Rullegenser

Og stripefesten fortset…Her har eg laga ein genser i litt større storleik, fordi eg har innsett at det er begrensa kor mange strikkeplagg ein baby kan få brukt i løpet av sin første vinter…Eg har jo eit og anna liggande på «kistebotnen», i tillegg til at svigermor er ein racer på pinnane (og vi har lånt litt strikka arvegods), så eg innsåg på eit tidspunkt at det kunne vere lurt å tenke litt framover. Kven veit kor mykje strikketid det vert når mini først er komen til verda…

Mønsteret er rullegenser frå Nøstebarn, strikka med vrangbord i staden for rullekant nederst og i armane. Garnet er new zealand lammeull frå 123.knit, og eg har forsøkt å bruke opp restegarn ved å lage striper. Det blei mange trådar å feste, men eg er tåleleg fornøgd med kombinasjonane. Strikka den i str. 2 år, men eg strikkar til tider litt laust, så eg innsåg undervegs at den kom til å bli litt stor/vid. Då la eg berre til litt lengde på armar og bol, og tova den lett i maskin då eg var ferdig. Kor tid den vil passe er usikkert, men den ser ut som den kan passe til ein 2 åring.

God helg folkens!!!

Advertisements

2 Responses to “Rullegenser”


  1. 1 marte 13/05/2011 ved 11:59

    knallfin!
    eg gler meg til å treffe deg og mini snart…
    og så lika eg at du har ting på kistebotnen…!

  2. 2 Synnøve 13/05/2011 ved 16:07

    Den ble kjempefin! 🙂 Nydelige fargekombinasjoner!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,538 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: