Archive for the 'Matprat' Category

Uhuuu!

Bilete

Vi har feira ettårsdag i helga, til stor glede for både liten og stor. Og sidan eg hadde lyst å lage noko litt morsomt og personlig til kakebordet valde eg å sveive i hop ein liten flokk uglekjeks (!). Veslefrøkna i huset har begynt å dele min fascinasjon for desse flygande skapningane, og eit av dei første orda ho begynte å bruke bevisst var «Uhu». Kjeksa fall i smak, og jubilanten skjønte fort at augene smakte ekstra godt, og sette i gang med å gnage av desse før ho kasta resten på golvet og ville ha ein ny…

Om du også har lyst å lage slike kan du gjere som eg og stele oppskrifta herifrå. (Okei, mine blei ikkje fullt så fine, men men…) Det var ikkje oppgitt korleis kjeksa skulle steikast, men eg brukte 180 grader i ca 10 minutt. Dessutan ønskte eg å lage mesteparten av kjeksa utan mandlar sidan det er meir barnevennleg og allergivennleg, så eg improviserte nebb av kjeksdeig med kakao. Ikkje fullt så stilig, men eg ofrar gjerne litt estetikk til fordel for ulukkesførebygging.

Kakao på pinne

Det er kjekt å gje vekk noko lite, etande, heimelaga ved sidan av julegåvene, og i år lagde eg «kakao på pinne». Ei blanding av smelta kokesjokolade, melis og kakao vart fylt i konfektformer og pynta med kakepynt/chili/mini-marshmallows. Trepinnar vart putta nedi massen før det stivna. Ein sjokoladepinne skal vere nok til å lage ein kopp varm sjokolade, det einaste som trengst er varm mjølk. Eg pakka inn pinnane i cellofanposar, hengte på ein lapp med bruksanvisning og knytta fine sløyfer på. Dei blei jo litt koselege, ikkje sant? Takk til Hedda for koseleg førjulssamarbeid, og lån av utstyr! Kanskje vi må gjenta suksessen neste år? 😉

Om nokon vil prøve seg på det samme (dette kan jo lagast året rundt), så kjem oppskrifta her:

Smelt 400 gram kokesjokolade i vannbad. Rør inn 30 gram kakao og 70 gram melis (erfaringsmessig er det lurt å bruke visp). Hell massen i ein sprøytepose eller ein solid plastpose som du klipper hjørnet av (feks ikea zip-lockpose). Sprut massen i konfekt- eller isbitformer av plast eller silikon. Stikk nedi trepinnar (vi hadde pinnar til godterilaging, men halve grillspyd fungerer også). Ha på ønska pynt før det stivnar. Ideen fekk eg på denne bloggen, som har meir utførleg forklaring.

Lag krutongar sjølv


Det er vel fleire enn meg som synest det er for ille å stadig kaste brød berre fordi det har blitt litt tørt og kjedeleg. Difor tenkte eg å gje ei enkel forklaring på ein fin måte å «gjenbruke» tørt brød på ein super måte! Dette er jo ikkje på nokon måte revolusjonerande, men det kan vere at nokon treng ein påminnar om kor lett det er å lage krutongar, og ikkje minst kor godt det smakar i salat!

Here’s what you do:

  • del brødet  i skiver, og deretter i terningar (fjern skorpe)
  • fordel i langpanne (eg har brukt ei lita)
  • «sprinkle» olje utover brødbitane
  • strø gode krydder på (bruk det du likar, og ver raus)
  • litt salt, feks flaksalt er også godt
  • om du vil kan du ha på sesamfrø
  • putt i varm ovn på 150 grader ca 15 min
  • skru ned varmen til 100 grader, opne ovnsdøra og la det stå 20 min til
  • avkjøl og ha dei i tett boks/glas, så held dei seg sprø lenge

Mmmmmmmmmmmmmmm………

Ein god ting kan ikkje seiast for ofte

Bloggpuls er no gått live og du kan inspisere herligheten på bloggpuls.no! Er du nysgjerrig på kven som sit i hobbyredaksjonen kan du finne det ut her.

Ei slik lansering skulle jo vore markert med brask og bram og bollar og brus, men eg feirar likesågodt med å bake knekkebrød. Det er jo tross alt mandag, og då er det sukkerforbud. Dessutan er heimelaga knekkebrød noko av det beste som finst. Slik kan dei sjå ut:

Og har du ikkje fått med deg oppskrifta tidlegare, så finn du den i dette innlegget. Anbefalast!

Alt-på-ein-gong-dagen

Sidan vi har arbeidshelg her i huset vart fastelavensbollane laga og fortært i går. Dei var gode, sjølv om dei var på kanten til å vere rå…Og når det kjem til valentinerdagen, så vil eg berre seie at eg synest mykje meir om å feire kjærleiken i kvardagen, enn å skulle markere den på ein bestemt dag i februar. Så eg har ikkje gjort stort ut av den, bortsett frå at bollebakinga var til ære for min kjære. Men mannen kom likevel med ei vanvittig gåve til meg i går, og påstod at den ikkje hadde noko med den aktuelle datoen å gjere. Og eg trur han. TUSEN TAKK, du min fantastiske mann…

Og så er det jo morsdag! Gratulerer alle mødre! Her er kortet eg sveiva sammen til svigermor, som forøvrig har fått seg eit strikkepinneetui. Det er jo litt for gale at ikkje ho, av alle strikkedamer, har fått eit strikkepinneetui av meg før!

Ha ein god søndag alle sammen!!!

Til å ete opp

Eg har jo gløymt å vise fram dei etande julegåvene eg produserte litt av i desember. Knekkebrøda hadde eg planar om å lage i haugevis og gje vekk i boksar. Hadde tenkt å spraylakke og dekorere nokre gamle kakeboksar, men det vart visst med denne eine…Ikkje vart den særleg dekorativ heller, men den held no knekkebrøda sprø!

Mi kjære bestemor, som ikkje lever lenger,  brukte å lage veldig god mat! Havrekjeksa hennar var supergode, og eg har skaffa meg oppskrifta. Men eg har ikkje heilt teken…Kanskje det må meir trening til? Iallefall skal dei vere nokså sprø, og dei eg lagar brukar å bli litt for tjukke. Jaja. Så lenge dei er pakka inn i cellofan og med merkelapp og filthjerte, så ser dei iallefall gode ut! Det vart produsert litt konfekt og kaker også, men dei blei ikkje fotograferte. Men eg er veldig fan av å gje vekk ting som kan etast opp. Ting får ein alltids nok av i huset!

No er jula rydda ut av huset, og eg har begynt å sy bestillingsvarer. Strikkepinneetui og posar til strikketøy er visst mangelvare rundt omkring. Kjekt for meg, som har sylyst!

Lakseburger!

lakseburger

Dette ser ut til å bli ein sånn dag då eg går rundt med mange idear, men uten å få gjort ein ting. Energinivået er nokre hakk under normalen, men det rettar seg sikkert snart. Eg tenkte at «om eg får laga eit blogginnlegg, så har eg iallefall gjort noko

Difor får du her servert eit middagstips. Riktignok eit tips eg sjølv har fått via TV, men dog verdt å dele med andre som ikkje fekk det med seg. Likar du laks, guacamole og hurtig middag? Gjer følgande: hakk ein laksefilet (pr person) i småbitar, bland med hakka purre el. anna løk, krydre etter hjartans lyst, kna saman til ein burger og steik på middels varm panne til den er gjennomstekt og lysrosa. Anrett på brødskive med guacamole (gjerne den enkle varianten: most avocado m/kvitløk), salat og det du måtte ha av pyntegrønsaker. Et og ver glad! Dette er sunn fastfood!

Superknekkebrød

knekkebrødbrett

Av alle ting fekk eg i går ein mail frå den eine broren min med oppskrift på knekkebrød! Hans kjære A. hadde prøvd seg på desse med hell, og det slo han tydelegvis at eg kunne vere interessert i å gjere det samme. Det var ein god tanke! Ivrig etter å prøve noko nytt sette eg i gang i kveld, til tross for at eg mangla eit par av ingrediensane . Men det gjekk heilt fint å improvisere! Om ein likevel er heime ein kveld, så krever det ikkje store innsatsen å lage desse knekkebrøda. Og så er det jo veldig kjekt å ete sunne ting ein har laga sjølv! Om du har lyst til å prøve sjølv kjem oppskrifta her:

——————————
Sunne knekkebrød

2 dl havrekli
2 dl kruskakli
2 dl havregryn
2 dl sammalt rugmel
2 dl linfrø
2 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
2 ts salt
7 dl vann

Ha alt i en bolle og rør sammen. Røren fordeles på to langpanne
stekebrett. Røren trykkes ut over brettet og formen på knekkebrødene
lages med pizzaskjærer. Knekkebrødene stekes på varmluft først i 45
min på 180 gr. Deretter tørkes de på 100 gr i 45 min med stekedøren på
gløtt. Når de er ferdige knekkes de opp.

———————————

Knekkebrød på rist

Knekkebrød m ost

Til opplysning: eg bytta ut kruskakli med valsa spelt, og sammalt rug med steinmalt spelt. I tillegg strødde eg linfrø på det eine brettet og sesamfrø på det andre. Estetikken er også viktig:). Denne oppskrifta gav 20 litt store knekkebrød.

Ferie og tapas

Eg har ferie! No går turen til Barcelona og eg gler meg veldig! Min kjære og eg skal kose oss som turistar i varmare strøk i ei lita veke, og forhåpentligvis oppleve masse kjekt. Stikkord: spennande arkitektur, tapas og vin, strandpromenade, shopping, kunstmuseum, folkeliv…Dette må jo berre bli deilig!

Som den tapaselskande personen eg er har eg forsøkt meg på heimelaga variantar nokre gongar i vår. Resultatet har utelukkande vore bra! Her er eit bilete av buffeten som vart laga då eg var med og arrangerte utdrikkingslag for nokre veker sidan:

tapasbord

Her var det mykje godt å velge mellom, og tilbakemeldingane var til å bli stolte av. Team-tapas var godt fornøgde med seg sjølve etter denne kvelden:). Eg er dessutan veldig glad for at eg fekk stifte nærare bekjentskap med hummusdip den helga (og den påfølgande veka då restane frå den  tredoble porsjonen stod i kjøleskapet mitt og frista). Så enkelt å lage og så godt! Dessutan veldig sunt. Supert som dip til grønsaker, tortillachips, kjeks, brød. Eller som «smør» på brød under kjøttpålegg. Eg brukte det til og med tom tilbehør til fiskepinnar og potetstappe! Som venninna mi (og hummus-inspiratoren) sa: «Hummus er den nye poteta!». Om du ser på biletet over så er hummusen i den artige skåla med lilla, grå og svarte prikkar. Er du redd for å lukte kvitløk, bør du halde deg langt unna, men her er ei oppskrift til dei som vil prøve:

HUMMUSOPPSKRIFT

  • 1 boks hermetiske kikerter à 240 g
  • Saften av 1 stk liten sitron
  • 2 båt hvitløk
  • ½ ts salt
  • ½ dl olje
  • 2 stilk bladpersille

Slik gjør du:

1. Ha kikertene i en foodprocessor sammen med ferskpresset sitronsaft, hvitløk, salt og olje.

2. Tilsett persille helt på slutten så ikke massen blir lysegrønn. Hummusen skal ha en myk konsistens og den serveres ofte på en flat tallerken.

Husmorsyslar

Mandag blei eg bortskjemt av mannen. Mens eg låg på sofaen og lata meg etter endt nattevaktshelg, lagde han middag, vaska opp, gav meg fotbad og påfølgande fotmassasje. Sånt likar vi, og i går fann eg ut at eg skulle gjere gjengjeld. Då var det sjølvsagt min tur å lage middag, men eg fann også ut at eg skulle bake litt. Sidan mannen er veldig lite glad i tradisjonell matpakkemat, landa valet på å lage noko eg no har døypt matpakkesnurrar.

matpakkesnurr

Dette er jo ikkje revolusjonerande mat i heimen, men eg lagde denne gongen ein vri på dei meir vanlege pizzasnurrane. Framgangsmåten er som følger: lag mellomgrov gjærdeig og tilsett (1-2 ss) provancekrydder i deiga. Mens den hevar riv du ost i rikeleg mengde og kuttar bogskinke (evt. pølse) i små terningar. Man tager hva man haver, ikkje sant? Dersom du har t.d. salsasaus til overs frå ein tacomiddag slik eg hadde, kan du bruke den til saus. Evt. kan du koke ein saus av godt krydra tomatpurè, spedd med vatn. Somme ville kanskje brukt ketchup? Når deiga har heva 1/2 – 1 time kjevlar du den ut som om du skulle laga skillingsbollar. Smør saus utover, strø med sesamfrø, ost og skinketerningar. Krydre etter ønske. Rull saman og skjær i passande stykke. Mi deig med 6 dl væske gav ca 25 store snurrar. Etterhev i ca 30 min og strø sesamfrø og ost på toppen. Steik i ca 18 min ved 225 grader. Enjoy! Mannen vart iallefall fornøgd 🙂

Matpakkesnurrar


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 154 128 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers