Tlæt

20130814-211537.jpg

Såå glad kan ein bli for å vere heime igjen i gøymeteltet i lag med ein god ven…

Teltet er sydd av store bitar stoff frå lageret, og ser såpass hippie ut at mannen i huset syns det er heilt på grensa å ha det framme. Pytt sann.

Vognpose

IMG_0958

Sjølv om vinteren var lang i år er det faktisk ei stund sidan vi var nøydde til å finne eit alternativ til ull- og dunposen i barnevogna. Hadde lite lyst på ein pose med fleece innerst, slik mange har, så eg bestemte meg for å sy ein sjølv. Og resultatet ser du over; ein tynn pose med kraftig bomull på innsida (mot barnet) og fleece på utsida. Somme kallar det snøggelbøggel. Vi kallar det ugleposen🙂 Uglefleecen er eit teppe av litt lodden kvalitet, kjøpt for lenge sidan, med tanke på eit syprosjekt som ikkje blei noko av. Det lyse bomullsstoffet med bomber på er frå ein handel på S&S.

Inspirasjon/mønstermål har eg lånt herifrå, og justert til måla på vogna vår. I tillegg valde eg å bruke borrelås som festemekanisme på dei delane som møtast på midten når posen er lukka. Det ytterste laget er kun bretta frå fotenden og opp, og festa med ein trykknapp på kvar side. Når ein har fleire lag kan ein lettare justere varmen i vogna etter temperaturen ute. På litt kjølige vår- og sommardagar kneppar vi på fotposen frå Emmaljunga i tillegg.

IMG_0959

Heimesydd, praktisk, billig, stilig. Vel verd å bruke nokre hobbyromstimar på. Og om du nokon sinne kjem til å vurdere å sy noko liknande; det går fortare enn du trur!

Redesign

Redesign

Ein korterma, tynn sommarbluse i damestorleik har blitt til ein sval sommarkjole for ei lita frøken. Veldig kjekt å sy kle av gamle plagg som ikkje er i bruk! Og eg har ein koffert smekk full av potensielle prosjekt…

Hatten er forresten også sjølvsydd, men den har lege uferdig i ei skuff i fleire år fordi den blei mykje større enn planlagt…No funkar den heilt ok som solskjerming på det store, lille hovudet til 2åringen vår🙂

Lappeteppedåpsgåve

lappeteppegave

 

Eit lappeteppe gitt vekk til eit fadderbarn vi ikkje har helst på enno…sånn kan det gå når virus herjar og hindrar ein i å reise i barnedåp! Men håpet er at vesle Julian kan ligge på dette teppet og sjå på fargane og gjere seg tankar om livet. Sånne tankar som spedbarn har, som f.eks at det er kjekt å putte fingrane i munnen, spennande å få tak i tåa, supergøy når nokon kilar på magen og deilig å få kos…

Teppet er endå eit prosjekt der eg i starten har tenkt “Åh, så gøy det er å sy lappeteppe! Kvifor gjer eg ikkje dette oftare?”. For så, når fase to med foring og quilting dukkar opp, å tenke “Åh, eg hadde jo lovd meg sjølv å aldri sy lappeteppe igjen…” Så resultatet blei passe skrukkete og skeivt, men sannsynlegvis dugande som liggeunderlag for ein potensielt gulpande og slevande krabat. Og det toler mange rundar i vaskemaskina.

frå arkivet…

IMG_0788

Ei bukse som vart sydd for leeenge sidan, og som faktisk er blitt for lita allereie…men eg hentar den fram frå arkivet fordi eg innser at eg har glølymt å blogge den. Mønsteret og stoff er frå stoff og stil. Sydde den i mjuk babycord, og med ribb nederst i beina fordi det er fryktelig praktisk på småbarn. Buksa blei kul, men ingen favoritt fordi passformen gir for lite fleksibilitet. I alle fall viss du har kulemage og likar å klatre, springe og utforske!

IMG_0781

Bilbuksa

Bilde

Det blir fortsatt sydd litt i ny og ne, men det går treigt med blogginga. Til dei faste følgarane mine vil eg berre seie; eg har ingen opptrappingsplan. Eg bloggar når det fell meg inn, og det blir visst ikkje så ofte. Men det er kjekt om nokon har glede av å sjå kva eg lagar, og så syns eg det er fint å ha eit interaktivt “journalsystem” for kreasjonane mine🙂

Denne buksa sydde eg i fjor ein gong, og den har vore bruk i vel eit halvår. Veslefrøkna er tydeleg begeistra når ho skal ha den på og har naturleg nok døypt den “bilbuksa”. Den er sydd i velour med biltrykk, kjøpt frå ein dansk nettbutikk eg kom over på eit tidspunkt. Mønsteret til buksa fann eg i eit blad (Ottobre? Alt om håndarbeide?), men det var eigentleg meint å vere ei bukse i bomull, så eg har gjort nokre justeringar for at det skulle funke. Høgt liv og lang ribb på føtene gjer den litt spesiell, og god vidde rundt midten gjer den behageleg på. Trykknappepressa er fortsatt like kjekk å ha og trykknappar i barnekle er herlig praktisk og dekorativt. Just the way I like it!

Bilde

“Tole”

Denne luringen har fått seg ny kjole/tole i løpet av helga. Sydd utelukkande av gamle stoff som eg blir glad av å sjå på. Og ingenting er bedre enn å kle på veslefrøkna kle som ein blir i godt humør av! Eg tok utgangspunkt i eit mønster frå Ottobre, og gjorde litt eigne justeringar. Tenker det blir fleire kjolar i denne varianten, for den var både gøy å sy og ser morsom ut på. Og så fungerer den tydelegvis finfint til alle slags aktivitetar, både hestegynging, klatring, gøymsel og dansing!

2013-02-24


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 149,016 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 329 other followers