
Heime igjen frå ferietur i Barcelona, og har nettopp lagt inn maaasse bilder på datamaskina. Hatt det supert, og synest vi fekk sett og gjort masse kjekt. Om du likar å reise og ikkje har vore der enno: byen kan anbefalast! Trur vi var heldige med årstida også, både klimamessig og sett i forhold til at det var relativt lite turistar der no (men likevel mange nok!). Dessutan fekk vi oppleve å vere i byen då Barcelona stakk av med seieren i Champions League – noko vi neppe kjem til å gløyme med det første. Eg er ingen fotballsupporter, men det er tydeleg at veldig mange andre er det! Det var ei vanvittig stemning i sentrum både under kampen, etter seieren var eit faktum, samt dagen etter, då spelarane kom tilbake og vart hylla som heltar med lang parademarsj og greier. Spesielt.



La Pedrera er eit av Gaudi sine mest kjente verdslege bygg, med ein skulpturpark på taket. Fascinerande. Ein får dessutan god utsikt over delar av byen, som f.eks mot den vanvittige katedralen Sagrada Familia som ein kan skimte i horisonten på biletet over. Biletet under er teken nedover spiraltrappa vi gjekk for å komme ned frå eit av tårna i Sagrada Familia. Ein svimlande tur.


Park Güell er også Gaudi sitt verk, og var kanskje ikkje fullt så imponerande som forventa. Men mosaikken han har brukt er jo definitivt dekorativ, både på bygningar (under) og skulpturar (over).

Som gode turistar måtte vi jo innom den enorme ferskvaremarknaden ved La Rambla for å inspisere litt. Er litt småskeptisk til å handle på slike stader, i frykt for å få i meg basilluskar som magen ikkje toler, men fruktsalaten vart fordøyd på eksemplarisk vis. God var den og.

Fekk du lyst til å reise på ferietur no? Vi har allereie booka neste storbytur:) Enn so lenge får vi nyte sola som skin så fint her heime, og nyte kvardagane med det dei måtte by på.
Siste innspel