Archive for the 'Mei tai' Category

Turkis mei tai

Her er ein ny mei tai laga på bestilling. Syns sjølv at den blei kjempetøff og hadde nesten litt vanskar med å sende den avgarde…Men eg håpar og trur at mottakarane vil få mykje glede av den! Stroppane og bakstykket er eit glatt stoff som minner om bevernylon. Det er sterkt og samtidig behageleg. Fronten har fått eit afrikansk preg sidan eg brukte ein del av ein kanga eg kjøpte i Tanzania for nokre år sidan. Eg har også sett på ei lomme i lin, med ein påtrykt fugl og navnebroderi. Litt pynt måtte til for at heilskapen ikkje skulle bli for maskulin.

Tilbakemeldingane frå ho som kjøpte den første MT’en (som du kan sjå her) går på at frontstykket var for slapt til å gje god støtte til babyen, til tross for sovehette. Eg kan tenke meg at den vil fungere betre på eit barn som er litt større, kanskje frå 6-8 mnd alder? Ho skal uansett få bytta den ho fekk mot ein annan med stødigare frontpanel. Håpar modellen eg no har laga vil fungere betre, i og med at frontpanelet er fora ekstra godt øverst, og kan brettast ned når ungen held hovudet sjølv.


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,204 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers