Archive for the 'Friluftsliv' Category

Ein forsmak på vinteren

stehoggestølen

Dette biletet er tatt denne veka. Plutseleg ein dag var det strålande sol frå klar himmel, etter 3 månaders samanhengande regnver over vestlandet. Dette måtte utnyttast! Eg og mannen var så heldige å ha fri begge to, og kledde oss for ein liten fjelltur. Vi rekna med å sjå litt snø på vegen, men hadde ikkje tatt høgde for at vi burde hatt gamasjar på!

den første snøen

Vi skjønte fort at vi ikkje kom til å nå målet (sjå biletet under) utan å bli temmeleg våte oppetter beina. Dessutan hadde vi ikkje gått der før, og å finne ein sti som ligg dekt med snø er ei vanskeleg oppgåve. Difor sette vi oss i solveggen ved ein koseleg støl, og drakk kakao og kaffi og nytte sola. Det blei meir ein tur for sjela enn for kroppen, men sollyset hadde ein energigivande verknad som eg håpar eg snart får oppleve igjen.

ein liten fjelltopp

Haust i fjellet

Eit glimt frå mine opplevingar denne helga. Deilig å ha tilgang på ei flott hytte i fantastiske omgjevnader. Særleg når veret er bra og haustfargane er på sitt vakraste. Har til og med vore sprek i dag, så no skal eg berre nyte søndagskvelden hos svigers, besøke bloggar og hente inspirasjon til eg kjem heim.

Mann i solnedgang

 

Fredag til laurdag låg eg i telt. Drog med meg mannen og veslesøs og fekk testa ut det nye 4-mannsteltet vårt. Som viste seg å vere passeleg for 3 vaksne personar som er glade i kvarandre. Og det er vi jo, så vi hadde det rett så triveleg. Fiska gjorde vi, men det vart lite fangst. Elles kan eg nevne yatzy, mat frå primus, blåbær, lesing og sjokolade. Slikt som høyrer turlivet til. Vi hadde med radio, så vi fekk til og med høyrt handballkampen der Noreg tok OL-gull. Eg tør å påstå at vi hadde ein finfin tur alle tre.

– Ser ikkje mannen harmonisk ut der han står i solnedgangen og får bedrive favorittaktiviteten?

På bærtur

Bokstaveleg talt. No er det bæra begynt å bli modne rundt omkring, og det har eg tenkt å nyte godt av. Søndag var eg på moltejakt, og klarte iallefall å plukke nok til å glede farmor. Med utsagnet «molte er det BESTE eg får!» la ho inn gode aksjar då eg fortalte at eg hadde tenkt å ta meg ein bærtur. Men i går var det blåbæra som stod i fokus då eg og M. brukte formiddagen ute i skog og mark. Bærplukking høver godt for multitasking (finst det noko godt nynorsk ord så tips meg gjerne!), vi fekk iallefall kombinert lett trim, frisk luft, skravling og matauk. Samt eksponeringsterapi dersom ein skulle vere litt redd for småkryp, slangar og spindelvev. Resultatet vart ca 7 liter bær, eller 2,8 kg om du vil. Dette skal no bli saft! Sidan vi er heilt grønne på dette området har vi konferert med svigermor, som er eksperten når det kjem til slike husmoroppgåver. Ho la inn oppskrift i kommentaren på forrige innlegg. Eg tek den med her også, i tilfelle du skulle bli inspirert til å prøve det samme:

Oppskrift på rå blåbærsaft!
3 kg.bær
3 liter vatn
5-6 kg.sukker
50 gr.vinsyre/sitronsyre
Bland UKNUSTE bær, vatn, sukker og vinsyre i eit stort kar.
Rør om til sukkeret er oppløyst. Lat dette stå kaldt(kjølerom ) i 14 dg.,rørast om ein gong pr.dag.
Silast opp, uten å presse/knuse bæra, haast på reine flasker.
Lykke til!

Eg er jo ein relativt utolmodig person, iallefall når det kjem til ting eg lagar, så 14 dagar for å vente på resultatet er litt i lengste laget for meg. Men den som ventar på noko godt…Fortsettelse følger!

 

Aktiv

Overskrifta er beskrivande for korleis den siste veka har vore. Dessverre har det vore null tid til kreative syslar, men det tek eg att når veret er labert. Det har gått i jobbing, nydeleg sommarver, hagearbeid, båttur, grilling, beising av veranda, rusleturar, grilling, besøk, grilling, nattevakter, tensing-konsert og no i helga ein kjempeflott, kjempelang fjelltur. Har vel aldri vore så mør i beina, og med god grunn. I lag med mannen gjekk eg 7 timar laurdag og nådde målet som var ei hytte eigd av DNT (turistforeninga). Veret var fantastisk og vi gjekk med lette sekkar, lite kle og masse solkrem. Vi tok til og med badepause i ei iiiskald elv i tillegg til dei obligatoriske drikke- og fotopausane, og framme ved hytta åt vi hermetikk og sjokolade. I dag var det overskya og halvvegs på turen kom regnet, så pausane vart mindre attraktive og vi kom oss våte tilbake til bilen i løpet av 5 timar. Eg er stolt og fornøgd over å ha tilbakelagt 17 km x 2 i kupert terreng og gler meg til meir turar i sommar! Her er nokre smakebitar frå turen:

 

 


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 150,934 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers