Baking vs. handarbeid

Det har vore relativt lite baking her i huset sidan nyttår. Eg trur kreativitetstrangen har fortrengt bakebehovet eg brukar å ha. Men siste veka har eg laga to deilige ting eg har lyst å dele med andre. Det første er scones, som eg først lagde ein kveld eg hadde besøk og var sugen på noko godt. Kjøleskapet var tomt for egg, så vi måtte finne ei oppskrift uten egg. Det resulterte i søk på http://www.detsoteliv.no/ og endte med oppskrifta på Blåbærscones. Eg bytta ut blåbær med solbær sidan det var det eg hadde i frysaren. Og vaniljekesam hadde eg heller ikkje, men solbæryoghurt fungerte kjempefint. Oppskrifta er kjempeenkel, det er berre å røre alt sammen, klatte det på eit bakebrett og steike etter anvisninga. Og ikkje minst, det smakar veldig godt! Eit pluss er at det ikkje følest så usunt sidan røra består av ein del havregryn og ikkje så altfor masse fett og sukker…Skulle gjerne hatt bilder, men det har eg altså ikkje. Sjekk nettsida!

img_0736.jpg

På bildet ser du ein kanelsnurr. Desse lagde eg i går. Oppskrifta er henta frå samme nettstad (http://www.detsoteliv.no/), og heiter Kanelsnurrer fra Åpent Bakeri. Deiga er litt spesiell, sidan margarinet blir knadd inn til slutt. Og fasongen er jo også litt annleis, sidan dei er tvinna og knytt før steiking. Kjempegode!

Om du kikkar i strikkesakene mine ser du resultatet av årets påskeprosjekt.

2 Svar to “Baking vs. handarbeid”


  1. 1 Kruse 28/03/2008 ved 16:13

    Hei! Så hyggelig at jeg kan inspirere! Det gjør jammen du også, fikk vedlig baketrang jeg nå! Det så veldig godt ut, og må testes ved anledning! takk for linkene! Veldig fin barnegenser dessuten! God helg!

  2. 2 Blafrebloggen 30/03/2008 ved 21:31

    Jeg kan nesten kjenne lukten av bakverket ditt – ser deilig ut. Tusen takk for besøk i bloggen min – så hyggelig at du stikker innom!


Kommenter innlegget




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 155 248 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other subscribers