Vi er så heldige å ha blitt inviterte i ikkje mindre enn 6 bryllup i år. Denne helga har vi vore i nummer to i rekka, og det var kjempekjekt! Ei god venninne har no fått sin drømmemann, og vi fekk delta i feiringa. God stemning, gode ord, god mat og gode folk. Etter ønske frå bruda knipsa eg litt ekstra denne dagen, og enda opp med ein del fine bilete. Etter nesten 3 år med speglreflekskamera har eg enno ikkje lært meg dei grunnleggande teknikkane, men eg er glad i å fotografere og sjå etter mogelege komposisjonar og artige augeblikk.
Eg hadde lyst til å gje ei litt annleis gave, og vidareutvikla ein ide basert på ei super gåve eg fekk til jul. Den innheldt eksotiske ingrediensar til mat som er litt annleis enn det vi brukar å lage. Eg sette veldig stor pris på denne gåva, og tenkte at andre også kanskje kunne like noko slikt. Dei fleste har vel periodar der dei blir litt «matleie» og ikkje har idear til kva ein kan lage for å endre dei trauste vanane. Så bryllupsgåva frå oss bestod av ei trekasse med variert innhald, frå curry paste, linser, sesamolje og fish sauce, til vin og kokebøker. Og så ville eg jo legge ved noko heimelaga. Ein signatur, på sett og vis. Det måtte bli grytelappar. (Som ein kuriositet kan eg nevne at dongeristoffet eg har brukt bakpå grytelappane er tatt frå favorittbuksa mi frå den tida eg budde i kollektiv sammen med bruda…morsom tilfeldighet!).
Siste innspel