No er det så lenge sidan eg var innom bloggen at eg ikkje kom på passordet i farten…Ein sommar med flytting og påfølgande oppussing har gjort at tida stort sett har gått til alt anna enn hobbyromsaktivitet. Men no har eg fått nytt, fint hobbyrom og gler meg til å ta det i bruk! I dag ville eg berre vise fram eit par barnehageplagg eg har redesigna. Buksa er arvegods som enkelt og greit har fått ribb nederst på føtene. Då kan den brukast lenger og er meir praktisk. Gensaren har eg sjølv brukt ein gong. Den gong med ein vid slags rullehals som rett og slett gjorde den nokså rar i fasongen. For å få passe størrelse til veslefrøkna tok eg mål av ein anna gensar, klipte, sydde og vips så hadde ho ein ny gensar! Veldig kjekt å utvide garderoben utan å betale ei krone, og fint å tenke på at vi sparar miljøet litt også.
Archive for the 'Redesign' Category
Siklesmekker
Published 22/05/2011 Babyutstyr , Gjenbruk , Hobbyprat , Redesign , Søm , smekker 4 CommentsSiklesmekker/-skjerf er jo i utgangspunktet veldig enkelt å sy. Men for at eg skulle vere sikker på at storleiken var ok bestilte eg meg eit mønster frå Marmelade via epla.no. Dessutan syns eg smekkene hennar er ekstra fine sidan dei har litt fold foran. Mønsteret funka som berre det, men eg sit jo nok ein gang med tanken «Åh, den som hadde hatt ei overlockmaskin…» Denne blå smekka er laga av eit tynt stoff i ullblanding (gamalt, ubrukt, fantastisk Fretex-stoffrull-kupp), og baksida er 100% ull (arvegods frå gamal sydame). Det fine med ull er at det isolerer, slik at smekkebrukaren ikkje blir så fort kald dersom smekka blir klissvåt.
Smurfesmekkene er laga av ein gamal, formlaus bomullsbody vi arva. Baksidestoffa er mjuk jersey (også gamalt, men ubrukt arvegods). Desse er ikkje vrengsydde, men sydd med «jukseoverlocksaum» på vanleg symaskin. Blir litt skrukkete og harde saumar, men det får duge.
Redesign: grøn gardin blei glade skjørt
Published 13/07/2009 Hobbyprat , Kle voksen , Redesign , Søm , skjørt 2 CommentsSjå kva eg har laga av ei gardin frå Fretex!
Skjørt nr. 1 (over) er enkelt, A-linjeforma og har ribb i midjen. Behagelig å ha på og deilig luftig på varme dagar.
Skjørt nr. 2 blei til då eg kom på at rysjer kan vere kult også på skjørt! Det er meir kroppsnært rundt baken, men har god elastikk i midjen og litt vidde nederst. Begge skjørta er av eigenkomponerte mønster, noko eg er litt stolt av.
Har ikkje bestemt meg for om eg skal ha begge to sjølv, men om du brukar str. 36-40 og er interessert, så ta gjerne kontakt. Eg treng vel strengt tatt ikkje to nesten like skjørt…
Redesign: Farmor sin kjole goes hip
Published 22/06/2009 Arvegods , Gjenbruk , Hobbyprat , Kle voksen , Redesign , Søm 6 CommentsMi gode, gamle farmor får fine innfall av og til. Siste nytt er at ho kom på at eg kanskje kunne gjere meg nytte av nokre kjolar ho har hatt hengande ei stund. Ho var heilt med på ideen om å endre på plagga, og i dag tok eg mot til meg og klipte i denne. Først tenkte eg at eg berre ville ta vekk overdelen og lage eit skjørt, men eg endte opp med eit plagg som kan brukast både som skjørt og som topp! Eg vil nok helst bruke den slik:
Volia! Splitter ny festtopp på null komma niks! Og det kosta meg ikkje ei krone. Men som du kanskje kan sjå så er den nokså tynn og gjennomsiktig, så eg vurderar å sy eit slags fôr, evt. skaffe meg ein tynn tubetopp til å ha under. Silkebandet hadde eg liggande, og kom endeleg til nytte.
Då eg var ferdig med denne, kasta eg meg over ein fantastisk, blågrøn retrokjole som kjem ifrå ei bestemor på Sunnmøre. Den skal de få sjå seinare, for den var litt meir krevjande å justere på og eg er ikkje sikker på om eg er heilt ferdig endå.
Siste innspel