Eg har nettopp blitt tante til nok ein fin gut! Det er eit mirakel kvar gong eit nytt lite menneske ser dagens lys, og eg synest framleis at det er ganske ufatteleg korleis vi blir til. Denne nye vesle prinsen har ikkje fått navn endå, men han har fått eit tanteteppe. Som eigentleg var ei bursdagsgåve til mora…For dei strikkeinteresserte kan eg fortelle at eg har valt å bruke pt5 (sport) som er relativt tjukt, slitesterkt og maskinvaskbart. Og beibisen har allereie klart å bæsje på det, så det er bra det toler litt hard bruk! Lagde rutemønster med to rette og to vrange, og så rett over rett og vrang over vrang neste omgang, før eg begynte på begynnelsen igjen. Rette kantmasker rundt heile teppet, som til slutt blei ganske så digert. Men mjukt og deilig. Fødselsdagsgåva til vesleguten kjem i eit seinare innlegg. Meir strikkagreier, ja.
Eg har vel ikkje vist fram desse før? Bestilte ein haug billige visittkort som eg festar til ting eg lagar og gir bort eller sel. Så slepp eg klippe og skrive for hand. Greit å henge ved ei forklaring på KLEM-navnet, og samtidig opplyse om kontaktinfo. På baksida brukar eg å skrive vaskeanvisning, som jo kan vere greit å få med.
Fint teppe – ser ordentlig mykt og godt ut 🙂
Kjempefint teppe! Jeg har strikket et lignende i gave til en liten gutt, og det ble brukt kjempelenge 🙂
So mykje fint du lagar 🙂 Blei veldig inspirert av det du syr, kanskje eg må til å skaffe meg ei symaskin! Strikkar ein del sjølv 🙂
Utrolig flott teppe!! Har du oppskrift på denne? 🙂