Her er strikkadressen og (den tidlegare omtalte) hua veslefrøkna fekk frå farmor. Er det ikkje eit fint sett? Vi diggar det. Men det var krisestemning då seleklipsen i bilen hang seg fast i ei maske og rauk ein tråd midt foran…Heldigvis gjekk det an å fikse så det nesten ikkje viser. Puh…
Strikkavottane på bildet er arvegods, og veslefrøkna er komen i fasen «vil-prøve-å-ta-på-sjølv». Det er ikkje alle plagg som eignar seg like godt når ein er eitt og eit halvt år, særleg ikkje «båtta» som ho kallar det. Men lenge leve sjølvstendighetstrangen!
Elles vil eg ønske alle ei god og frisk jul! Vi har akkurat begynt å komme til hektene att etter omgangssjuke, og er glade for at vi akkurat rekk å bli friske til julefeiringa…
Siste innspel