Archive for the 'Lappeteppe' Category

Lappeteppedåpsgåve

lappeteppegave

 

Eit lappeteppe gitt vekk til eit fadderbarn vi ikkje har helst på enno…sånn kan det gå når virus herjar og hindrar ein i å reise i barnedåp! Men håpet er at vesle Julian kan ligge på dette teppet og sjå på fargane og gjere seg tankar om livet. Sånne tankar som spedbarn har, som f.eks at det er kjekt å putte fingrane i munnen, spennande å få tak i tåa, supergøy når nokon kilar på magen og deilig å få kos…

Teppet er endå eit prosjekt der eg i starten har tenkt «Åh, så gøy det er å sy lappeteppe! Kvifor gjer eg ikkje dette oftare?». For så, når fase to med foring og quilting dukkar opp, å tenke «Åh, eg hadde jo lovd meg sjølv å aldri sy lappeteppe igjen…» Så resultatet blei passe skrukkete og skeivt, men sannsynlegvis dugande som liggeunderlag for ein potensielt gulpande og slevande krabat. Og det toler mange rundar i vaskemaskina.

Babylappeteppe

Trur ikkje eg har vist fram dette før? Det er uansett ei stund sidan eg sydde det, og det har blitt liggande i skapet i påvente av ein ny eigar. Ser for meg at teppet kan brukast som vognteppe, stelleteppe, krabbeteppe, ligge-på-sofaen-og-gulpe-teppe.  Eg synest det er nokså kjønnsnøytralt, og det var meininga sidan eg ikkje veit kven eg har sydd det til.

Teppet er sydd etter enkel lappefilosofi, og eg har kombinert fargerike stoff eg likar med kvite lappar og kanta det heile med brunt hjertestoff.

På baksida har eg brukt to lag brun fleece med riller. Teppet er enkelt quilta, og den lysegrøne kanten er sydd for hand (fordi mamma seier at eg ikkje får lov til å sy teppekant med maskin…). Eg er ingen fan av handsaum, for det tek tid! Men det blir jo finast då. Eg ser poenget. Og aller helst burde eg ha dampa teppet før eg tok bilete, men det gjorde eg visst ikkje…

Lappålapp og konkurransevinnar

Lappålapp

 Tidlegare i sommar blei eg bitt av ein lappebasill og sydde dette teppet. Det er ikkje så stort, og var difor eit overkomeleg prosjekt. Stoffa er restar, og bitar av gamle gardiner og dukar – ergo eit lappeteppe i den gamle lappeteknikkens ånd. Fargevalet er tilfeldig, men eg ser at det gir litt nasjonaldagfølelse…Tanken er at det skal kunne brukast til vognteppe/ voggeteppe/ stelleteppe/ koseteppe for eit lite nurk. Ser ikkje bort ifrå at det blir pakka inn og gitt bort i løpet av hausten:)

lappeteppe raudblå

Og for alle som har venta i spaning….Eg har no hatt trekning i handlenettlotteriet i anledning «blogg-jubileet», og Malin stakk av med seieren og får snart eit handlenett i posten. Gratulerer! Til de som ikkje vann: eg lovar å ikkje la det gå altfor lenge før eg har konkurranse igjen 🙂

Leiketeppe, krabbeteppe, sengeteppe..?

Isakteppe

No har pjokken til AS og R komt heim frå sjukehuset og har fått det nye teppet sitt. Då må det jo få ein plass på bloggen. Takk til mamma for god hjelp undervegs. Eg er langt unna hennar nivå når det kjem til quilting, men det er kjekt å leike seg litt med lappar! Og eg syns eg klarte meg ganske bra sjølv denne gangen. Neste gang klarar eg kanskje alt sjølv?

Interessa mi for å sy har tatt seg betrakteleg opp sidan eg kjøpte ny symaskin for eit halvt år sidan. Før syntest eg det var litt ork å sette i gang med eit syprosjekt, men no går det mykje lettare. Det hjelp sjølvsagt også å ha meir boltreplass til klipping av stoff og måling og sånt, pluss at eg får lov å ha symaskina i stova. Enn so lenge…Det har i det siste komt litt klagar i frå ein viss mann i huset. «Det er nesten like ille som motorsaga til naboen. Men berre nesten.»

I tida framover har eg tenkt å sy handlenett. Det er jo temmelig i vinden å droppe plastposen til fordel for tøynett, så eg kastar meg på bølga og håpar vi klarar å få ned plastforbruket. Eit riktig miljøvennleg handlenett bør jo lagast av gjenbruksstoff, så då får eg kanskje brukt opp litt av det eg har samla dei siste åra. Avklipte gardiner frå Ikea, loppemarkedfunn og gamle skjorter skal no få sin renessanse. Men eg har tenkt på ein ting. Dei som droppar plastposen heilt og fullt, kva har dei i søppelspanna sine? Finst det miljøvennlege avfallsposar å få kjøpt? Eg undrar…


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,204 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers