Archive for the 'Strikkepinneetui' Category

Til strikkeglade damer

For det er vel stort sett damer som strikkar…? Eg har gjort unna eit par bestillingar på nyåret. Eit strikkepinneetui i ønskefargen raud gjekk til ein kollega, og 4 tøyposar til strikketøy har blitt sendt med posten. Eg syns det er kjekkast når eg får bruke fantasien og komponere som eg vil, og ønskar ikkje å masseprodusere. Difor har eg enno ikkje laga to heilt like pinneetui eller strikketøyposar, og tenker at det er kjekkast for dei som skal få dei at ingen har maken. Storleiken blir også avgjort undervegs i skapingsprosessen, alt etter kva stoff eg har foran meg, men breidda på posane er omlag 30 cm. Tøyposane er fôra, og har løpegang til snor øverst. Alle har fått lomme med trykknapp i front. Sjølv oppbevarer eg ei lita saks og eit nåleetui i lomma på min eigen pose. Veldig praktisk å ha dette med over alt.

Eg har visst fått ein award frå godaste Solveig med bloggen Solbergets mange prosjekt. Tusen takk! Eg vel å hoppe over «award-reglane» og utfordringa denne gangen. Det er så mange ting som skal gjerast no når vi pussar opp, så tida mi går med til maling i dag.

[award Mettepip[6].jpg]

Strikkepinneetui – igjen…

Etter nokre månaders pause har eg på ny laga eit par strikkepinneetui. Dette har eg selt til ei venninne som ville har det som julepresang. Eg syns det er kjekt at folk vil handle julegåver hos meg! Takk for tilliten. Denne typen etui er litt ulik dei eg har laga tidlegare, for her er den øvre kanten over pinnane sydd fast.

Det er dessutan ikkje dobbelt lag med lommer på dette etuiet, og ein får dermed ikkje plass til like mange rundpinnar. Men eg har laga ei lomme for rundpinnar som kan romme 4-5 stk, alt etter størrelse. Eg elskar dette stoffet! Det er opprinneleg ein gamal, blå duk i eit nokså kraftig stoff, og eigna seg difor utmerka til strikkepinneetui. Håpar mottakaren blir fornøgd når ho finn dette under juletreet…


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,204 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers