Archive for the 'Gamalt blir nytt' Category

Krakk blir ny

Denne mindre tiltalande krakken blei med meg heim frå eit loppemarked i haust fordi den hadde ein tiltalande pris. Eg hadde lenge tenkt at vi skulle hatt ein krakk i huset, og fekk umiddelbart idear til kva eg kunne gjere med denne. Men det tok si tid før eg fekk dei ut i livet…

Og slik ser den ut i dag, der den står i stova og kosar seg ilag med teakbordet og Petrastolen. At vi blandar ulike typar treverk er ikkje noko nytt, og heller ikkje noko vi bekymrar oss for. Men vi skulle gjerne hatt lyst tregolv i stova! Drømme, drømme…

Advertisements

Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,542 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers