Dette bildet blei til ein kveld eg og mannen kjende eit akutt behov for å henge noko på ein litt for tom vegg. Det vart litt i minste laget til å havne på veggen som var tom, men vi bytta litt om på ting sånn at det vart litt meir balanse i «veggpryden». No har det hengt der i nokre veker og eg kjenner meg sånn passe nøgd. Det er ingen favoritt, men det får nok henge der ei stund til.
Basisen for bildet er eit djupt lerret på 30 x 30 cm, og eg har putta på diverse saker etter innfallsmetoden. Materiala er for det meste frå papirhobbylageret: papir, løv, stoff, stempeltrykk, kakeserviett, aluminiumsfugl, stoffteip og maling.
Det sjarmerande gamle stoffet med turkise roser har eg kjøpt på gjenbruksbutikken. Dessverre er kvaliteten for dårleg til at eg kan sy noko særleg av det, men no får det jo vise seg litt fram på veggen!
Siste innspel