Archive for the 'Arvegods' Category

Sydd i hine hårde dagar

Dette skiltet sydde eg til farmor for ein del år tilbake. Eg kan hugse at eg var veldig fornøgd då eg hadde laga det, så det må vere nokre år sidan. Eg fann ideen i ei bok, og gjorde nokre personlege vriar. Tekstiltusjbokstavar har lenge vore ein del av mitt repertoar…Om du studerer detaljane så er faktisk dorullen laga av ein bitteliten trebit og ståltråd, under det påsydde toalettpapiret! No er skiltet blitt mitt igjen ettersom farmor ikkje treng doskilt i himmelen. Om eg kjem til å ha det hengande framme er heller tvilsamt. Har prøvd ein periode, men det glir liksom ikkje inn. Det havnar enn so lenge i «ting-frå-farmor-kassen».

Det er heller liten hobbyproduksjon i heimen for tida, men desto meir oppussing. Hobbyrommet er overfylt med midlertidig plasserte møblar og klede, men det nærmar seg ein ende for entrêprosjektet. Og det blir veldig bra! God helg til alle sammen!

Litt kjøkkenprat

kjøkkenhylle

Eit lite innblikk i kjøkkenet vårt. På veggen har vi ei gamal teakhylle funne på bruktbutikken, fylt med gamle bilete, muggar og glas. Skiltet på veggen seier «I’m not bossy – I just have better ideas». Eg kjende meg igjen i teksten, og måtte berre ha det…Til venstre kan du skimte trådlampa eg lagde for nokre månader sidan. Den er original, og eg har ikkje blitt lei enno. Men det kjem vel til det punktet før eller seinare, som med så mykje anna eg lagar sjølv.

kjøkkenstol

Som du nok har skjønt likar vi å mikse gamalt og nytt. Den høge stolen (bildet kappar beina veldig) har eg  blogga før. Den tilhøyrde bestemora mi, som hadde den på sitt kjøkken. Deretter havna den hos tante, for så å bli min. Eg brukar den ikkje så ofte, men eg likar den så godt! Berre så synd at dei to trinna som opprinneleg høyrde med ikkje lenger er der.

kjøkkenklokke

Klokka er nok eit bruktfunn, til den nette sum av 30 kroner! Opprinneleg var det ei opptrekksklokke som hadde slutta å fungere. Etter å ha dratt vekk urverket (for eit makkverk av tannhjul og spolar!!) og sett inn eit kvartsverk frå clas ohlson fungerar den no utmerka. Men døgnet har fortsatt berre 24 timar.

Forundringspakke og giveaway

kassen m det rare i

Eg har vore så heldig å få ein forundringspakke! Ei venninne har gitt meg denne fantastiske kassen fylt med både det eine og det andre. Silkestoff, ullundertrøye-stoff, lerret, handklestoff, trådsneller og masse flott bomullsstoff av god kvalitet. Tinga har tilhøyrt grandtanta hennar, som ikkje lever lenger. Ho var visst ei nevenyttig dame, og det er ingen tvil om at ho hadde orden i sysakene. Nede i kassen dukka det opp ei liste på ein lapp. Der hadde ho skrive ned kva som fantest i kassen, samt kva det skulle brukast til. Datert 27/12/1975. Eg tvilar på at eg kjem til å fullføre planane hennar, blandt anna hadde ho sett for seg at ho skulle sy ei sykkeldrakt, men eg skal iallefall gjere det beste ut av noko av dette flotte materialet!

Og i god pay-it-forward ånd har eg lyst til å dele litt av godene med mine syglade lesarar. Dersom du har lyst til å få ein forundringspakke med diverse stoff (både frå forundringskassen og mitt eige lager) skriv du det i ein kommentar til innlegget, så trekk eg ein vinnar den 22/10.

Arvegods

påfuglsett

påfuglkoppar

Eg mista mi kjære farmor for nokre veker sidan. Det var trist og vondt, men ein del av livets gang. Ho var sprek til det siste, og blei 92 år. Eg er glad for å ha litt av dei genane! Farmor var ei kul dame med stil, noko som viste igjen både i klesveien og i heimen. I dag vil eg vise fram nokre av dei tinga eg har vore heldig å arve, og som har fått hedersplass i skapet. Dette skal takast vare på, og ein del av det blir nok sjeldan tatt i bruk. Men det er kjekt å ha fine arvestykke! Det øverste settet er i fint porselen med påfuglmønster. Eg fekk 6 koppar m/skål til jul av farmor, og no arva eg resten av settet. Det har så fint mønster!

moccakoppar

Desse porselenskoppane er belagde med ekte gull, og kan definitivt passe til kaffidrikkarmannen min sin beskrivelse av små kaffikoppar: fingerbøl!

farmorfat

Dette er eit skikkeleg farmorfat, og kan godt havne på bordet med småkaker på ved fine anledningar.

retrofarmor

Skikkeleg 70-tals retrostil på både duken og fatet her. Mamma meinte dette var meg, og difor vart eg den heldige eigar! Serveringsfatet er ein del av ein serie der eg også har fått 10 frukosttallerkar, 2 koppar, 6 tefat, fløytemugge og 6 eggeglas. Litt ukurant å skulle dekke på til mange med andre ord, men kanskje det dukkar opp fleire koppar etter kvart?

Eg har også overtatt mykje stilige klede, som eg har planar om å fikse litt på og ta i bruk etter kvart. Eg er glad farmor sjølv fekk sett den kule tunikaen eg lagde av den gamle kjolen hennar i sommar. Ho hadde sansen for redesign! Håpar eg klarar å nytte alt det fine eg har fått i hende.

Retrokjole i superfarge

Eg har visst nevnt for lenge sidan at eg fekk i hende ein stilig gamal kjole frå svigerslekta. Den vart fiksa på i sommar, men har ikkje blitt fotografert før eg var på sjukepleieklassetreff forrige helg. Der hausta den lovord, og eg må seie eg trivast godt i den sjølv. Opprinneleg hadde kjolen 3/4 ermar, og 8 små knappar fordelt på to rader på magen. Desse er no blitt fjerna. Fargen på kjolen kan jo ikkje bli meir meg, og etter eg sydde den inn littegrann sit den som eit skudd. Stoffet og fasongen er herleg 60-tals, men det er likevel ein kjempekul kjole i 2009. Takk til Heidi som redda kjolen frå ei farefull framtid i ein garasje, og tusen takk svigermor for at du tenkte at denne kunne vere interessant for meg!

Petrakjolen

 

Petrakjolen nær

På det nederste biletet ser du stoffet på nært hald. Nokon som veit kva ein kallar denne typen stoff? Det er litt tjukt, og det lysaste er glansfullt, mens krusedullane er litt utheva og matte. Eg syns det er eit kongestoff!

Spisebord og lenestol i ny drakt

Petrastolen 1

Sjølvgjort er velgjort! Denne gamle stolen har vi arva frå ei gamal tante på Sunnmøre. Vi syntest den var god å sitte i, men noko kjedeleg i sitt opprinnelege grøne ullstoff. No har den endeleg fått nytt liv, bokstaveleg tala når ein ser på mønsteret i det nye, kraftige stoffet. Mannen har skrudd, eg har sydd, sammen har vi stifta -og vips, så var stolen så god som ny! Har vurdert å pusse treverket og gje det ein ny farge, men det blir nok ikkje i år…(Fargane lyg litt. Armlena er ikkje såå orange!) Stoffet er kjøpt på Åhlens, for den som måtte lure.

Petrastolen 2

spisebordet

Spisebordet vårt er eit resultat av mine foreldre sitt behov for å kjøpe ting dei kjem over som dei oppfattar som «eit kupp». Det er eit solid furubord funne på eit lagersal, og enda hos oss då vi trengte det. Veldig greit for oss, som hadde mange heilt greie stolar og ikkje hadde lyst til å bruke masse pengar på spisebord. No er eg hakket mindre glad i furu enn foreldrene mine, og eg har lenge hatt eit ønske om å gjere noko med fargen på bordet. I går fekk eg ånden over meg, og mannen spelte med på laget, så då bar det ut på verandaen for pussing og beising. Resultatet er eit bord som er mykje meir vår stil, og som ikkje treng å dekkast til med ein stor duk heile året…Kor lenge det går før vi har masse stygge merke på det vil tida vise. Kanskje vi skal kline på eit strøk lakk for å vere heilt sikker? Kva trur du?

spisebordet nært

Redesign: Farmor sin kjole goes hip

Farmorkjole svart

Mi gode, gamle farmor får fine innfall av og til. Siste nytt er at ho kom på at eg kanskje kunne gjere meg nytte av nokre kjolar ho har hatt hengande ei stund. Ho var heilt med på ideen om å endre på plagga, og i dag tok eg mot til meg og klipte i denne. Først tenkte eg at eg berre ville ta vekk overdelen og lage eit skjørt, men eg endte opp med eit plagg som kan brukast både som skjørt og som topp! Eg vil nok helst bruke den slik:

farmortunika

Volia! Splitter ny festtopp på null komma niks! Og det kosta meg ikkje ei krone. Men som du kanskje kan sjå så er den nokså tynn og gjennomsiktig, så eg vurderar å sy eit slags fôr, evt. skaffe meg ein tynn tubetopp til å ha under. Silkebandet hadde eg liggande, og kom endeleg til nytte.

farmortopp bak

Då eg var ferdig med denne, kasta eg meg over ein fantastisk, blågrøn retrokjole som kjem ifrå ei bestemor på Sunnmøre. Den skal de få sjå seinare, for den var litt meir krevjande å justere på og eg er ikkje sikker på om eg er heilt ferdig endå.


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 150,934 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers