Det passar vel fint med litt sol og varme no i desember??
Det er så kjekt å få positive tilbakemeldingar på det eg lagar, og særleg når eg får bildebevis! Her er to Oslofrøkner på ferietur i Frankrike, iført kvar sin RePro-kjole. For eit herleg bilde!!! Takk, M for at eg veit at du tillet å publisering av bildet utan at eg spør 😉
Archive Page 2
2.søndag i advent, og to veker att til jul. Tida flyr! Men vi har så smått begynt å få litt julestemning i huset. Pepperkakehuset blei laga forrige helg, og står og spreiar godlukt i stova. Kvisten over vedomnen har fått litt julepynt, og på kjøkkengardina heng det eit pepperkakehjerte. Den flotte lerkekvisten i kjøkkenglaset skal nok også få litt pynt etter kvart, sjølv om den er ganske fin å sjå på som den er.
Ellers har det blitt strikka og sydd litt julegåver i år også, men i mindre utstrekning enn tidlegare år. Veslefrøkna som går rundt her og bablar er veldig underhaldande og ganske travel, så det blir ikkje store kreative krumspring når kvelden sig på. Då er det godt å synke ned i sofaen med ein kopp te og kanskje eit strikketøy, og hente inspirasjon frå Pinterest til framtidige prosjekt. Som eg skal iverksette ein vakker dag når skapartrangen melder seg…
Eg har fått nokre førespurnader om kva eg/vi ønskar oss til jul, og bestemte meg for å skrive ei liste her, tradisjonen tru.
Eg blir alltid glad for:
- heimelaga ting
- ull og kle som varmar. Gjerne tynn kvardagsull som kan brukast under vanlege klede, dvs genser/singlet som er litt utringa i halsen
- gåvekort på klebutikkar
- handkrem
- god te
- kinobillettar eller restaurantbesøk
- barnepass
- pengegåver til gode formål
Mannen ønskar seg:
- Hendig drill med to batteri
- Støvsugar til garasje/bil
- Krimbøker
- Gåvekort på sportutstyr
- BluRay-filmar
- Apple-TV
- Mokkabønner
- Tjukkelestar
- T-skjorte
- Lommelykt
- Boresett
Hussttanden ønskar seg:
- tekanne med tesil, feks frå Eva Solo eller menu
- ispinneformer, gjerne Tupperware
- gode hagehanskar
Veslefrøkna si ønskeliste:
- bøker
- puslespel i tre med knottar på
- ull og andre basic-kle i str 92
- buff/hals
- leikekjøkkenutstyr
- badeand
- bilar
Det har blitt nokre posar av denne sorten etter kvart. Her er ein som vart sydd på bestilling for evighetar sidan. To søsken skulle få kvar sin pose med ulike fargar, og med forbokstaven på framsida. Syns den store S’en gjorde heile posen. Men fargekomboen kunne vore betre. Uansett; kjekt at å få bestilling på sånne kjappe prosjekt.
Mitt lille gull i min gamle cordfløyelkjole. Det er kjekt når det dukkar opp arvegods eg ikkje visste fantest, og særlig når det er ein så kul kjole. Dei raude naglane på lommene er ein finfin detalj. Kjolen var riktignok ikkje heilt bra i fasongen då den vart henta fram frå loftet, men etter ein liten svipptur innom hobbyrommet blei den brukbar.
Denne veka har eg fått sylysta tilbake, og no er det redesign det går i. Du skal ikkje sjå bort i frå at det kjem eit og anna innlegg om dette i løpet av sommaren. Og mens andre brenner bål og feirer jonsok har eg tenkt å kose meg på hobbyrommet i kveld. God midtsommar til deg!
Vi har feira ettårsdag i helga, til stor glede for både liten og stor. Og sidan eg hadde lyst å lage noko litt morsomt og personlig til kakebordet valde eg å sveive i hop ein liten flokk uglekjeks (!). Veslefrøkna i huset har begynt å dele min fascinasjon for desse flygande skapningane, og eit av dei første orda ho begynte å bruke bevisst var «Uhu». Kjeksa fall i smak, og jubilanten skjønte fort at augene smakte ekstra godt, og sette i gang med å gnage av desse før ho kasta resten på golvet og ville ha ein ny…
Om du også har lyst å lage slike kan du gjere som eg og stele oppskrifta herifrå. (Okei, mine blei ikkje fullt så fine, men men…) Det var ikkje oppgitt korleis kjeksa skulle steikast, men eg brukte 180 grader i ca 10 minutt. Dessutan ønskte eg å lage mesteparten av kjeksa utan mandlar sidan det er meir barnevennleg og allergivennleg, så eg improviserte nebb av kjeksdeig med kakao. Ikkje fullt så stilig, men eg ofrar gjerne litt estetikk til fordel for ulukkesførebygging.
Inspirert av amerikanske husmødre på pinterest har eg laga ei tavle der vi kan planlegge middagar for ei veke om gongen. Vi likar å gjere innkjøp ein gong i veka, og då passar det godt å ha ein slik oversikt. Papirkorta har eg laga i word og printa på litt kraftig papir. Sjølve tavla er ei ramme eg hadde liggande som har fått seg litt maling. Resten av utstyret var også ting eg fann på hobbyrommet. Godt å få brukt opp litt saker og ting i blandt!
Siste innspel