No har eg hive meg på ein runde med Pay it forward. Dette er jo noko som dukkar opp i blogglandia med jamne mellomrom, og eg har fleire gongar tenkt eg skulle hive meg på. No meldte eg meg på via Hjemmelagd, og kan glede meg til det dukkar opp noko i postkassa mi i løpet av dei neste 365 dagane. Reglane for dei som deltek er som følgande:
- Du må ha eigen blogg slik at du kan dele bodskapen
- Du skal ha lysta til å glede andre
- Du skal sende avgarde dine 3 gåver innan 365 dagar
Er du som meg, så likar du godt å få ting i postkassa di. Har du blogg i tillegg, så er det berre å hive seg på! Å fikse tre gåver i løpet av eit år høyrest ut som ei enkel og triveleg utfordring. Det kan jo vere heimelaga ting, eller ein kan prøve å finne noko som ein trur kan falle i smak hos mottakaren. Det bestemmer ein heilt sjølv, og det er ingen reglar for kor stor eller kor lita gåva skal vere. Er du med? Skriv i så fall ein kommentar til dette innlegget.
Siste innspel