Archive for the 'Oppussing' Category

Stova


Som nemnt tidlegare har mannen i huset fiksa opp stova, og både golv og veggar har blitt fornya. Her får du ein liten kikk inn i stova og kan sjølv vurdere resultatet. Eg er veldig fornøgd! Ser du på «før-biletet» under skjønar du kanskje kvifor vi har hatt lyst på endring ei stund.

Mørkt, slitt laminatgolv med altfor mange fargenyansar. Stripete tapet i varme beige tonar.

Vi likar godt å mikse gamle og nyare møblar og interiørgjenstandar, og med kvite veggar og lyse golv kom teakskjenken og -lampa (begge bruktfunn) meir til sin rett.

Vi har ikkje gått til innkjøp av verken nye eller gamle møblar etter forandringa, men dette bildet vart innkjøpt på Epla.no for å tilføre noko nytt på dekorasjonsfronten. Som vordande helsesøster syns eg det var både dekorativt, koseleg og humoristisk med eit bilde som etterlignar ei synstavle.

God helg til deg som kikkar innom!

Velkommen inn i vår nye gang

Tadaaa! Endeleg ferdig. Det er rett nok nesten ei veke sidan, men eg har ikkje somla meg til å knipse og blogge om det før no. Eg er kjempefornøgd! Og veldig fornøgd med mannen som har lagt ned masse arbeid her. Han blir veldig engasjert når han har eit prosjekt, og somlar ikkje vekk tida når han har eit mål. Det likar vi! Og takk til pappa, som har lært opp mannen til å legge fliser!

Sjølv har eg tatt meg av maling av dører og karmar, samt fuging av flisene. Og litt hjelp til montering av skap. Og så har eg laga det knallblå bildet og puta på entrebenken. Vi trengte eit par fargeklattar. Enno er ikkje alt heilt som det skal vere, men det er berre småting som gjenstår. Kommode under bildet, og under trappa. Ei vertikal knaggrekke, nøkkeloppheng, fleire bilder osv. Det er synd eg ikkje fekk tatt før-bilder, for forskjellen er temmeleg stor…

Bildet over er tatt frå inngangsdøra. Bildet under er frå trappa. Velkommen på besøk!

Nytt vaskerom

Ein av dei tinga vi var minst fornøgde med då vi kjøpte huset vårt i fjor var badet. Det er eit stort rom, og potensialet er bra den dagen vi tek til å pusse opp. No har vi teke det første steget, som var å kaste ut vaskemaskina og lage vaskerom i boda ved sidan av. Det var ei romsleg bod, med mange store, djupe hyller som var spikra opp på ein temmeleg provisorisk måte av tidlegare eigar. Veggane hadde ulike fargar, og golvbelegget var slitt og fullt av malingsflekkar. Dessverre har eg ikkje skikkelege førbilder! Rommet hadde allereie innlagt vatn og sluk i golvet sidan varmtvannstanken står der, og difor var det mykje som kunne gjerast utan å måtte ruinere seg på å bruke fagfolk. Og heldigvis har eg ein mann som er både handy og glad i fornying og system!

vaskerom

Resultatet er vi begge kjempefornøgde med, for no har vi både vaskerom og bod i eitt. Rommet er praktisk, og likevel stilreint. Bak forhenget i hjørnet har vi forsøkt å skjule varmtvannstanken og sentralstøvsugaren, samt panelet for hovudvasskrana. Der er også plass til å sette tørkestativa når dei ikkje er i bruk. På ikea fann vi eit snertent vegghengt tørkestativ som kan brukast for mindre vask. Dette kan slåast ned når det ikkje er i bruk, og tek ikkje plass over benken. På det samme opphenget vil det komme ei hylle eller to når vi får kjøpt det. Kjøkkeninnreiinga er frå det samme varehuset. Benkeplata har ei høgde som gjer den super når eg skal skjære stoff og drive med syprosjekt. Hobbyrommet er berre eit par skritt unna. Her kan vi slå mange fluger i ein smekk!

No gjenstår det å bestemme seg for kva vi vil gjere med badet. Det blir ein langt meir omfattande jobb, og vil gjere eit skikkelig innhogg i lommeboka. Difor har vi tenkt å bruke god tid på idèmyldring og planlegging. Vi har huset fullt av interiørmagasin og baderomskatalogar. Alle tips blir mottekne med takk!


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,204 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers