Det begynner så smått å gå opp for meg at det ikkje er lenge til jul, og i den anledning har eg gått gjennom overskotslageret for å sjå etter potensielle julegåver. Og der var det mykje rart gitt! Veslefrøkna kjem aldri til å få bruk for alle baby- og barnetinga eg har liggande, og eg føler at tida er moden for å rydde plass til nye kreasjonar. Difor tenkte eg å legge ut for sal ein del av det eg har laga, så kan kanskje nokon andre få glede av det? Det blir nesten som ei lita julemesse i bloggformat.
Og alle julemesser med respekt for seg sjølv har lotteri. Eg har nyleg runda 100 000 (!) treff på bloggen sidan oppstart, og tenkte eg skulle feire det med ei loddtrekning. Premien er handlaga og kjem sjølvsagt frå overskotslageret. Prøvde å finne ein «gevinst» som var nokonlunde nøytral, og endte opp med dette:

Eit vintersett i naturkvit babyull med hue, smetteskjerf og vottar. Storleik 0-3 mnd. Dei fleste har vel bruk for ei barselgåve i blandt? Er du interessert så skriv ein kommentar til dette innlegget! Eg trekk vinnaren, samt ein trøystepremievinnar søndag 4. desember.
Så tilbake til overskotslageret. Ein del av tinga har du gjerne sett før dersom du har fulgt bloggen ei stund. Kanskje du finn noko du kan bruke som julepresang her? Send meg i so fall ein epost til heimelaga(alfakrøll)gmail.com

Babykjole laga av herlig retro sengetøy og nytt blått prikkestoff. Storleik 62. Grøne knappar på skuldrane, lyseblått fôrstoff i bærestykket. Pris 220,-


Rosa smekke med «monster» (tekstiltrykk). Sydd av stilig, eldre, ubrukt stoff med små kvite prikkar. Naturkvit bakside. Plasttrykknapp med monster på! Pris 80,-

Ribbebukse med lang brukstid, str 0-1 år. Strikka av finull, bør handvaskast. Løpegang for elastikk i livet (eg kan sette inn svart strikk om ønskeleg). Pris 150,-

Vattert lappeteppe som eignar seg som vognteppe/lite leiketeppe. Sydd av gjenbruksstoff samt eldre, ubrukte stoff. Baksida er einsfarga mellomblå. Måler 55 x 68 cm. Pris 250,-

Babysett i lyseblå babyull med hue, eit par snøresokkar og eit par tøflar med reim og knappar. Pris 180,-


Brun overall med kvite prikkar sydd av eit eldre, delvis syntetisk stoff. Kanta med bomullsribb. Metall-trykknappar midt foran. Str. 60. (Denne skulle eg gjerne brukt på veslefrøkna, men den var blitt for liten då eg tok den fram!) Pris 150,-

Blå og kvitstripete jakke str 0-3 mnd. Garnet er Viking milk&honey, dvs bomull blanda med mjølkefibrar (70/30). Det er supermjukt og perfekt for nyfødde. Pris 200,-

Varme, mjuke babyboots (sko om du vil) str 3-6 mnd. Dobbel såle i ull + fleece, tå i ullfilt og fleece innerside. Strikk rundt ankelen og tre plasttrykknappar på yttersida av foten. Alle stoff unntatt fleecen er RePro-stoff. Pris 200,-

Babytøflar i ull med reim over ankelen og søt treknapp på yttersida av foten. Str 3-6 mnd. Pris 60,-

Dynetrekk str 60 x 80 (på biletet dandert oppå babydyna til veslefrøkna). Laga av bomullsstoff i solid kvalitet og fine fargar. Baksida på nr 1 (brun/grøn/blå) er brun med kvite blomar (retro). Baksida på nr 2 (gul/brun) er einsfarga naturkvit. Opning i nederste ende. Pris 180,-

Siste innspel