Archive for the 'vesker' Category

Studentveske?

Sydde meg ei veske tidleg på sommaren. Delvis eigenkomponert mønster, med ønske om å lage ei veske med god plass. Blir jo student igjen snart, så då kan det jo vere lurt å iallefall ha plass til kladdebok i A4 størrelse og eit par bøker om nødvendig. Men eg innser at eg nok må ta i bruk sekk med regntrekk når eg skal sykle på skulen, så det får bli ei finvêrsveske til byturar! Ytterstoffet er frå Åhlens, innerstoffet er eit gamalt sengesett, og det grå er frå ei gardin. Skinnknappen er prikken over i’en synest eg, og den trur eg dukka opp på Fretex for ei tid tilbake.

Advertisements

Overskotsvarer og bloggpulslansering

Eg har endeleg somla meg til å legge ut litt overskotsvarer på epla. Her er ein av tinga eg har sydd, men som eg ikkje har bruk for; eit barnehagenett! Eg har ingen barnehagebarn sjølv, men fekk så lyst til å sy ei slik veske etter å ha sett diverse variantar på andre bloggar. Det er kjekt å kunne leike seg med fargar og barnslege motiv, og å prøve seg på å sy anna barneutstyr enn smekker og klede.

Her har eg brukt både nye og gamle stoff, og sjølvsagt tekstiltrykk…Eg blir liksom ikkje lei!

Elles har ein god del av fritida mi i det siste gått til eit annleis hobbyprosjekt. Somme har allereie høyrt om Bloggpuls, men eg har ikkje skrive om det på bloggen før. Bloggpuls blir lansert i morgon 1.mars, og skal vere ein bloggportal for norske bloggar i alle sjangrar, samt eit nettmagasin om sosiale medier. Kort fortalt. Er du nysgjerrig kan du finne meir info på bloggpuls.no. Mi rolle i dette blogguniverset er som avdelingsansvarlig for Hobbyredaksjonen. Med meg på laget har eg fått 4 kreative hobbybloggarar, og i fellesskap skal vi plukke ut interessante bloggpostar frå ei laaaaang liste norske hobbybloggar. Det vil seie at om du er interessert i handarbeid av ulikt slag kan du via Bloggpuls få presentert kremen av nye innlegg frå norske hobbybloggarar. Er ikkje det smart!??

Foreløpig har vi samla på feed frå bloggar som vi i redaksjonen har kjennskap til etter fleire år med blogging, men vi har på ingen måte oversikt over alt som finst der ute! Kjenner du til bloggar som du gjerne vil at vi skal ha med på vurderingslista vår, eller ønskar du å få din eigen blogg med i maskineriet, så send gjerne ein mail til: bloggpuls.hobby(alfakrøll)gmail.com

Praktisk veske og bokanbefalingar

Har sydd til meg sjølv. Er glad i vesker, og denne har masse plass, mange lommer og praktisk nøkkelklips-snor på innsida. Og fargane er sjølvsagt valde utifrå eigen smak, difor blei det Kristine-blågrøn utanpå og brunt inni. På undersida er det faktisk voksduk, slik at veska toler litt skitt og fukt om den blir satt på bakken. Kom på det heiltavmegsjølv.  Smart, eller? 🙂

Blågrøn veske fotomontasje

Om du er observant så ser du at boka som ligg nedi veska har eit noko spesielt omslag…Ja, det er ei rumpe du ser. Boka heiter «Til høgre for Machu Pichu«, av Heidi Hattestein. Kjekk, lettlest reiseskildring frå Sør Amerika. Har sjølv vore backpacker på det samme kontinentet, og syns det er kjekt å lese om andre sine opplevingar og sjå bilete frå spennande turar. Anbefalast.

Mønsteret til veska fann eg i ei finfin idêbok som heiter «Enkelt att sy«, av Lotta Jansdotter. Du finn den på capris.no om du trykker her. Den har enkle beskrivelsar, morsomme syprosjekt og fine bilder. Passar nok best for folk med liten syerfaring, men den er absolutt kjekk å kikke i for folk som er meir drevne også. Det var dagens to bokanbefalingar!

Har begynt på ferien denne veka og ute regnar det i bøtter og spann, så eg kan kose meg inne med god samvittighet før vi reiser på tur! I love it…

 

Populær fugl

veske fugl

I kveld har eg sydd ei veske på bestilling frå ho som fekk denne veska. Er såpass fornøgd at eg har lyst å vise den fram med ein gong, difor den dårlege kvaliteten på bileta…Veldig kjekt at ho likte den så godt at ho ønska å kjøpe ei som ho kunne gje vekk. Bestillinga var ei veske i samme fasong og storleik, med fugl på og ein liten tekst på kanten bak. Stoff og fargar kunne eg bestemme. Eg endte på eit blomstrete bomullsstoff frå Panduro, fugletrykk på linstoff, og blågrøn kant i lin. Fargane kjem dårleg fram, men det blomstrete stoffet er altså grått, kvitt og lysgrønt. Fôret er i champagnefarga sateng slik som den forrige veska, og denne gangen hugsa eg å feste på magnetlåsen i tide.

veske innside

Om du er interessert i å sjå dei nye smekkene eg har laga, så kan du ta ein kikk i overskotslageret.

Vendbar veske

Veske vendbar

Endå ei veske av den enkle, men gode sorten. Oppskrifta finn du her, men eg har gjort eigne justeringar.  Sidan veska er mogeleg å vrenge og bruke på begge sider, har eg valt litt ulike stoff som kan passe til ulike anledningar om ønskeleg. Utsida er blålilla og innsida er turkis/lime. Lomma er på den lyse sida, sidan eg antar at denne sida som regel vil vere inni. Neste gong eg  skal lage ei slik veske puttar eg gjerne ei lomme på begge sider. Knappeglade kreakris har sjølvsagt sett ein knapp inni, slik at ein kan bruke hempa dersom ein vel å bruke den lyse sida ut.

Den nye eigaren er observert med denne på skuldra/vogna opptil fleire gongar, og eg tek det som ei positiv tilbakemelding!

Vendbar veske inni

Veskebestilling

 

Veske petrol

Væskebestilling er noko vi driv med på jobb om torsdagane. Veskebestilling er noko heilt anna. Her dreiar det seg om ei gåve til ei sprek dame som fyller eit rundt tal, og søstera hennar som gjerne ville gje vekk noko heimelaga. Eg tok utfordringa (eg var vel faktisk dristig nok til å foreslå det sjølv…), og er for ein gong skuld skikkelig fornøgd med resultatet. Kanskje fordi eg har brukt favorittfargen min, kombinert med prikkete lin (I love), knappar og sjølvsagt fuglen som har ein tendens til å lande på mange av tinga eg lagar. Mønsteret er eigenkomponert og eg valde å gjere veska såpass stor at den rommar litt ekstra, sidan mottakaren er ei dame med mange jern i ilden og 5 barn. Håpar den fell i smak!

Veske fugl  

Fôret er champagnefarga sateng som eg har hatt liggande eit par år utan å ane kva eg skulle bruke det til. Her kom det til sin rett! Og sjølvsagt har eg gitt veska ei lomme. Eigentleg burde vel alle vesker hatt minst to lommer, men når ein syr med faldar i fôret blir det ingen suksess med mange lommer.

veske petrol silkefor

Og slik blir produkta mine merka før dei går ut av huset:

Veske m KLEMtag

Mi nye favorittveske

Har endeleg prøvd å lage ei veske etter denne modellen. Det gjekk veldig bra. Lagde meg eit mønster etter teikninga, og gjorde litt om på sjølve syprosessen (fordi eg syns mine løysingar var enklare og meir praktiske), og resultatet vart godkjent. Det einaste eg ikkje tenkte på var at eg burde brukt vlieselin for å gjere veska litt stødigare sidan stoffa var litt i tynnaste laget. Men no veit eg det til neste gong. Eg har fått meg ei ny favorittveske! Passe stor, passe personlig.

Materiale: restar av gardinstoff i babycord, samt eit tynt bomullsstoff til for. Veska har innerlomme, og lukking med hempe og knapp øverst.

skulderveske blå

img_2003

img_2002


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,964 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers