Archive for the 'Gjenbruk' Category

Redesign

Redesign

Ein korterma, tynn sommarbluse i damestorleik har blitt til ein sval sommarkjole for ei lita frøken. Veldig kjekt å sy kle av gamle plagg som ikkje er i bruk! Og eg har ein koffert smekk full av potensielle prosjekt…

Hatten er forresten også sjølvsydd, men den har lege uferdig i ei skuff i fleire år fordi den blei mykje større enn planlagt…No funkar den heilt ok som solskjerming på det store, lille hovudet til 2åringen vår 🙂

«Tole»

Denne luringen har fått seg ny kjole/tole i løpet av helga. Sydd utelukkande av gamle stoff som eg blir glad av å sjå på. Og ingenting er bedre enn å kle på veslefrøkna kle som ein blir i godt humør av! Eg tok utgangspunkt i eit mønster frå Ottobre, og gjorde litt eigne justeringar. Tenker det blir fleire kjolar i denne varianten, for den var både gøy å sy og ser morsom ut på. Og så fungerer den tydelegvis finfint til alle slags aktivitetar, både hestegynging, klatring, gøymsel og dansing!

2013-02-24

Redesign

Bilete

No er det så lenge sidan eg var innom bloggen at eg ikkje kom på passordet i farten…Ein sommar med flytting og påfølgande oppussing har gjort at tida stort sett har gått til alt anna enn hobbyromsaktivitet. Men no har eg fått nytt, fint hobbyrom og gler meg til å ta det i bruk! I dag ville eg berre vise fram eit par barnehageplagg eg har redesigna. Buksa er arvegods som enkelt og greit har fått ribb nederst på føtene. Då kan den brukast lenger og er meir praktisk. Gensaren har eg sjølv brukt ein gong. Den gong med ein vid slags rullehals som rett og slett gjorde den nokså rar i fasongen. For å få passe størrelse til veslefrøkna tok eg mål av ein anna gensar, klipte, sydde og vips så hadde ho ein ny gensar! Veldig kjekt å utvide garderoben utan å betale ei krone, og fint å tenke på at vi sparar miljøet litt også.

Bilete

I mamma sin kjole

Mitt lille gull i min gamle cordfløyelkjole. Det er kjekt når det dukkar opp arvegods eg ikkje visste fantest, og særlig når det er ein så kul kjole. Dei raude naglane på lommene er ein finfin detalj. Kjolen var riktignok ikkje heilt bra i fasongen då den vart henta fram frå loftet, men etter ein liten svipptur innom hobbyrommet blei den brukbar.

Denne veka har eg fått sylysta tilbake, og no er det redesign det går i. Du skal ikkje sjå bort i frå at det kjem eit og anna innlegg om dette i løpet av sommaren. Og mens andre brenner bål og feirer jonsok har eg tenkt å kose meg på hobbyrommet i kveld. God midtsommar til deg!

Hipp og kul?

Bilete

Ei lita vårhue blei til på ti minutt i ettermiddag. Merkelig kor lang tid eg treng på å få sett prosjekta mine ut i livet om dagen, trass i at det er fort gjort når eg først får kicka meg i gang. Denne hua er sydd av ein singlet som søstra mi har slutta å bruke for lenge sidan. Eg syns stoffet var så fint og solid at den havna i kofferten der eg oppbevarar plagg som eg tenker å sy om til noko kjekt. Og denne hua blei jo ganske kul! Men berre akkurat passe stor, så den neste (for no kjenner eg iveren etter å sy ei til) må lagast litt større. Sola vår treng nokre slike huer no når våren kjem! Og ikkje minst når vi skal til Rhodos!

Kort og smått

Bilete

For ei tid tilbake fann eg fram kortutstyret mitt og bestemte meg for å fylle opp det tomme kortlageret. Eg har ikkje lenger den samme iveren etter å pusle med papir som eg hadde tidlegare, og scrappinga har eg lagt på hylla. Men sidan eg har ein del utstyr, papir og pynt er det jo for gale å ikkje bruke det til noko, og å gå på butikken og kjøpe kort er liksom ikkje heilt meg. Men heretter blir nok kortproduksjonen litt sånn plukk, klipp og lim etter innfallsmetoden, men det ligg fortsatt litt omtanke i eit heimelaga kort sjølv om det ikkje er så forseggjort, eller kva? Her ser du resultatet etter at utstyret hadde stått framme eit par dagar. Det burde dekke behovet for nokre månader fram i tid!

Bilete

PS: om du også likar yogi-te så dreg du kanskje kjensel på det brunmønstrete papiret/kartongen på korta på det øverste biletet. Eg har nemleg brukt innsida på te-øskja fordi den har så fint mønster. Gjenbruk!

Rett, vrang, inn, ut…

Overskrifta kunne vel kanskje tyde på at dette var eit strikkerelatert innlegg, men der lurte eg deg gitt! Her kjem nemleg to forklekjolar eg sydde i fjor, og dei kan like gjerne brukast på «retta» som på «vranga». Kva som er «ut» og kva som er «inn» er ikkje lett å seie, eg synest i alle fall dei er like fine begge vegar. Det brune stoffet er tynn ull frå ein stor rull med ubrukt, eldre stoff eg kjøpte på Fretex for lang tid tilbake. Snakk om kupp! Begge kjolane er i god RePro stil, og har fått gjenbruksstoff på den andre sida.

Mønsteret er heimelaga i den forstand at eg har teikna av eit gamalt forkle som svigerinnene mine brukte då dei var små. Storleiken er ca 1-2 år vil eg tru. Eg har sett trykknappar på skuldrane i staden for å sy selane fast i kjolen, berrefordiatte eg har trykknappresse og diggar trykknappar. Det er jo ingen sak å dra kjolen over hovudet på barnet, men det er jo så kjekt med knappar!

No prøvar eg å finne ut om lille sola mi skal få den eine kjolen, og i så fall kva for ein…? Likar dei i grunnen godt begge to, men det finst jo grenser for kor mange kjolar ei lita frøken treng å ha hengande i skapet.


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 150,934 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers