Vi har feira ettårsdag i helga, til stor glede for både liten og stor. Og sidan eg hadde lyst å lage noko litt morsomt og personlig til kakebordet valde eg å sveive i hop ein liten flokk uglekjeks (!). Veslefrøkna i huset har begynt å dele min fascinasjon for desse flygande skapningane, og eit av dei første orda ho begynte å bruke bevisst var «Uhu». Kjeksa fall i smak, og jubilanten skjønte fort at augene smakte ekstra godt, og sette i gang med å gnage av desse før ho kasta resten på golvet og ville ha ein ny…
Om du også har lyst å lage slike kan du gjere som eg og stele oppskrifta herifrå. (Okei, mine blei ikkje fullt så fine, men men…) Det var ikkje oppgitt korleis kjeksa skulle steikast, men eg brukte 180 grader i ca 10 minutt. Dessutan ønskte eg å lage mesteparten av kjeksa utan mandlar sidan det er meir barnevennleg og allergivennleg, så eg improviserte nebb av kjeksdeig med kakao. Ikkje fullt så stilig, men eg ofrar gjerne litt estetikk til fordel for ulukkesførebygging.
Siste innspel