Archive for the 'Strikka babyteppe' Category

Tanteteppe

Eg har nettopp blitt tante til nok ein fin gut! Det er eit mirakel kvar gong eit nytt lite menneske ser dagens lys, og eg synest framleis at det er ganske ufatteleg korleis vi blir til. Denne nye vesle prinsen har ikkje fått navn endå, men han har fått  eit tanteteppe. Som eigentleg var ei bursdagsgåve til mora…For dei strikkeinteresserte kan eg fortelle at eg har valt å bruke pt5 (sport) som er relativt tjukt, slitesterkt og maskinvaskbart. Og beibisen har allereie klart å bæsje på det, så det er bra det toler litt hard bruk! Lagde rutemønster med to rette og to vrange, og så rett over rett og vrang over vrang neste omgang, før eg begynte på begynnelsen igjen. Rette kantmasker rundt heile teppet, som til slutt blei ganske så digert. Men mjukt og deilig. Fødselsdagsgåva til vesleguten kjem i eit seinare innlegg. Meir strikkagreier, ja.

Eg har vel ikkje vist fram desse før? Bestilte ein haug billige visittkort som eg festar til ting eg lagar og gir bort eller sel. Så slepp eg klippe og skrive for hand. Greit å henge ved ei forklaring på KLEM-navnet, og samtidig opplyse om kontaktinfo. På baksida brukar eg å skrive vaskeanvisning, som jo kan vere greit å få med.

Advertisements

Velkomstgåve til ny verdsborgar

Eit nytt menneske har sett dagens lys, og ein familie på tre har no blitt fire. Dette kvalifiserar til opptil fleire gåveoverrekkingar, men eg har visst gløymt å ta bilete av «mammagåva» og «storebrorpakken» (pappaen stakkar fekk ingenting). Men eg har faktisk klart å knipse eit bilde av den nye verdsborgaren ein dag gammal,  iført si nye, altfor trange «hiphophue» ala kreakris.

Hua vart sydd medan mammaen og pappaen var på føden og jobba med å få han ut. Då fekk eg det nemleg for meg at han måtte få ei hue som matcha joggebuksa eg allereie hadde sydd…Men hua må nok tilbake til systova for litt modifisering, for som du ser på biletet så trivdest han ikkje med denne trange saken på hovudet.

Og så fekk dei eit babyteppe i ull, strikka i rutemønster. Mjukt og godt og forhåpentligvis eit teppe som kan brukast masse.

Fargerike bølger

Ein gong i fjor sommar bestemte eg meg for å utvide strikkehorisonten, og tok til på dette teppet. Tenkte det var ein fin måte å lære meg noko nytt samtidig som eg kunne bruke opp restar av bomullsgarn eg hadde liggande.  Når eg først fekk taket på mønsteret var det igrunnen kjekt å strikke dette, for det gir ein slags tilfredsstillelse å sjå bølgene forme seg etter kvart som teppet veks.

Av forunderlege grunnar tenkte eg på ei spesiell venninne då eg holdt på med dette teppet, og oppi hodet vart det meir eller mindre bestemt at dette teppet måtte leggast på vent til ho ein dag blei mor. Lite visste eg då at ho akkurat hadde blitt gravid! No er teppet gitt vekk, og i følge mottakaren har ho lenge tenkt på å lage eit slikt teppe sjølv, men kom aldri i gang. Festlig! Om du har lyst til å kikke på oppskrifta er den tilgjengeleg for alle hos Pickles. Eit lite tips: om du strikkar laust, som meg, bør du ikkje bruke så stor pinne som i oppskrifta. Eg måtte rekke opp att og begynne på nytt med pinne 6 el. 7.

Sofakos

Her har du sofahjørnet mitt for tida. Fleire babyar er på gang rundt omkring, og eg har gått laus på eit babyteppe i rutemønster. Strikkar med Pt5 på min nye bambuspinne nr 4 (super julegåve!), og syns det blir mjukt, tjukt og deilig. Litt kjekt å strikke ruter på 2×2 masker, for mønsteret ser forbausande bra ut til tross for at det er superenkelt. Og så er det meir spennande å strikke dette enn det forrige babyteppe eg lagde som var rillestrikk…*gjesp*

Mens eg knipsa kom eg på at eg ikkje har tatt bilete av desse sofaputene før. Trur eg. Den fremste puta (på begge bileta) er heimesydd av gjenbruksstoff. Retropetro, akkurat som eg likar det. Dei andre putene er kjøpt for nesten ingenting på salg på kid. Berre innmaten ville kosta meir, om eg så gjekk på spar kjøp, og slike tilbod klarar ikkje denne jenta å gå forbi!


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,964 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers