Archive for the 'Foto' Category

Lys

Det er så fint lys no om dagen! Fint ver og haustfargar. Perfekt for ein søndagstur med fotoapparatet i selskap med to kjekke søstre.

«Kan eg få barten til å henge?»

Ei elv i barndomens rike. Her har eg bada mang ein gang!

Deilige fargar!

Trestammar som denne fascinerar meg. Det ser jo nesten ut som kart!

Håpar du har tid til å nyte hausten der du er!

Advertisements

Ein smak av Lofoten

Ingen tvil om at Nordland har mykje fin natur!

Og mange fine fiskevær.

Museum og galleri på kvart eit nes er heller ikkje å forakte.

Her kom vi tilfeldigvis over ein artig garasjeloppis! Legg merke til skiltet «Tut i fløyta så kommer jeg!»

Kombinasjonen fineversskyer, sjø, svaberg, sand og grønt gras er nokså fin synest eg!

Kråkebollane dukka opp på dei merkelegaste plassane. Som naturen sin eigen dekorasjon på eit vis.

Vi låg to netter i Rorbu, og hadde finfin sjøutsikt både inne…

…og ute.

Ryktene om at det bit på kvart eit kast der nord var heilt klart ikkje berre rykter…

…og fisk bakt på bål er skikkelig bra greier!

Nyfrelste kajakkpadlarar fekk ønsket om Lofotpadling oppfylt!

Solbrillene fekk vi også bruk for.

Midnattssola kom som på bestilling den siste kvelden.

Jammen er vi heldige som bur i eit så fantastisk fint land! Norgesferie er heilt klart undervurdert.

Ein forsmak på vinteren

stehoggestølen

Dette biletet er tatt denne veka. Plutseleg ein dag var det strålande sol frå klar himmel, etter 3 månaders samanhengande regnver over vestlandet. Dette måtte utnyttast! Eg og mannen var så heldige å ha fri begge to, og kledde oss for ein liten fjelltur. Vi rekna med å sjå litt snø på vegen, men hadde ikkje tatt høgde for at vi burde hatt gamasjar på!

den første snøen

Vi skjønte fort at vi ikkje kom til å nå målet (sjå biletet under) utan å bli temmeleg våte oppetter beina. Dessutan hadde vi ikkje gått der før, og å finne ein sti som ligg dekt med snø er ei vanskeleg oppgåve. Difor sette vi oss i solveggen ved ein koseleg støl, og drakk kakao og kaffi og nytte sola. Det blei meir ein tur for sjela enn for kroppen, men sollyset hadde ein energigivande verknad som eg håpar eg snart får oppleve igjen.

ein liten fjelltopp

(No) Line on the horizon

horisont i skumring

Takk til min kjære mann for ei fantastisk bursdagsgåve! Nyleg feira vi bursdagen min på U2-konsert i Gøteborg, og stemninga var ubeskriveleg. Eg har aldri sett dei live før, men har drøymt om det lenge. Forventningane vart innfridde og meir til! Magnificent…

Før Sverigeturen besøkte vi tanta mi i østfold eit par dagar, og der fekk eg knipsa nokre skumringsbilete. Til tross for at østfold manglar noko vesentleg i naturbiletet (les:fjell), så er det til tider vakkert der også…

(Og til dei som er redd for at eg frå no av skal vise alle bileta mine i fotomontasjar – det er nok berre ei fase eg må gjennom:)

Bryllupstid, gåvetid

M + J

Vi er så heldige å ha blitt inviterte i ikkje mindre enn 6 bryllup i år. Denne helga har vi vore i nummer to i rekka, og det var kjempekjekt! Ei god venninne har no fått sin drømmemann, og vi fekk delta i feiringa. God stemning, gode ord, god mat og gode folk. Etter ønske frå bruda knipsa eg litt ekstra denne dagen, og enda opp med ein del fine bilete. Etter nesten 3 år med speglreflekskamera har eg enno ikkje lært meg dei grunnleggande teknikkane, men eg er glad i å fotografere og sjå etter  mogelege komposisjonar og artige augeblikk.

M brud

Eg hadde lyst til å gje ei litt annleis gave, og vidareutvikla ein ide basert på ei super gåve eg fekk til jul. Den innheldt eksotiske ingrediensar til mat som er litt annleis enn det vi brukar å lage. Eg sette veldig stor pris på denne gåva, og tenkte at andre også kanskje kunne like noko slikt. Dei fleste har vel periodar der dei blir litt «matleie» og ikkje har idear til kva ein kan lage for å endre dei trauste vanane. Så bryllupsgåva frå oss bestod av ei trekasse med variert innhald, frå curry paste, linser, sesamolje og fish sauce, til vin og kokebøker. Og så ville eg jo legge ved noko heimelaga. Ein signatur, på sett og vis. Det måtte bli grytelappar. (Som ein kuriositet kan eg nevne at dongeristoffet eg har brukt bakpå grytelappane er tatt frå favorittbuksa mi frå den tida eg budde i kollektiv sammen med bruda…morsom tilfeldighet!).

kassenmeddetrarei

M + J grytelappar

Bursdag!!!

Min fantastisk søte nevø fyller 1 år og i helga hadde eg gleden av å arrangere bursdagskalas sammen med dei to andre tantene. Det blei sjølvsagt kaker, bollar, brus og sugerør, ballongar, gavedryss og maaaasse fotografering. Her er eit par knips:

– Moro med farfar!

«Tittei! Ser du at eg har fått blåveis i dag, eller?»

Haust i fjellet

Eit glimt frå mine opplevingar denne helga. Deilig å ha tilgang på ei flott hytte i fantastiske omgjevnader. Særleg når veret er bra og haustfargane er på sitt vakraste. Har til og med vore sprek i dag, så no skal eg berre nyte søndagskvelden hos svigers, besøke bloggar og hente inspirasjon til eg kjem heim.


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,542 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers