Archive for the 'Strikking' Category

Uuuhuuu!

Uuuhuuu!

Fjorårets julegåve-masseproduksjon…Uglehuene var kjekke og enkle å strikke, og sit bra på. Veslefrøkna i huset har fått ei også, og ber insisterande «uuhuuu! uhuuu!» om ho ser den og ikkje får ha den på…Ideen såg eg først hos Merete, og etter eit triveleg strikkebesøk med ein tidlegare kollega mota vi oss opp og printa ut mønsteret. Det var slett ikkje vanskeleg å få til, trass i engelsk mønster og null erfaring med flette-/kabelstrikk. Til mi forundring klarar eg ofte meir enn eg trur!

Advertisements

Barnehagekjole

Æsj…Hadde eigentleg skrive eit fiks ferdig blogginnlegg, og så blei det kluss då eg skulle publisere, så her kjem ein kjapp og kjedeleg variant…

Denne kjolen er eigentleg pickles sin enkel tunika. Har strikka den litt lenger enn originalen, og laga leggvarmarar til. I nakken er det ein knapp i staden for to. Kjapt og greit strikkeprosjekt som gav eit resultat eg er nokså fornøgd med. Garnet fann eg hos mamma. Det er etter alt å dømme nokså gamalt, men det passa finfint til denne kjolen som skulle strikkast i ein tråd bomull og ein tråd ull.

Den gule og kule stolen er frå min barndom. Den har vore både raud og blå, men har no fått nokre strøk med fargen kreativ. I like it!

 

 

Strikkestripedilla

Det er ikkje første gangen eg viser fram noko stripete eg har strikka, og det blir ikkje den siste. Men her har du altså ein heildress utan armar som eg strikka i haust ein gong (då eg innsåg at denne kom til å bli altfor liten, altfor fort). No passar den nye ulldressen perfekt! Fargevalet blei raudt og grått fordi eg syntest garderoben til veslefrøkna var i overkant rosa og lilladominert dei første månadane. No har eg etter kvart blitt meir glad i desse fargane (eg var aldri særleg glad i kjolar, tyll og rosa då eg var liten – det heng nok litt igjen). Men eg ser jo at jenta vår kler både rosa, lilla, raudt, grønt, grått, og meir til. Alt kler den smukke!

Og frøken fjong er tilsynelatande fornøgd med dressen og synest det er temmelig kult å sutte på knappane…

(Mønsteret er frå Sandnes garn: Lanett baby 0914, strikka i babyull frå spar kjøp)

Made for me

Det er ikkje berre veslefrøkna i huset som har fått nytt i vintergarderoben, eg har endå til klart å strikke meg ei jakke! Trass i at eg likar best kjappe småprosjekt innsåg eg at det kunne vere kjekt å strikke noko til meg sjølv for ein gongs skuld. Og det tok ikkje så forferdeleg lang tid heller. Dobbel tråd drops alpakka og pinne nr 4 og 4,5 – vips så var jakka ferdig etter nokre lange haustkveldar i sofaen…Fornøgd vart eg også! Trur denne kjem til å bli mykje brukt, men akkurat no er den litt upraktisk fordi eg ofte har ei lita, langfingra jente i armane, og ho likar godt å stikke fingrane inn i «hola» og dra til…

Oppskrifta er frå garnstudio. Bjørnebærmønsteret i bærestykket ser litt proft ut syns eg, men det var i grunnen ganske enkelt å lære seg. Kjekt å utvide strikkerepertoaret!

Nytt i vintergarderoben

Godklumpen vår er blitt eit halvt år. Crazy! Eg har verkeleg innsett at småbarnsforeldre som seier at «tida flyr» og at ein må «nyte det mens barna er små» har eit poeng…Så vi kosar oss så masse vi kan, og sjølv om ho ser litt forfjamsa ut på bileta (som blei tatt i farta då vi skulle ut døra), så trur eg ho har det ganske bra om dagen. Så lenge ho får den servicen ho ber om i alle fall 😉

Jakka ho har på seg vart til då eg innsåg at ho trengte ei jakke og eg ikkje fann nokon eg likte i butikkane. Dessverre hadde eg ikkje eigna jakkemønster, så eg brukte eit stort skjortemønster og gjorde litt eigne justeringar. Det resulterte i litt trange armhol, og temmeleg lange armar…Men søt vart den! Og så lenge ho ikkje har for mykje tjukke klede under er den veldig grei å ha på. Ytterstoffet er i tynn, grå ull og på innsida er det kvit microfleece. Lang ribb nederst på armane.

Hua er strikka i alpakka etter eit mønster frå garnstudio. Den blei litt stor, så eg har tova den lett i vaskemaskina. No er den akkurat passe stor, tjukk og mjuk!

Partybabies

To fine festjenter i snertne kjolar a la Pickles. Eg har laga den til høgre, og sjølv om det ikkje ser slik ut på biletet så er visstnok eigaren godt nøgd med kjolen.

Det er veldig kjekt å få actionbilder av ting eg har laga og gitt vekk! Og morsomt å sjå at venninna til vesle Liv også hadde fått ein slik kjole. Det må tydeligvis vere årets mote i hovudstaden.

Stripefrøken

Gullet ikledd stripedressen som eg strikka då ho var i magen. Laga i str. 3-6 mnd, men jammen er den knapp i overkroppen allereie. Jaja. Fin er den no uansett syns eg. Elskar fargekombinasjonen!

Og tørklesmekka er også frå KLEM-kolleksjonen :). Sydd av eit stoff frå gjenbruksbutikken, med flanell på baksida. Mykje brukt!


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,964 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers