Dette ser ut til å bli ein sånn dag då eg går rundt med mange idear, men uten å få gjort ein ting. Energinivået er nokre hakk under normalen, men det rettar seg sikkert snart. Eg tenkte at «om eg får laga eit blogginnlegg, så har eg iallefall gjort noko!»
Difor får du her servert eit middagstips. Riktignok eit tips eg sjølv har fått via TV, men dog verdt å dele med andre som ikkje fekk det med seg. Likar du laks, guacamole og hurtig middag? Gjer følgande: hakk ein laksefilet (pr person) i småbitar, bland med hakka purre el. anna løk, krydre etter hjartans lyst, kna saman til ein burger og steik på middels varm panne til den er gjennomstekt og lysrosa. Anrett på brødskive med guacamole (gjerne den enkle varianten: most avocado m/kvitløk), salat og det du måtte ha av pyntegrønsaker. Et og ver glad! Dette er sunn fastfood!
Siste innspel