Stripedilla

Eg er visst hekta på striper for tida. I alle fall på strikkefronten. Har nettopp lagt ein del bilete inn på dataen og oppdaga at alt eg har strikka dei siste månadane er stripete…Her er ei bukse eg berre måtte lage etter å ha sett den fine buksa til Synne på bloggen til Hedda. Eg valde å strikke str. 3-6 mnd i håp om å kunne bruke den på magebuaren til vinteren. Syns turkis og beige er ein uventa fin kombinasjon, og er veldig fornøgd med at eg valde akkurat dei fargane. Unisex og likevel sprekt. Valde garn ut i frå fargane denne gangen, for eg var ikkje fornøgd med fargane i Lanett, som buksa eigentleg skal strikkast i. Det blei babyull frå Dale garn i staden. Eg har forresten laga tynnare striper enn i oppskrifta. Det skal opprinneleg vere 8 omgangar med kvar farge, men eg har brukt 3 sidan dressen skulle vere såpass liten. I etterpåklokskapens lys hadde det vore lurt å ta 4 for å få partal og enklare trådskifte. Ein lærer så lenge ein lever.

Treknappar blir nesten aldri feil! Eg er vel i overkant glad i naturmateriale, men det er noko med kombinasjonen ullplagg og treknappar…dei harmonerer på eit vis. Så eg følte at det kunne passe med litt store, lyse treknappar på denne buksa. Funka fint!

(Strikka forresten ei «djevellue» av restegarnet, men den har eg visst ikkje tatt bilde av. Men no veit du det! Måtte jo ha matchande hue når Synne har det til si bukse…)

1 Tilbakemelding to “Stripedilla”


  1. 1 Synnøve 10/05/2011 ved 19:45

    Jadda, jeg har også gått i oddetallsfella, men har nå lært og holder på med et partallsstripeprosjekt nå 😉 Denne sparkebuksa er så fin! Mistenker at den må strikkes en gang……. Enig med deg ang treknappene, det er noe med at det bare hører sammen 🙂


Legg att svar til Synnøve Avbryt svar




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 155 246 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other subscribers