Archive for the 'Kle voksen' Category

Fru petrol

Nok eit innslag til sommargarderoben. Blei laga i vår, og kan forhåpentlegvis brukast også utover hausten dersom eg brukar jakke og tights til. Laga i favorittfargen, og eit supermjukt stoff som er herleg å ha på. Det blomstrete stoffet er gjenbruk, mens basisstoffet er frå s&s. Delvis sjøvkomponert mønster, men dei som har sett denne skjønar kor eg har henta inspirasjonen.

Årets 17.maiantrekk

 

 Det går litt treigt med blogginga om dagen. Fint ver og sol går foran hobbyaktivitet og blogging. Men her får du ein kikk på kjolen eg gjekk med på 17.mai i år! Droppa bunaden sidan eg skulle på jobb og feiringa blei i kortaste laget. Kjolen er så og seie improvisert når det kjem til mønsteret. Eg har klipt og sydd og prøvd og klipt og sydd igjen. Etter litt fram og tilbake passa den heldigvis. Inspirasjonen har eg henta hos fru jansen (bloggen hennar er absolutt verd eit besøk!), så eg skal ikkje ha æra for designet.

Kjolen er sydd i svart stretchvelur og prikkete bomullspoplin frå s&s. Det blågrøne stoffet, samt banda er frå panduro. Eg trur dette er ein kjole som kjem til å bli brukt både til kvardags og fest, for den sit fint og er god å ha på.

Duse tonar til varme dagar

Eg drista meg til å sy ein tunika i gåve til ei svigerinne då ho fylte 25 år. Litt skummelt å sy klede til andre, men ho har fått klar beskjed om at eg ikkje blir fornærma om eg aldri ser plagget i bruk.  Fargane er duse, og fasongen er ledig, så dette er ein skikkelig sommartunika. Og, ja, mønsteret er akkurat det samme som til denne, men med noko mindre splitt i utringinga.

Nytt til sommargarderoben

Eg er inne i ein god sy-til-meg-sjølv periode, og her er eit nokså ferskt tilskot til sommargarderoben. Tunika i luftig og enkel modell, sydd av stoff frå panduro og stoff & stil. Mønsteret er frå alt om håndarbeide lånt på biblioteket. Genialt å sleppe å bruke pengar på mønster når eg er i utprøvingsfasen. Håpet er at eg etter kvart kan bearbeide enkle mønster og justere dei her og der så eg får plagga litt meir sånn som eg vil ha dei. Dette er nok eit plagg som tar seg best ut ein varm dag med knelang tights til, og kanskje nokre røffe armband som tilbehør.

Min eigen KLEM RePro tunika

Eg har endelig brote barrieren. Å sy kle til meg sjølv har vore noko eg har hatt lyst til å prøve, men som eg har vore redd for å mislykkast med. Det er jo litt kjipt å bruke mange hobbytimar og fleire meter bra stoff på noko som kanskje blir ein fiasko. Då er det tryggare å sy noko eg veit eg meistrar, og som blir fort ferdig. Hehe…Men no har eg altså kome over kneika. Har sydd fleire ting til meg sjølv i det siste, og det nyaste tilskotet i kolleksjonen er tunikaen du ser her.

Mønsteret fann eg i eit alt om håndarbeide frå i fjor, som eg har lånt på biblioteket. Eg må ha mønster å gå utifrå, det blir nok lenge til eg improviserer med voksenstorleikar…Stoffet er eit gamalt, tynt stoff eg kom over på gjenbruksbutikken. Trur det er ei blanding av bomull og silke. Eg synest det passa godt til denne typen plagg, for det fell fint på kroppen.

Konklusjonen er at dette var enklare å få til enn eg hadde trudd, og at eg er meir fornøgd med resultatet enn eg kunne forestille meg på førehand. Eg brukte rett nok fleire timar enn eg vanlegvis legg i eit syprosjekt, men så har eg jo fått meg ein  tunika som eg kjenner meg trygg på at eg kjem til å bruke mykje framover. Den er definitivt one of a kind! No har eg vore på stoff og stil og kjøpt nokre nye stoff som skal forvandlast til plagg etter kvart. Eg gler meg!

Redesign: grøn gardin blei glade skjørt

 Sjå kva eg har laga av ei gardin frå Fretex!

grønbrunt retroskjørt 1

Skjørt nr. 1 (over) er enkelt, A-linjeforma og har ribb i midjen. Behagelig å ha på og deilig luftig på varme dagar.

skjørt m kappe profil

 Skjørt nr. 2 blei til då eg kom på at rysjer kan vere kult også på skjørt! Det er meir kroppsnært rundt baken, men har god elastikk i midjen og litt vidde nederst. Begge skjørta er av eigenkomponerte mønster, noko eg er litt stolt av.

skjørt m kappe foran

Har ikkje bestemt meg for om eg skal ha begge to sjølv, men om du brukar str. 36-40 og er interessert, så ta gjerne kontakt. Eg treng vel strengt tatt ikkje to nesten like skjørt…

Redesign: Farmor sin kjole goes hip

Farmorkjole svart

Mi gode, gamle farmor får fine innfall av og til. Siste nytt er at ho kom på at eg kanskje kunne gjere meg nytte av nokre kjolar ho har hatt hengande ei stund. Ho var heilt med på ideen om å endre på plagga, og i dag tok eg mot til meg og klipte i denne. Først tenkte eg at eg berre ville ta vekk overdelen og lage eit skjørt, men eg endte opp med eit plagg som kan brukast både som skjørt og som topp! Eg vil nok helst bruke den slik:

farmortunika

Volia! Splitter ny festtopp på null komma niks! Og det kosta meg ikkje ei krone. Men som du kanskje kan sjå så er den nokså tynn og gjennomsiktig, så eg vurderar å sy eit slags fôr, evt. skaffe meg ein tynn tubetopp til å ha under. Silkebandet hadde eg liggande, og kom endeleg til nytte.

farmortopp bak

Då eg var ferdig med denne, kasta eg meg over ein fantastisk, blågrøn retrokjole som kjem ifrå ei bestemor på Sunnmøre. Den skal de få sjå seinare, for den var litt meir krevjande å justere på og eg er ikkje sikker på om eg er heilt ferdig endå.


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,204 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers