I mai vart minstesøstra konfirmert, og som i fjor lagde eg album i gåve. Med mange fine bilder å velge mellom var det berre kos å scrappe 40 sider med denne jenta som motiv. Eg likar å gjere sidene enkle, men likevel ikkje for simple. Og i forsøk på å vere ein bevisst forbrukar valde eg å ta utgangspunkt i materiale eg allereie hadde, og ikkje gå bananas på nettbutikkar som sel all verdens fristelsar til scrapbooketusiastar. Dette gjorde kanskje albumet litt rotete og uharmonisk, men eg synest ikkje det gjer noko om ikkje alt matchar og ser superfancy ut.
Når ein rotar i gamle papirfoto og samanliknar kvaliteten med dagens digitale bilder, er det lett å glede seg over dei teknologiske framstega vi har vore vitne til dei siste åra…
Fine fjes??? Frå Londonferien i fjor. Mykje moro!
Siste innspel