Archive for the 'Leikar/kosedyr' Category

Gamalt nytt

Her blir det produsert lite og ingenting om dagen, for vekene er fylt med studiar og helgane flyr avgårde når eg først er heime med min kjære. Denne helga har vi hatt strålande haustver, og då kan ein jo ikkje vere inne! Men eg har fortsatt upubliserte bilder av ting eg har laga tidlegare, sjølv om dette er gamalt nytt.

Denne kosekluten er laga av restelappar, diverse band, og på baksida er det lysrosa, mjukt jerseystoff. Den nye eigaren heiter Emmeline, og er ei søt lita snelle!

Storesøster og lillebror

Jada. Eg lar meg påvirke. Uglefeberen har herja i blogglandia ei stund, og eg kjenner at eg også synest at desse flygande skapningane er fine. Då eg skjønte at dette var ein fin måte å lage små gåver av tøyrestar heiv eg meg rundt og lagde desse to. Det er ei storesøster og ein lillebror. Som nyleg vart gitt bort til ei stolt storesøster og ein ganske fersk lillebror.

Dei såg ut til å falle i smak hos ho som opna gåva iallefall. Kva minsten meiner om sitt nye kosedyr er vanskeleg å seie. Men han må nok finne seg i at storesøster passar på begge uglene ei stund framover.

Djevelsk kosebamse

Hahahaha! Eg fekk lyst å lage ein tøyfigur. Ideen var at den skulle ha morsomme fargar, og bein og armar som skulle vere lette å gripe for små hender. Så eg teikna meg ein mal, klipte og sydde og endte opp med dette resultatet:

Djevelsk kosebamse

Denne blir nok verande i huset, tenker eg. Det som skulle vere øyrer ser jo ut som noko heilt anna…Eg kan jo ikkje gje vekk ein raud bamse med horn og skumle auge!

Babysøm

Ja her blir det produsert babytekstilar over ein lav sko om dagen. Fått heilt dilla etter at eg fekk oppskriftsbøker. Det er lettare å lage kle enn eg trudde! Og når dei i tillegg er små i størrelsen går det relativt raskt å lage noko ferdig. 

Bukse str 68 i stretch-babycordfløyel (!), laga av ei bukse eg sjølv har hatt. Gjenbruk! Sydde på ei lomme på sida. Veldig nyttig…

Tre nye, fargerike motorikkballar/sjongleringskuber/nåleputer/skulle-hatt-eit-betre-navn-ting. 4 x 4 x 4 cm, og einsfarga på eine halvdelen. Desse har eg fylt med opprekksgarn, som har vist seg å vere eit fint fyllmateriale. Passe tungt, passe mjukt. Så der lærte du det.

Og så har eg laga nokre smekker. Fann fram nokre stoff eg synest er litt festlege. Dei kjem nok ikkje til sin fulle rett på desse bileta, men men. Og så har eg tørka støvet av tekstiltusjen i det siste. Likar å leike med bokstavar.

Viss du ser godt etter kan du sjå at det er bilete av hestar med kjerre på stoffet.

Er ikkje dette eit sjarmerande hjertestoff, kanskje?

Dette stoffet skulle eg gjerne hatt meir av, men no er den vesle biten eg hadde allereie oppbrukt. Her er det pastellfargar, prikkar, roser, hus og ei ku som blir mjølka. Eg fekk dessverre ikkje med den delen der det var trykk av eit elegant par som gjekk arm i arm. Kan nokon fortelje meg kva ei dame med kjole og ein mann med flosshatt gjer på eit stoff som elles har motiv frå bondelivet?

Endeleg…

…litt kreativ blogging. Ledige stunder heime har gått med foran symaskina i det siste. Hobbyinteressene mine svingar stadig, men søm har blitt veldig kjekt etter at eg fekk ei skikkelig symaskin i hus i haust. Det går for det meste i småprosjekt som eg ser resultat av med ein gong. Og sidan eg er glad i å lage gaver er det jo praktisk å kunne lage småting sidan det alltids er ein eller annan bursdag i vente. Dessutan kan det vere kjekt å ha noko på lur til jula nærmar seg!

Denne sommarveska trur eg at eg skal gje til meg sjølv. Eg har ei gammal veske i samme størrelse som eg har brukt ganske mykje. Den har faktisk begynt å gå opp i saumane (og eg har ikkje gidda å reparere den enno…), så kanskje eg skal unne meg denne i staden for å legge den i gåvelageret. Det stripete stoffet er frå Jysk og på det mørke ikeastoffet har eg laga blomar med tekstilmåling og sjablon. Sidan eg er veldig glad i knappar putta eg på ein grøn ein i sentrum av kvar blome. Veska er fôra med olivengrønt stoff frå ei panelgardin (slike vi har på kjøkkenet) og der er ei innerlomme.

Denne rare, lille karen er laga av jerseystoff og fylt med vatt. Fargen er knallgrønn, sjølv om biletet ikkje viser det. Eg har leika meg med band og trekuler, nettopp fordi det er gøy å leike seg med band og trekuler. For ein baby…Kosekluten på bildet under er av samme materiale. Den er allereie gitt bort til ein liten kar i passande alder, som tok vel imot den. Han er tydeleg fascinert over fargane og kulene.

Til slutt ein takk til de som gir meg ros for det eg lagar, enten i form av kommentarar på bloggen eller in real life som det heiter på godt nynorsk. Det gjer meg glad! Og det inspirerar meg til å fortsette å klippe og sy og lime og pynte og strikke og sette sammen saker og ting eg tenker nokon kanskje kan få glede av. No står eg på farten og skal treffe ein gjeng frå jobb og lage kort. Det blir kjekt!


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,204 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers