Archive for the 'naturmateriale' Category

Konglekrans

Eg har endeleg gjort eit lite grep for å få inngangspartiet vårt litt koselegare. Eg la ikkje inn store innsatsen, men det vart iallefall hakket betre. Benken smiska eg meg til å få frå ma&pa. Dei hadde to slike gamle benkar frå eit lite stølshus vi hadde ein gong i tida. Lykta er ein av tinga som stod på fjorårets ønskeliste:) Konglekransen på døra har eg laga av greiner, kongler og ståltråd. Eg var visst heldig med timinga då eg tok bilete, for det har pøsregna sidan…

Det er ei viss fare for at det blir lite nyskapande formingsidear å hente på bloggen framover, då hobbytida stort sett går med til julegåveproduksjon som ikkje kan publiserast enno. Dessutan skal eg og mannen sprette ei julegåve i neste veke, då går turen til varmare strøk. Gledar meg!


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,204 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers