Archive for the 'smekker' Category

Reprise…

Det blir ikkje sydd så mykje for tida, men når eg først inntar hobbyrommet blir det stort sett til at eg syr slike tørklesmekker. Kjappe å lage, og så kjennest det litt som ein slags bonus at eg får sette i plasttrykknappar! Veslefrøkna er storforbrukar, og det har etter kvart blitt sydd nokre til andre småtroll også. Eg som er fan av praktiske gåver syns desse er midt i blinken som barsel-/babygåve.

Og viss du likte stripedressen i forrige innlegg kan du gjerne stemme på den som mitt bidrag i Foreldremanualen sin bloggkonkurranse!

Advertisements

Gulp og slev og gris og søl

Sjokkedarrusei, eg har smekka på snei!

Då har plutseleg både sylyst og hobbytid gjort sin entre. Greit at dei kom omtrent samtidig. Og første syprosjekt var av den nødvendige sorten. Gulpeguri treng noko rundt halsen så vi ikkje må bytte klede fleire gongar om dagen, og desse tørklesmekkene funkar som berre juling. Mønsteret har eg kjøpt hos Marmelade, og sidan eg ikkje har overlockmaskin vrengsyr eg smekkene. Somme har eg laga med ull på baksida, som er heilt supert for å unngå at jenta skal gå våt og kald når smekka er våt. Men sidan smekkene her i heimen fort blir skitne treng vi somme i 100 % bomull også slik at vi kan slenge dei i maskina i neste klesvask. Har høyrt at fleece også gjer susen, så det står på innkjøpslista.

Har også sydd nokre «vanlege» smekker. Solveig har nettopp fått seg ei ny venninne som er i alderen for å lære seg å ete graut, og då kan det jo vere greit å ha ei sølesmekke.

Og her ser du litt av grunnen til at sylysta dukka opp igjen. Plasttrykknappar! Eg er så heldig å ha blitt eigar av ei skikkelig knappepresse (veldig kjekk bursdagspresang!) som lagar stilige, solide trykknappar på null komma niks. Så no har eg gått til innkjøp av knappar i ulike fargar og dei ser jo ut som drops der dei ligg i boksen og ventar på å bli ein del av noko fint og praktisk! Runde, hjerteforma, glatte, matte, ja, eg har til og med knappar med monster på! Juhuu!

Siklesmekker

Siklesmekker/-skjerf er jo i utgangspunktet veldig enkelt å sy. Men for at eg skulle vere sikker på at storleiken var ok bestilte eg meg eit mønster frå Marmelade via epla.no. Dessutan syns eg smekkene hennar er ekstra fine sidan dei har litt fold foran. Mønsteret funka som berre det, men eg sit jo nok ein gang med tanken «Åh, den som hadde hatt ei overlockmaskin…» Denne blå smekka er laga av eit tynt stoff i ullblanding (gamalt, ubrukt, fantastisk Fretex-stoffrull-kupp), og baksida er 100% ull (arvegods frå gamal sydame). Det fine med ull er at det isolerer, slik at smekkebrukaren ikkje blir så fort kald dersom smekka blir klissvåt.

Smurfesmekkene er laga av ein gamal, formlaus bomullsbody vi arva. Baksidestoffa er mjuk jersey (også gamalt, men ubrukt arvegods). Desse er ikkje vrengsydde, men sydd med «jukseoverlocksaum» på vanleg symaskin. Blir litt skrukkete og harde saumar, men det får duge.

Smekker no igjen…?

Ja, eg veit eg har vist fram mange smekker her på bloggen. Men de må nok tole å sjå endå fleire, for innimellom får eg eit «smekke-kick», og syr ein liten haug. Denne gangen hadde eg lyst å lage nokre utan den sedvanlege tekst-/navnelinja, og syns varianten med bilapplikasjon vart brukbar. Fasong og storleik er den samme gamle på bakgrunn av mange gode tilbakemeldingar.

Somme av retrostoffa mine eignar seg dessutan til å lage smekker utan meir dilldall enn den dekorasjonen stoffa gir av seg sjølve. Som denne som er laga av ein gamal bomullsduk med knæsje blomar på. I like it!

No ser det ut som om smekkelageret i huset skulle rekke til både eige bruk og gåvebruk for ei stund, så eg har valt å legge eit overskot ut på eplabutikken om nokon skulle vere interesserte i ein handel. Der har det forøvrig også kome fleire produkt, i ein litt anna kategori. Ta ein kikk om du har sansen for retro symønster/oppskrifter. Festlig nok fekk eg selt ein fin bunke mønster i løpet av dei første timane etter at dei vart lagt ut for sal. Moro!

Smekkelig

I mangel av noko nytt å publisere (pga kombinasjonen eksamenstid og gaveproduksjon som ikkje kan visast fram) har eg laga ein liten kollasj av eit utval av fjorårets smekkeproduksjon. Fasongen er stort sett den samme på alle, men eg har visst klart å lage ganske så mange ulike smekker ved å bruke forskjellige stoff og tekstar. Og det er jo litt av målet når eg lagar noko – at resultatet skal vere unikt. Masseproduksjon er ikkje mi greie! Men det er jo klart at somme ting er ein meir fornøgd med enn andre, og då kan det vere fristande å gjenta seg sjølv…av og til i alle fall.

Sondre og Ulrik

Stakkars lille Sondre har hatt øyrebetennelse i ein liten evighet no, og eg syns han og mamman fortente ei lita oppmuntring. Då blei det ny smekke i anledning halvtårsdagen.

Denne var ei bestilling frå ein medstudent. Ulrik har tatt smekka i bruk og den sat visstnok som eit skudd. Kjenner at eg blir veldig glad av dette stoffet!

Er du lei av å sjå smekker på bloggen no seier du? Sorry. Produksjonen er heller laber. Men kanskje det kjem litt nytt etter jul!

Retrosmekker

Trur ikkje eg har vist fram desse smekkene før? Det er ei bestilling eg hadde for nokre månader sidan, og smekkene er forhåpentlegvis tatt godt i bruk i Stavangertraktene. Retrotemaet var eit ønske frå bestillaren, og eg likar godt å bruke retrostoff når eg syr smekker. Stoffet med dei grøne blomane er sengetøy frå svigermor. Love it. Det gule er frå bruktbutikken, og det lyse/grøne på smekka nederst er nok arvegods frå mamma sitt enorme lager…


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,964 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers