og på innsida er det kvit microfleece. Lang ribb nederst på armane.

Hua er strikka i alpakka etter eit mønster frå garnstudio. Den blei litt stor, så eg har tova den lett i vaskemaskina. No er den akkurat passe stor, tjukk og mjuk!

And the winner is…

…Marianne! Gratulerer. Då var årets bloggjulemesselotteri overstått ved hjelp av random.org. Får nesten litt prestasjonsangst av å tenke på at du kan gå strikkeplagga nærmare i sømmane, du som er så flink til å strikke sjølv…

I kveld tenkte eg å vise fram ein allereie godt brukt sak eg sydde etter at veslefrøkna kom til verda; ein sovepose. Fann fort ut at dette er eit must for å unngå at ho blir liggande kald utan dyne om natta, for ho er ei skikkelig sprellefrøken.

Lagde mønsteret sjølv ved å ta utgangspunkt i eit kjolemønster, og sydde den i dobbelt stoff. Trykknappar på midten laga med den vidunderlige knappepressa. (Det er fascinerande kor kjekt det er å kunne lage plasttrykknappar i saker og ting!)

Tantedress

Denne fine ulldressen har flinke tante Heidi laga. Den er mjuk og varm og heilt ypperlig å dra utanpå body og strømpis når veslefrøkna skal ut i vogna for å sove (Det kan lagast hol bak slik at det går an å bruke den i bilstol). Og så har den søte, prikkete knappar! Trur oppskrifta er frå boka “myk start” om nokon skulle få lyst til å lage ein slik. Vi kan anbefale den på det varmaste! Veldig kjekk gåve å få.

Tusen takk, Heidi! Vi gler oss til å feire jul med deg når du kjem heim frå Afrika!

PS: Det er fortsatt mogeleg å vere med i give awayen min (eller lotteriet som eg likar å kalle det) ved å skrive ein kommentar til forrige innlegg.

Bloggjulemesse med lotteri

Det begynner så smått å gå opp for meg at det ikkje er lenge til jul, og i den anledning har eg gått gjennom overskotslageret for å sjå etter potensielle julegåver. Og der var det mykje rart gitt! Veslefrøkna kjem aldri til å få bruk for alle baby- og barnetinga eg har liggande, og eg føler at tida er moden for å rydde plass til nye kreasjonar. Difor tenkte eg å legge ut for sal ein del av det eg har laga, så kan kanskje nokon andre få glede av det? Det blir nesten som ei lita julemesse i bloggformat.

Og alle julemesser med respekt for seg sjølv har lotteri. Eg har nyleg runda 100 000 (!) treff på bloggen sidan oppstart, og tenkte eg skulle feire det med ei loddtrekning. Premien er handlaga og kjem sjølvsagt frå overskotslageret. Prøvde å finne ein “gevinst” som var nokonlunde nøytral, og endte opp med dette:

Eit vintersett i naturkvit babyull med hue, smetteskjerf og vottar. Storleik 0-3 mnd. Dei fleste har vel bruk for ei barselgåve i blandt? Er du interessert så skriv ein kommentar til dette innlegget! Eg trekk vinnaren, samt ein trøystepremievinnar søndag 4. desember.

Så tilbake til overskotslageret. Ein del av tinga har du gjerne sett før dersom du har fulgt bloggen ei stund. Kanskje du finn noko du kan bruke som julepresang her? Send meg i so fall ein epost til heimelaga(alfakrøll)gmail.com

Babykjole laga av herlig retro sengetøy og nytt blått prikkestoff. Storleik 62. Grøne knappar på skuldrane, lyseblått fôrstoff i bærestykket. Pris 220,-

Rosa smekke med “monster” (tekstiltrykk). Sydd av stilig, eldre, ubrukt stoff med små kvite prikkar. Naturkvit bakside. Plasttrykknapp med monster på! Pris 80,-

Ribbebukse med lang brukstid, str 0-1 år. Strikka av finull, bør handvaskast. Løpegang for elastikk i livet (eg kan sette inn svart strikk om ønskeleg). Pris 150,-

Vattert lappeteppe som eignar seg som vognteppe/lite leiketeppe. Sydd av gjenbruksstoff samt eldre, ubrukte stoff. Baksida er einsfarga mellomblå. Måler 55 x 68 cm. Pris 250,-

Babysett i lyseblå babyull med hue, eit par snøresokkar og eit par tøflar med reim og knappar. Pris 180,-

Brun overall med kvite prikkar sydd av eit eldre, delvis syntetisk stoff. Kanta med bomullsribb. Metall-trykknappar midt foran. Str. 60. (Denne skulle eg gjerne brukt på veslefrøkna, men den var blitt for liten då eg tok den fram!) Pris 150,-

Blå og kvitstripete jakke str 0-3 mnd. Garnet er Viking milk&honey, dvs bomull blanda med mjølkefibrar (70/30). Det er supermjukt og perfekt for nyfødde.  Pris 200,-

Varme, mjuke babyboots (sko om du vil) str 3-6 mnd. Dobbel såle i ull + fleece, tå i ullfilt og fleece innerside. Strikk rundt ankelen og tre plasttrykknappar på yttersida av foten. Alle stoff unntatt fleecen er RePro-stoff. Pris 200,-

Babytøflar i ull med reim over ankelen og søt treknapp på yttersida av foten. Str 3-6 mnd. Pris 60,-

Dynetrekk str 60 x 80 (på biletet dandert oppå babydyna til veslefrøkna). Laga av bomullsstoff i solid kvalitet og fine fargar. Baksida på nr 1 (brun/grøn/blå) er brun med kvite blomar (retro). Baksida på nr 2 (gul/brun) er einsfarga naturkvit. Opning i nederste ende. Pris 180,-

Julegåveønske

Ein månad til julafta! På grunn av stor suksess føregåande år skriv eg også i år ønskeliste på bloggen. Denne er meint for særskilt interesserte, så er du berre hobbyblogglesar kan du berre klikke deg vidare…

Det verkar kanskje litt sjølvopptatt og materialistisk med ønskeliste, men det er jo både miljøvenleg og praktisk. Eg trur også at dei fleste som likar å gje vekk gåver synest det er kjekt å gje vekk noko som dei veit blir sett pris på!

  • Fine, praktiske handlenett som tek liten plass og rommar mykje
  • Bakeboka til Schakenda
  • Langrennski! Evt bidrag til dette formålet
  • Tjukk morgenkåpe (gjerne fleece)
  • Gåver til veldedige formål (geit, ku, ris – samma det, så lenge det går til noko bra!)
  • Heimelaga gåver av alle slag
  • te av typen grøn eller kvit, eller yogi-te
  • Garn, stoff, knappar og anna kjekt hobbystæsj
  • Muffinsformer i silikon, gjerne i fine fargar
  • Ulltøflar str 39 med solid sole, gjerne a la desse
  • Medium stor “salatbolle” med lokk som kan brukast både til servering og oppbevaring
  • Abonnement på Ottobre (symagasin), evt gåvekort på sydilla.no
  • Barnepass så eg og mannen kan gå på kino
  • Lange, svarte/koksgrå strikkestrømpar (gjerne litt “fine” så dei kan brukast til kjole/tunika)
  • Armband eller andre gåver som støttar humanitære formål

VESLEFRØKNA I HUSET SEIER AT HO BLIR GLAD FOR:

  1. masse oppmerksomhet (can´t get enough)
  2. litt kos (helst porsjonert)
  3. kjekke bøker med fine fargar (bør tåle slev og biting)
  4. ulldress frå janus, str 80 (sidan favoritten begynner å bli for liten)
  5. meir tv-tid (mamma er så streng!)
  6. deilige, mjuke klede som f.eks slike heildrakter (eller liknande, i str 80)
  7. noko å bite i (ein finger, ei hand, ein bitering – samma så lenge det går i munnen)
  8. leikar av tre (fordi dei er kule og fine)
  9. baggy, mjuk dongeribukse i str 74 (må jo halde på stilen)

Leiketeppe frå mormor

Vi har også fått ein del handlagde barselspresangar. Dette leiketeppet er det mamma/mormor som har sydd. Det er så fint! Deiligaste grønnfargen…og fine, barnslege figurar med gardsmotiv som ku, traktor og fugleskremsel.

På dette teppet har det blitt leika mykje dei siste månadane. Og når ein er liten og enno ikkje har oppnådd full kroppskontroll blir det også ein del plutseleg intimitet midt i leiken…

Her er det også rom for store tankar og viktige avgjersler. Her ser det ut som dei to luringane i bakgrunnen lurer på kva dei skal gjere med den søte snella som nærmar seg på sitt rullande vis.

Tusen takk for teppet mamma! Vi likar det veldig, veldig godt!

Neste side »


Ting som gjer meg glad:

Sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

More Photos

Besøkande

  • 105,163 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 16 other followers


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.