Archive for the 'Kvardagsliv' Category

Tlæt

20130814-211537.jpg

Såå glad kan ein bli for å vere heime igjen i gøymeteltet i lag med ein god ven…

Teltet er sydd av store bitar stoff frå lageret, og ser såpass hippie ut at mannen i huset syns det er heilt på grensa å ha det framme. Pytt sann.

Ferm living

Bilete

(biletet er lånt frå http://www.ferm-living.com/)

Dansk design etter mitt hjerte…Sjekk ut den nye katalogen her

Franske frøkner

Franske frøkner

Det passar vel fint med litt sol og varme no i desember??
Det er så kjekt å få positive tilbakemeldingar på det eg lagar, og særleg når eg får bildebevis! Her er to Oslofrøkner på ferietur i Frankrike, iført kvar sin RePro-kjole. For eit herleg bilde!!! Takk, M for at eg veit at du tillet å publisering av bildet utan at eg spør 😉

Ønskeliste

Eg har fått nokre førespurnader om kva eg/vi ønskar oss til jul, og bestemte meg for å skrive ei liste her, tradisjonen tru.

Eg blir alltid glad for:

  • heimelaga ting
  • ull og kle som varmar. Gjerne tynn kvardagsull som kan brukast under vanlege klede, dvs genser/singlet som er litt utringa i halsen
  • gåvekort på klebutikkar
  • handkrem
  • god te
  • kinobillettar eller restaurantbesøk
  • barnepass
  • pengegåver til gode formål

Mannen ønskar seg:

  • Hendig drill med to batteri
  • Støvsugar til garasje/bil
  • Krimbøker
  • Gåvekort på sportutstyr
  • BluRay-filmar
  • Apple-TV
  • Mokkabønner
  • Tjukkelestar
  • T-skjorte
  • Lommelykt
  • Boresett

Hussttanden ønskar seg:

  • tekanne med tesil, feks frå Eva Solo eller menu
  • ispinneformer, gjerne Tupperware
  • gode hagehanskar

Veslefrøkna si ønskeliste:

  • bøker
  • puslespel i tre med knottar på
  • ull og andre basic-kle i str 92
  • buff/hals
  • leikekjøkkenutstyr
  • badeand
  • bilar

Duskedame

Bilete

 

Svigermor som er ein racer med strikkepinnane har laga denne fine hua som vi brukar mykje no om dagen. Den sit veldig godt på og er så fin! Dessutan har ho strikka ein kjempefin heil dress i samme mønsteret, men den har eg visst ikkje tatt bilder av enno. To be continued! 

Tusen takk, snille fammo!

Uhuuu!

Bilete

Vi har feira ettårsdag i helga, til stor glede for både liten og stor. Og sidan eg hadde lyst å lage noko litt morsomt og personlig til kakebordet valde eg å sveive i hop ein liten flokk uglekjeks (!). Veslefrøkna i huset har begynt å dele min fascinasjon for desse flygande skapningane, og eit av dei første orda ho begynte å bruke bevisst var «Uhu». Kjeksa fall i smak, og jubilanten skjønte fort at augene smakte ekstra godt, og sette i gang med å gnage av desse før ho kasta resten på golvet og ville ha ein ny…

Om du også har lyst å lage slike kan du gjere som eg og stele oppskrifta herifrå. (Okei, mine blei ikkje fullt så fine, men men…) Det var ikkje oppgitt korleis kjeksa skulle steikast, men eg brukte 180 grader i ca 10 minutt. Dessutan ønskte eg å lage mesteparten av kjeksa utan mandlar sidan det er meir barnevennleg og allergivennleg, så eg improviserte nebb av kjeksdeig med kakao. Ikkje fullt så stilig, men eg ofrar gjerne litt estetikk til fordel for ulukkesførebygging.

Still alive

Bilete

Sjølv om det er forferdeleg lite som skjer på bloggfronten om dagen, så er eg oppe og går altså. Men det blir ikkje skapt så mykje for tida, men for å bevise for både meg sjølv og omverda at det fortsatt foregår ein viss form for handarbeidssyssel på Hobbyrommet skriv eg dette innlegget. Om fire stakkarslege giraffar…

Ideen er stolen frå pinterest, som i og for seg er eit forum for å dele og stele med godt samvit. Dei som kjenner meg veit at eg har ein fascinasjon for giraffar, så då eg kom over desse søte babyranglene skjønte eg straks at dette var eit finfint hurtigprosjekt for meg. Og vips hadde eg sydd ein liten gjeng som ligg i ei skuffe og ventar på nye eigarar. Den første i rekka har fått permanent opphald i heimen, men vart sopass snål at den ikkje var verd å feste på film…Men gullklumpen likar godt å både gnage på den og å denge den i golvet, så då kan ein vel seie at den duger. 


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 150,934 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers