Archive for the 'skjørt' Category

Skjørt i knallfargar!

turkisraudt skjørt

Obs…dårleg sjølvfotografering…Eg har laga eit crazykult skjørt i turkis syntetisk stoff frå ei tidlegare epoke, med raud bomullsribb i midjen. Stoffet fekk eg då ei venninne rydda i foreldrene sine gamle saker. Tusen takk! Eg vurderer å putte på nokre raude knappar i området rundt fuglen. Det ville nok ikkje vore så dumt.

Eg synest kombinasjonen turkis og raud er overraskande stilig, men det matchar vel igrunnen dårleg med resten av gareroben min. Vi får sjå om det blir ei gåve eller om eg er dristig nok til å ta det i bruk sjølv!

skjørt turkis/raudt nær

(Ja mamma, eg veit eg ikkje er så flink til stryke tinga eg syr før eg tek bilete!)

Redesign: grøn gardin blei glade skjørt

 Sjå kva eg har laga av ei gardin frå Fretex!

grønbrunt retroskjørt 1

Skjørt nr. 1 (over) er enkelt, A-linjeforma og har ribb i midjen. Behagelig å ha på og deilig luftig på varme dagar.

skjørt m kappe profil

 Skjørt nr. 2 blei til då eg kom på at rysjer kan vere kult også på skjørt! Det er meir kroppsnært rundt baken, men har god elastikk i midjen og litt vidde nederst. Begge skjørta er av eigenkomponerte mønster, noko eg er litt stolt av.

skjørt m kappe foran

Har ikkje bestemt meg for om eg skal ha begge to sjølv, men om du brukar str. 36-40 og er interessert, så ta gjerne kontakt. Eg treng vel strengt tatt ikkje to nesten like skjørt…


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,204 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers