Archive for the 'Ut på tur' Category

Lys

Det er så fint lys no om dagen! Fint ver og haustfargar. Perfekt for ein søndagstur med fotoapparatet i selskap med to kjekke søstre.

«Kan eg få barten til å henge?»

Ei elv i barndomens rike. Her har eg bada mang ein gang!

Deilige fargar!

Trestammar som denne fascinerar meg. Det ser jo nesten ut som kart!

Håpar du har tid til å nyte hausten der du er!

Advertisements

Ein smak av Lofoten

Ingen tvil om at Nordland har mykje fin natur!

Og mange fine fiskevær.

Museum og galleri på kvart eit nes er heller ikkje å forakte.

Her kom vi tilfeldigvis over ein artig garasjeloppis! Legg merke til skiltet «Tut i fløyta så kommer jeg!»

Kombinasjonen fineversskyer, sjø, svaberg, sand og grønt gras er nokså fin synest eg!

Kråkebollane dukka opp på dei merkelegaste plassane. Som naturen sin eigen dekorasjon på eit vis.

Vi låg to netter i Rorbu, og hadde finfin sjøutsikt både inne…

…og ute.

Ryktene om at det bit på kvart eit kast der nord var heilt klart ikkje berre rykter…

…og fisk bakt på bål er skikkelig bra greier!

Nyfrelste kajakkpadlarar fekk ønsket om Lofotpadling oppfylt!

Solbrillene fekk vi også bruk for.

Midnattssola kom som på bestilling den siste kvelden.

Jammen er vi heldige som bur i eit så fantastisk fint land! Norgesferie er heilt klart undervurdert.

Mi påske

Eg hadde tre dagar påskefri i år og dei blei brukte til å nyte livet i desse omgjevnadane. Kombinasjonen hytteliv, sol, store mengder sjokolade, bygging av snøborg, brettspel, yatzy, lesing og strikking… treng eg sei at det vart ei deilig helg? Den gjekk berre så altfor fort.

Om nokon av de som kikkar innom ikkje kjenner Sunnmørsfjella, så kan eg ikkje anna enn å seie at JA – dei er fantastisk vakre. Minst like flotte som på bileta!

Ein forsmak på vinteren

stehoggestølen

Dette biletet er tatt denne veka. Plutseleg ein dag var det strålande sol frå klar himmel, etter 3 månaders samanhengande regnver over vestlandet. Dette måtte utnyttast! Eg og mannen var så heldige å ha fri begge to, og kledde oss for ein liten fjelltur. Vi rekna med å sjå litt snø på vegen, men hadde ikkje tatt høgde for at vi burde hatt gamasjar på!

den første snøen

Vi skjønte fort at vi ikkje kom til å nå målet (sjå biletet under) utan å bli temmeleg våte oppetter beina. Dessutan hadde vi ikkje gått der før, og å finne ein sti som ligg dekt med snø er ei vanskeleg oppgåve. Difor sette vi oss i solveggen ved ein koseleg støl, og drakk kakao og kaffi og nytte sola. Det blei meir ein tur for sjela enn for kroppen, men sollyset hadde ein energigivande verknad som eg håpar eg snart får oppleve igjen.

ein liten fjelltopp

(No) Line on the horizon

horisont i skumring

Takk til min kjære mann for ei fantastisk bursdagsgåve! Nyleg feira vi bursdagen min på U2-konsert i Gøteborg, og stemninga var ubeskriveleg. Eg har aldri sett dei live før, men har drøymt om det lenge. Forventningane vart innfridde og meir til! Magnificent…

Før Sverigeturen besøkte vi tanta mi i østfold eit par dagar, og der fekk eg knipsa nokre skumringsbilete. Til tross for at østfold manglar noko vesentleg i naturbiletet (les:fjell), så er det til tider vakkert der også…

(Og til dei som er redd for at eg frå no av skal vise alle bileta mine i fotomontasjar – det er nok berre ei fase eg må gjennom:)

Barcelona

Maskestatue

Heime igjen frå ferietur i Barcelona, og har nettopp lagt inn maaasse bilder på datamaskina. Hatt det supert, og synest vi fekk sett og gjort masse kjekt. Om du likar å reise og ikkje har vore der enno: byen kan anbefalast! Trur vi var heldige med årstida også, både klimamessig og sett i forhold til at det var relativt lite turistar der no (men likevel mange nok!). Dessutan fekk vi oppleve å vere i byen då Barcelona stakk av med seieren i Champions League – noko vi neppe kjem til å gløyme med det første. Eg er ingen fotballsupporter, men det er tydeleg at veldig mange andre er det! Det var ei vanvittig stemning i sentrum både under kampen, etter seieren var eit faktum, samt dagen etter, då spelarane kom tilbake og vart hylla som heltar med lang parademarsj og greier. Spesielt.

Barcelona - Man U

La Pedrera

Taket La Pedrera

 

La Pedrera er eit av Gaudi sine mest kjente verdslege bygg, med ein skulpturpark på taket. Fascinerande. Ein får dessutan god utsikt over delar av byen, som f.eks mot  den vanvittige katedralen Sagrada Familia som ein kan skimte i horisonten på biletet over. Biletet under er teken nedover spiraltrappa vi gjekk for å komme ned frå eit av tårna i Sagrada Familia. Ein svimlande tur.

IMG_6053

Park Güell øglefontene

Park Güell er også Gaudi sitt verk, og var kanskje ikkje fullt så imponerande som forventa. Men mosaikken han har brukt er jo definitivt dekorativ, både på bygningar (under) og skulpturar (over).

Park Güell inngangsparti

Som gode turistar måtte vi jo innom den enorme ferskvaremarknaden ved La Rambla for å inspisere litt. Er litt småskeptisk til å handle på slike stader, i frykt for å få i meg basilluskar som magen ikkje toler, men fruktsalaten vart fordøyd på eksemplarisk vis. God var den og.

Fruktdisk

Fekk du lyst til å reise på ferietur no? Vi har allereie booka neste storbytur:) Enn so lenge får vi nyte sola som skin så fint her heime, og nyte kvardagane med det dei måtte by på.

Ferie og tapas

Eg har ferie! No går turen til Barcelona og eg gler meg veldig! Min kjære og eg skal kose oss som turistar i varmare strøk i ei lita veke, og forhåpentligvis oppleve masse kjekt. Stikkord: spennande arkitektur, tapas og vin, strandpromenade, shopping, kunstmuseum, folkeliv…Dette må jo berre bli deilig!

Som den tapaselskande personen eg er har eg forsøkt meg på heimelaga variantar nokre gongar i vår. Resultatet har utelukkande vore bra! Her er eit bilete av buffeten som vart laga då eg var med og arrangerte utdrikkingslag for nokre veker sidan:

tapasbord

Her var det mykje godt å velge mellom, og tilbakemeldingane var til å bli stolte av. Team-tapas var godt fornøgde med seg sjølve etter denne kvelden:). Eg er dessutan veldig glad for at eg fekk stifte nærare bekjentskap med hummusdip den helga (og den påfølgande veka då restane frå den  tredoble porsjonen stod i kjøleskapet mitt og frista). Så enkelt å lage og så godt! Dessutan veldig sunt. Supert som dip til grønsaker, tortillachips, kjeks, brød. Eller som «smør» på brød under kjøttpålegg. Eg brukte det til og med tom tilbehør til fiskepinnar og potetstappe! Som venninna mi (og hummus-inspiratoren) sa: «Hummus er den nye poteta!». Om du ser på biletet over så er hummusen i den artige skåla med lilla, grå og svarte prikkar. Er du redd for å lukte kvitløk, bør du halde deg langt unna, men her er ei oppskrift til dei som vil prøve:

HUMMUSOPPSKRIFT

  • 1 boks hermetiske kikerter à 240 g
  • Saften av 1 stk liten sitron
  • 2 båt hvitløk
  • ½ ts salt
  • ½ dl olje
  • 2 stilk bladpersille

Slik gjør du:

1. Ha kikertene i en foodprocessor sammen med ferskpresset sitronsaft, hvitløk, salt og olje.

2. Tilsett persille helt på slutten så ikke massen blir lysegrønn. Hummusen skal ha en myk konsistens og den serveres ofte på en flat tallerken.


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,542 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers