Elefantastisk

Forklekjolar er kjekke å sy, særleg når ein har slike morsomme stoff! Her har eg kombinert to «gamle» stoff som eg har fått. Det rosa med elefant og fugl er frå ei gamal gardin, mens det andre er frå ein rull med ubrukt sengetøystoff som antakelig stammar frå fleire tiår tilbake.

Eg klarar ikkje heilt å bestemme meg for kva eg synest det brune og rosa mønsteret liknar mest på. Skyer og blomar??Litt merkeleg er det i alle fall!

Somme vil kanskje syns at det er dumt å bruke falma gardiner til kjolestoff, men når stoffet er så morsomt som dette syns eg ikkje det spelar noko rolle.

Tusen takk til alle som er snille og bidrar til utviding av stofflageret mitt! Kollegaer, mamma, svigermor, vener og bekjente – eg set veldig pris på at de har meg i tankane når det dukkar opp spennande stoff, enten det er på ein bruktbutikk eller eit loft som har blitt rydda. Takktakktakk!

Advertisements

2 Responses to “Elefantastisk”


  1. 1 Ingeborg 28/04/2011 ved 19:15

    Å, for ein fantastisk kjole! Kva storleik er det? Skal du ha han sjølv eller er han til sals…?

  2. 2 Oddbjørg 08/05/2011 ved 10:19

    Kjempefine kjolar, og så flink du er å setta saman stoff:)
    Eg har «skrytt» av bloggen din, i dette innlegget:http://oddbfurre.blogspot.com/2011/05/smikker.html
    Du inspirerer meg stadig:)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,336 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: