Kreakris er eit forferdeleg namn, men kva skal ein no kalle seg?
Dette er meg i korte trekk: gift med Mannen, mor til veslefrøkna, sjukepleiar, Sunnfjording, har-trang-til-å-skape, interiørinteressert, heimekjær, fotoglad, samt friluftsmenneske i den lyse årstida. For tida trivast eg best når livet går ikkje så altfor fort, slik at eg får tid til å klippe, lime, sy, bake, strikke, male, lime og hekle. Og blogge litt. Men handarbeidet går foran blogginga, derfor finn du lite «eyecandy» og godt redigerte foto i mine blogginnlegg. Eg er oppteken av gjenbruk og god miljøtankegang, og materiala mine er gjerne bruktfunn eller arvegods.
Kontakt meg gjerne: heimelaga(alfakrøll)gmail.com
Siste innspel