Archive for the 'hekling' Category

Hekletrening

Hekla rangle

Denne vesle saken vart til etter at eg fordjupa meg i den nye boka til skaparen bak Nøstebarn. Boka «Brukt på nytt» av Kathrine Gregersen låg under juletreet i fjor, og eg er blitt glad i den allereie. Gjenbruksidear, kjappe hobbyprosjekt og fine foto er ingrediensar eg likar. Ho har ikkje funne opp kruttet med denne boka, men der er tilstrekkeleg med tips og bilete til å la seg inspirere. For meg som ikkje er så flink med heklenåla, var der fine småprosjekt eg kan øve meg på. Som denne rangla laga av restegarn i bomull. Hovudet er hekla rundt ein liten plastboks, ala kinderegg, og inni ligg der ei bjelle. Smart! Det tok nesten ein liten evighet å gjere den ferdig, men kanskje det går litt kjappare neste gong?

Advertisements

Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,964 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers