
Blå er ein bra farge. Eg har alltid likt blått, og er for tida inne i ein litt blå periode på interiørfronten. Her ser du nokre av dei kjekke sakene eg har kjøpt brukt i det siste. Mykje blått! Øverst: eit gryteunderlag som havna på kjøkkenveggen. At det også var fuglar på var ein kjekk bonus, sidan eg har blitt smitta av fuglebasillen.

Margarinskåla som står i vinduskarmen på kjøkkenet er også litt blå. Den kjøpte eg for 3 kroner på loppemarknad i fjor haust. (Den svarte boksen på kjøkkenbenken er ikkje eit bruktfunn, men ei super julegåve som inneheld det som teksten tilseier: knekkebrød. Genialt med ein fin og praktisk boks sidan det blir bakt og ete mykje knekkebrød her i huset.)

Er litt hekta på små vasar og flasker. Den blå fann eg på gjenbruksbutikken nyleg. Fargen er perfekt i entreen, som har andre blå detaljar.

Over vasane heng dette korsstingsbroderiet. Også eit blått brukfunn. Det er nok ikkje så veldig gammalt, men det ligg mykje arbeid bak. Eg likte bodskapen, og syntest det fortente ein plass i gangen vår.

Eg er redd for å bli like samlegal som mamma, og ser tendensen når eg ikkje klarar å gå ifrå vasar og telysestakar som desse. Men dei kosta jo ingenting, og tek seg fint ut i hylla i trappa.

Ny gamal kjøkkenduk med blå detaljar. Syns den var litt sånn bestemorkoselig og har ingen problem med å blande den inn i vår ellers nokså udefinerte stil.

Sist, men ikkje minst kom eg over desse Rørstrandtallerkane på fredag. Blågrønt og gult gir ein herleg retrofølelse. Eg plukka med meg 8 av 11, og måtte heim og rydde plass i kjøkkenskapet. Dei er i kjempefin stand, og passe store til å bli våre nye kvardags-brødskive-fat. Eg blir glad av å sjå på dei!
Siste innspel