Archive for the 'konkurransar' Category

Trekning i gledeslotteriet

 

Då har eg gjort ei uhøgtideleg trekning blant dei som la igjen kommentarar på forrige innlegg, og takka vere «True random number generator» på random.org var det nummer 4, Monica som stakk av med premien denne gangen. Gratulerer!!! Trøystepremien gjekk til nummer 16, som var Hedda, og ho skal få ein stoffpakke med diverse retro godbitar. Det må jo passe bra no når ho held på å innreie sitt nye hobbyrom!

(Bildet er lånt frå onlinelotteryinfo.com)

Jubel og glede!

Eg har så mange ting å vere glad for om dagen at eg tenkte å dele det med blogglesarane mine og arrangere ein liten give away. Viss du har lyst på eit skittentøysnett og ein mindre tøypose som kan vere praktiske å ha med på reise, så hiv deg på den glade bølga og skriv ein kommentar til innlegget. Eg trekk ein vinnar (og kanskje ein trøstepremie…) søndag kveld 27.februar.

Begge posane er laga utelukkande av gjenbruksstoff (gardiner), har snørelukking i toppen og er maskinvaskbare på 40 grader. På den vesle posen er det ei lita lomme med knapp. Og, ja, nok ein gong har eg publisert bilder av ting som burde hatt seg ein omgang med strykjernet først…

Og viss du undrar på kvifor eg er så glad så kjem det ei liste her i uprioritert rekkefølge:

  • eg har vore på mange veldig koselige besøk siste tida
  • mannen har pussa opp stova og eg er superfornøgd (bilder kjem etter kvart)
  • eg stod på eksamen
  • inni magen min bur det eit lite, nytt menneske som eg skal bli mamma til i sommar (!!)
  • vekependlartilværet er over og eg har flytta heim for å ha praksis
  • varmepumpe er installert og gjer huset passe varmt heile døgnet
  • dagane blir lengre og lysare og snart er det vår
  • eg har frihelg åleine heime, og kan sy og strikke så masse eg vil uten å tenke på studiet
  • vi har fått garasjeportåpnar så eg slepp å slite meg ut for å få opp/ned porten
  • det er mange snille folk rundt oss som gjerne vil låne bort babyutstyr
  • i skapet er det sjokolade…

Vinnar av bloggfesten

Random Integer Generator

Here are your random numbers:

3

Timestamp: 2010-03-18 22:08:32 UTC

Eg gjorde ei loddtrekning på høgteknologisk vis i går kveld, og bloggfestvinnaren er den som skreiv kommentar nr. 3 av 23, og det var Erna! Gratulerer! Denne gongen skulle gåva vere ei overrasking, fordi eg synest det er kjekt å kunne gje noko som eg trur mottakaren vil bli glad for. Ikkje alle har den samme smaken, og eg har lesarar i ulike aldrar og med ulike interesser. Eg veit ikkje så mykje om vinnaren denne gongen, men eg trur kanskje ein tøypose til strikke-/heklesaker kan vere av interesse? Dette er ein KLEM RePRo-pose, dvs at materialet er frå loft eller gjenbruksbutikk. Til og med knappen er gamal. Og snora i løpegangen er ei ubrukt skolisse.

Og til dei som gidd å lese alt eg skriv, kan eg berette at eg i dag har hatt ein god fridag. Har gjort reint i heimen, kjøpt bursdagsgåver (ja, det hender eg kjøper gåver også;), handla god mat, gjort eit kupp på gjenbruksbutikken (bilete kjem seinare), skaffa meg nye solbriller (optimistisk!) kjøpt tulipanar, bakt brød…og i ettermiddag skal eg på trening og så er det duka for avslappingshelg med hobbyaktivitet og Mannen som hovudfokus. Det kan jo ikkje så feil! God helg til deg også!

Bloggfest med bollar og brus

Eg har plutseleg passert 50 000 treff sidan starten, og er audmjuk og takknemleg for at det er såpass mange som følger med på kva som skjer på Hobbyrommet. I den store hobbyblogg-jungelen er det mykje inspirasjon å hente, og det gledar meg at somme synest tinga mine er verdt å ta ein kikk på. Dette vil eg gjerne feire med ein give-away. Er du interessert i å vere med i trekninga, så skriv du enkelt og greit ein kommentar til dette innlegget. Siste frist er torsdag 18.mars, og gåva blir ei overrasking!

No skal eg lage müsli…eller Krüsli – Kristinemüsli! Mmm…

Og vinnaren er…

……(trommevirvel….) HEIDI!

Har miksa sammen ein bunke gamle og nye stoff til deg. Ikkje akkurat matchande materiale du får i hende, men eg håpar du klarar å nyttegjere noko av det.

(Eg brukte internett-teknologien til trekking denne gongen; RandomNumber.org. Smart ting! Og det teite bildet fann eg ved eit enkelt google-søk…)

Forundringspakke og giveaway

kassen m det rare i

Eg har vore så heldig å få ein forundringspakke! Ei venninne har gitt meg denne fantastiske kassen fylt med både det eine og det andre. Silkestoff, ullundertrøye-stoff, lerret, handklestoff, trådsneller og masse flott bomullsstoff av god kvalitet. Tinga har tilhøyrt grandtanta hennar, som ikkje lever lenger. Ho var visst ei nevenyttig dame, og det er ingen tvil om at ho hadde orden i sysakene. Nede i kassen dukka det opp ei liste på ein lapp. Der hadde ho skrive ned kva som fantest i kassen, samt kva det skulle brukast til. Datert 27/12/1975. Eg tvilar på at eg kjem til å fullføre planane hennar, blandt anna hadde ho sett for seg at ho skulle sy ei sykkeldrakt, men eg skal iallefall gjere det beste ut av noko av dette flotte materialet!

Og i god pay-it-forward ånd har eg lyst til å dele litt av godene med mine syglade lesarar. Dersom du har lyst til å få ein forundringspakke med diverse stoff (både frå forundringskassen og mitt eige lager) skriv du det i ein kommentar til innlegget, så trekk eg ein vinnar den 22/10.

Lyst på eit nytt handlenett?

Eg har lenge tenkt at eg skulle ha ei markering då eg runda 20000 visningar på bloggen, men så blei det aldri noko av. No har eg bikka 25000 og syns at det er vel verd ei markering. Det er jo litt gøy med utlodding, så eg tenkte at eg skulle by på eit handlenett som takk til alle de som viser interesse for blogginga mi!

handlenett

Dette er sydd av eit kraftig bomullsstoff med trykk, samt ein gammal kjole som bestemora mi har hatt. Hankane er solide og posen er på størrelse med ein vanleg bærepose frå butikken. Men, som dei fleste no har fått med seg, fleirbrukshandlenett toler mykje meir når du fyller dei med varer og sparer naturen for unødvendig mykje plast. Har du eit par liggande i bilen og eit hengande på ein knagg i gangen, så venner du deg fort til å ta det med deg når du handlar. Dessutan – når du treng ein pose fordi du skal ta med deg noko frå A-B og du ikkje får plass i veska, så er det mykje kjekkare å ta putte det i eit handlenett enn i ein plastpose med reklame på!

På dette står det berre K*L*E*M, fordi Kristine Lagde dette Eigenhendig Med glede.

(Treng du likevel plastposar til søppelspannet får du kjøpt tynne, lett nedbrytbare posar i vanleg daglegvare. Dei er stort sett billegare enn plastposane med butikklogo på! Puh! Det var dagens propaganda.)

Har du lyst å vere med i trekkinga kan du skrive ein kommentar til innlegget innan 15.august, så kanskje det dukkar opp i postkassa di?


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 150,934 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers