Archive for the 'award' Category

Strikkedrøm

Sit på nattevakt og drøymer om ein slik gensar…Ser den for meg i ein lys bruntone. Eller kanskje grå. Eller grøn! Kanskje dette blir eit nytt langtidsprosjekt?

Eg har fått ein award! Tusen takk kjære Solveig. Det varmar langt inn i hobbyhjertet.

Denne vil eg dele med Flatheim, Innetid, Fiskvatn og Artige ting.

Advertisements

Til strikkeglade damer

For det er vel stort sett damer som strikkar…? Eg har gjort unna eit par bestillingar på nyåret. Eit strikkepinneetui i ønskefargen raud gjekk til ein kollega, og 4 tøyposar til strikketøy har blitt sendt med posten. Eg syns det er kjekkast når eg får bruke fantasien og komponere som eg vil, og ønskar ikkje å masseprodusere. Difor har eg enno ikkje laga to heilt like pinneetui eller strikketøyposar, og tenker at det er kjekkast for dei som skal få dei at ingen har maken. Storleiken blir også avgjort undervegs i skapingsprosessen, alt etter kva stoff eg har foran meg, men breidda på posane er omlag 30 cm. Tøyposane er fôra, og har løpegang til snor øverst. Alle har fått lomme med trykknapp i front. Sjølv oppbevarer eg ei lita saks og eit nåleetui i lomma på min eigen pose. Veldig praktisk å ha dette med over alt.

Eg har visst fått ein award frå godaste Solveig med bloggen Solbergets mange prosjekt. Tusen takk! Eg vel å hoppe over «award-reglane» og utfordringa denne gangen. Det er så mange ting som skal gjerast no når vi pussar opp, så tida mi går med til maling i dag.

[award Mettepip[6].jpg]

Calorimetry og award

calorimetry

Eg har endeleg prøvd meg på desse smarte pannebanda. Ein god oppfinnelse for oss som gjerne vil halde oss varme på øyrene sjølv om håret er samla i hestehale. Og ein fin måte å få brukt restegarn på. Oppskrifta er på engelsk, difor tok det litt tid før eg turde å sette i gang. Men det var enklare enn venta, og no har eg laga nokre. Potensielle julegåver. For dei som vil prøve seg på det samme vil eg anbefale å legge opp færre masker enn det som er oppgitt i originaloppskrifta. Den første eg lagde vart veeeldig stor!

calorimetry x 5

Og så har eg fått ein award! Det er jo sjølvsagt stas. Denne kjem frå Solbergets mange prosjekt, som eg har omtalt tidlegare. Ho har ein herleg blogg med fine bilete, varme tankar, og mange kreative prosjekt! Tusen takk, Solveig. Det betyr mykje å få ei slik utmerking frå ein sjefsbloggar som deg!

Kopi_av_nr_2_031

Og så må eg nevne at Fin i Formen har eit aldri så lite jubileum på bloggen sin. Ta ein kikk og bli inspirert du også!

Om bloggaren

Eg har vore så heldig å få ein award! Denne kom ifrå ein bloggvenn eg også har rundt meg til dagen, og som til fersk bloggar å vere har ein mykje besøkt, inspirerande, varm og fin blogg. Eg snakkar om Solbergets mange prosjekt, og har du ikkje tatt turen innom, anbefalar eg å gjere det no.

award----[4][1]

Med awarden kom ei utfordring. No var oppgåva å seie ti ting om meg sjølv. Hm…Ikkje så vanskeleg kanskje, men gjerne ikkje så interessant bloggstoff for dei som er på leit etter hobbyinspirasjon. Jaja, hopp over om du vil!

10 Kristinefacts:

  1. Eg er oppkalt etter mormora mi, og både eg, mamma, bestemor og oldemor har namn som begynner på «K». Såvidt eg veit har alle vore flittige handarbeidsdamer, og eg vel å putte meg sjølv i den samme kategorien.
  2. Gje meg ein fridag og eg vil mest sannsynleg planlegge å bruke den til hobbyaktivitet, baking  og ein liten dose sosial aktivitet.
  3. Etter påtrykk frå venner og kollegaer som er treningsfrelste har eg meldt meg inn i eit treningsstudio! Dette kjem til å redusere hobbytida, men vil forhåpenlegvis gje positive resultat på andre område.
  4. Eg er veldig glad i å fotografere, og skulle gjerne teke fotokurs for å få skikkelig innsikt i fotoverda og alt den har å by på. Men for tida blir fotograferinga veldig lavt prioritert.
  5. Lenge var eg yngst i søskenflokken, no er eg i midten av 5. Det er kjekt å vere ein del av ein stor familie.
  6. Kanskje takka vere storfamilien valde eg å gå inn i eit omsorgsyrke? Eg er sjukepleiar og jobbar på ei barneavdeling.
  7. Min kjære traff eg då eg studerte, og eg kjenner meg priviligert som har ein så god, tolmodig, musikalsk, handy og fin mann…
  8. I periodar er eg oppteken av interiør og forsøker å gjere det fint i heimen inspirert av boligblad og interiørbloggar. Men lommebok og miljøtankegang, tiltakslyst og fysiske rammer gjer at eg oftast gir meg utan at eg er heilt fornøgd med huset vårt.
  9. Det går visst an å vere heimekjær og reiselysten, og underteikna havnar i den kategorien. Men eg slutta å drøyme om lange opphald i eksotiske strøk etter å ha backpacka i 3 mnd i Sør Amerika. Det er kjekt å utforske verda, men etter nokre veker sakna eg å ha rammer i kvardagen, og kjende og kjære rundt meg.
  10. Om eg hadde vunne ein stor pengesum (noko som er lite truleg sidan eg ikkje tippar eller kjøper lodd), ville eg ha forsøkt å starte ein kombinert kafe/gavebutikk, der eg også kunne selt noko av det eg sjølv produserer. Byen min manglar ein kafe med sjel!

Og som med alle andre awards skal denne også spreiast vidare. Her er 10 bloggjenter som eg synest fortener ei utmerking, og som får utfordringa med på kjøpet. Ta den om du vil!


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,964 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers