Archive for the 'Praktisk' Category

Middagsplanleggar

Inspirert av amerikanske husmødre på pinterest har eg laga ei tavle der vi kan planlegge middagar for ei veke om gongen. Vi likar å gjere innkjøp ein gong i veka, og då passar det godt å ha ein slik oversikt. Papirkorta har eg laga i word og printa på litt kraftig papir. Sjølve tavla er ei ramme eg hadde liggande som har fått seg litt maling. Resten av utstyret var også ting eg fann på hobbyrommet. Godt å få brukt opp litt saker og ting i blandt!

Emil og Ida

Ein tøypose laga til ein liten toåring som nettopp har hatt bursdag. Mora er i alle fall tilhengar av Astrid Lindgren etter det eg har forstått, så då nytta eg høvet til å bruke litt av Emil i Lønneberget-stoffet mitt. Tusen takk til B. som kjøpte dette stoffet til meg på bruktbutikken! Like it a lot! Det raude stoffet er også gamalt, og kjem frå mamma sitt utømmelege lager…Og kva posen kan brukast til? Tja…oppbevaring av leikar, pysj, barnehageskiftetøy…eller noko heilt anna. Kva tenker du?

Bleiepose

Jada. Det blir sydd litt babyutstyr i heimen. Sånn innimellom i alle fall. Her har eg forsøkt meg på ein bleiepose, som er ei slags oppbevaringslomme for bleier. Kan vere grei å ha dersom ein ikkje skal ha med seg heile stelleveska ut av huset og ikkje har lyst å ha bleiene slengande i veska/sekken. Denne varianten blei litt liten, men ein kan jo sjølvsagt lage bleieposar med plass til ein pakke små våtserviettar. Kjekk og grei sak å sy! Men kor nyttig/nødvendig den er kan jo diskuterast…Kanskje nokon har kreative forslag til andre bruksområde for ein slik ting?

Andre sine julegåver

Her er to posar til skiftetøy som eg har laga på bestilling for ei som var tidleg ute med julegåveplanlegginga. Eg tek sjansen på at mottakarane ikkje er lesarar av bloggen, og viser altså fram uoppakka julegåver…

Posane ser kanskje små ut, men dei skal kunne romme eit sett skift. I tillegg var det eit ønske at barna sine navn skulle stå på posen. Det grøne stoffet er frå S&S, det oransje frå ikea. Eg likar å bruke fargar når eg lagar ting til barn sjølv om mange andre bloggar er fulle av vakre, duse, harmoniske effektar for barn…Fint det og, men eg vel å gå ein annan veg.

Meir supersyntetisk retrostoff

For ikkje lenge sidan skreiv eg eit innlegg om korleis ein kan bruke supersyntetisk retrostoff som dekor på barnekle. Eg følger opp temaet med ein del to; lag bruksting! Som for eksempel ein praktisk pengepung slik eg har gjort det her.

Det turkise stoffet er nokså tjukt, og det mamma kallar crimplene. Antar at det er 100 % polyester? Eg fekk stoffet i kassen-med-det-rare-i, og syntest det var for bra til å bli kasta. Baksidestoffet er frå ein kjole som ei grandtante visstnok har hatt. Fôrstoffet er frå bruktbutikk, og om du kikkar nærmare nedi pungen ser du at der er hjertesøm på dei to små lommene. Detaljar er viktig! Dekoren på framsida er sjølvsagt laga av restelappar, og glidelåsen, ja den har eg vel kjøpt på Fretex tenker eg.

Annagåve

Slekt og venner må fortsatt finne seg i å få heimelaga gåver frå meg, sjølv om eg innser at det blir litt vanskeleg å få laga like mykje julegåver denne hausten som tidlegare år. Men bursdagsgåver skal eg forsøke å få til. Denne vart gitt bort i sommar, til ei svigerinne som kanskje kan bruke den til å skrive handlelister? Eller huskelappar? Eller lovenotes? Eller flyttelassorganiseringsidear?

Her har eg brukt nytt og gammalt stoff om ein annan. Og ein brukt tinnknapp i front gjer jobben som lukkemekanisme i lag med satengbandet.

Fargerik fiskestim

Tilbake etter ein fantastisk ferie i Nordland! Bilder kjem nok etter kvart. Her heime er det gråver i dag, og det passar godt til dagens aktivitetar: utpakking, klesvask, handling og etterlengta datatid. Og så blir det gjerne litt hobbyaktivitet om ikkje lenge…

Bildene viser det siste syprosjektet eg hadde før ferien; eit oppheng med lommer som ein kollega ønska seg. Ho hadde lite oppbevaringsplass på badet, og ville gjerne ha noko til å putte bleier, kremar og andre babyting i over stellebordet. Eg improviserte, og lagde eit bakstykke av to lag kraftig bomull, sydde i hemper og kjøpte ei trelist til oppheng. Lommene har foldar, slik at dei rommar litt. Fiskestoffet er eit skikkelig blikkfang, men eg likar det godt sjølv, og tenker at det må vere fint for ein liten krabat å ha noko fargerikt å kikke på?

Roooosa presang

Ein triveleg kollega feira nyleg 30års dagen sin. Sidan eg trivast best med å gje heimelaga gåver måtte eg grave i stoffhyllene mine etter noko roooooosa, sidan denne dama er ei ordentlig rosafrøken. Det blei ein liten sminkepung laga av gamalt sengetøy og litt nyare lin med prikkar, enkelt fora og med glidelås. Eg var så heldig å komme over nokre rosablomstrete neglefiler og ein matchande blomstrete pinsett som eg kunne legge ved. Det blei inga stor gåve, men eg syns faktisk den blei ganske søt, om eg skal seie det sjølv. Og eg er ingen rosa romantikar…


Til folk som likar å reise

Bursdagsgåva til juni-broren min var i år eit reisesett som iallefall eg synest er ein praktisk og grei presang (ja, eg lagde nokre til jul, så du har kanskje sett dei før). Tre tynne posar sydd av tynt nylonstoff (frå kassen med det rare i). Ein stor til skittentøy, ein medium til diverse (har ikkje du også alltid noko som berre ligg og sleng i kofferten, og som du ikkje finn når du treng det?) og ein liten med glidelåsopning til småting som mobilladar osv. Greie posar som gjer det lettare å halde det ryddig i bagasjen på tur. Eg er nok hakket meir organisert enn broren, men det skadar vel ikkje å hjelpe han på veg?

Bitt av ein underleg basille

Tampongetui har tydelegvis blitt ein farsott blandt sydamer i blogglandia. Somme masseproduserer for sal, og eg har lenge sett på det som ein merkeleg business. Men når eg først sydde mitt første etui (for eg ser absolutt nytteverdien, og syns det er ein praktisk sak å ha i veska) skjønte eg kvifor somme lagar desse i haugar og dungar. Det går superfort, og det er ein finfin måte å bruke små stoffrestar. Over ser du min første «kolleksjon», og eg har gitt bort eit par allereie. Eg kjem nok til å lage fleire, for dette var greie venninnegåver. Oppskrifta eg har brukt finn du hos UnePune. Så kjekt med folk som lagar oppskrifter og deler dei med oss! Takk!


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 154 128 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers