Archive for the 'Handlenett' Category

Ny vri

Ein kollega ville gjerne ha «eit handlenett som er sprekare enn coop sitt» og ein strikketøypose. Helst i jordfargar. Her er resultatet. Eit nett med applikasjonar og effektsaumar, og ein matchande tøypose. Det rutete stoffet er ei gardin frå gjenbruksbutikken, og dei andre stoffa har liknande opphav. Då blei det KLEM RePro. Kjekt å sjå at mottakaren verka fornøgd!

Retro handlenett

Grønt handlenett bil

Dette handlenettet har havna i hovudstaden, hos ei som fortente det for å stadig gje meg oppmuntrande ord angåande blogginga mi, ting eg lagar og prosjekt eg drøymer om. Kjære M. : Håpar nettet kan gje deg litt grøn, retroinspirert glede, og at du fortsatt vil heie på meg:)

Under ser du korleis eg har «organisert» stoffa mine. Eg kom til at det vart for tungvint å ha dei i kassar inne skapet, og kjøpte ei open hylle på bruktbutikken. Ikkje så vakkert, men å så praktisk! Eg har ikkje akkurat tellekantar, men no er det iallefall lett å sjå kva eg har. Noko måtte bli i skapet pga plassmangel…

stoffhylla

Knappar og handlenett

I  dag er det så varmt at eg klarar ikkje vere på verandaen. Etter mange deilige dagar i sola både i Stavanger, Bergen og meir heimlege trakter har eg i dag tenkt at det faktisk er greit å vere litt inne. Gradestokken viser 35 grader i skyggen på verandaen…Det må nok bli bading seinare i dag, men enn so lenge er eg heime åleine, så då syslar eg med litt andre greier. Kom på at eg ikkje har vist fram dei fine knappane eg kom over i Barcelona i mai:

knappebrett Barcelona

Vi var på ein stor marknad der det vart selt både nye og gamle varer, og i ei bod med sysaker kom eg over ei kasse med masse gamle, ubrukte knappar på brett. Ved å betale 1 Euro pr brett fekk eg fylt på knappelageret for ein billig penge. Tenk at knappar kan gje meg så stor glede!

handlenett orangebrun

Eg har dessutan sydd eit nytt handlenett nyleg. Stilen er som du ser nokså retro, og eg har ikkje bestemt meg for om eg skal ta det i bruk sjølv eller gje det vekk. Tida vil vise. Det orange og brune stoffet er ei gamal gardin, det grøne handtaket er frå ein duk og det lyse handtaket er gamalt, men av ukjent opphav. I love gjenbruk:)

Eg må også nevne at eg kom over ein butikk i Stavanger der det var posesal på gardinstoff. For den nette sum av 50 spenn har eg no fylt opp tøylageret med meter på meter med bra stoff som eg har planar om å lage vesker, dukar, puter, grytelappar, kjolar, smekker og handlenett av. No heng dei til tørk på verandaen, straks klare til å bli forvandla til noko kjekt.

God helg til deg! Sjølv skal eg jobbe nattevakter, og må sove vekk dagane. Men om ikkje lenge er det ferie!

Småplukk

Her er noko av det eg har laga i det siste. Har som vanleg ein del prosjekt eg ikkje kan vise fram fordi dei skal gjevast vekk, så det blir lite spennande hobbyblogging for tida.

Eg har nyleg hatt bursdag, og var så heldig å få masse fint designerpapir. Så no kriblar det i fingrane etter å ta det i bruk, til både kortlaging og scrapbooking. Skulle gjerne hatt litt lenger ferie, kjenner eg!

Endå eit handlenett…Eg har faktisk laga 4 like av denne typen…Kor stoffet er ifrå? Altså, eg kom over eit posesalg på ein interiørbutikk eg var innom, og enda opp med 4 stooore gardiner, 2 x 3 fine oppbevaringsøskjer, 1 telysestake, 20 turkise telys, 1 gryteskrubb, 2 perledingsar (?) for den nette sum av 100 kroner. Det grønstripete stoffet her er altså laga av ei av gardinene.

Eg kan røpe at neste innlegg kjem til å dreie seg om blåbær. Ventar besøk av M., for i dag skal vi sile saft! Og det har vist seg at skogen er full av store deilige blåbær enno, så eg og mannen har nytta høvet til å fylle opp lageret til vinteren. Vi trivast godt med slike pensjonistaktivitetar. Eg har forresten til gode å skrive om tradisjonsbakstprosjektet eg har i lag med nokre venninner. Det får bli ein annan gong eg skal skrive husmorinnlegg.

Eg har sydd…

Her er eit av handlenetta eg har laga. Har visst gløymt å ta bilde av dei andre, men kanskje dei kjem i eit seinare innlegg. Det lyse stoffet er ei avklipt gardin, som vel kan kallast gjenbruk? Teksten har eg trykt på med skumstempel og tekstilmaling. Enkelt og greit. Størrelsen er omlag som ein vanleg bærepose frå butikk, og nettet er testa i bruk og godkjent. No har eg også gått til innkjøp av tynne avfallsposar som er lettare for naturen å bryte ned. Er spent på kor mykje dei toler, for det er jo litt kjedeleg viss vi må ta ut bosset før posen er halvfull fordi den revnar når den blir for full. Men eg har trua! Dersom du vil sjå andre småting eg har sydd i det siste kan du trykke her.

Something old, something new

Sjå desse herlege damene eg kom over på bruktbutikken i helga. Var dei ikkje morsomme, kanskje? Eg syntest iallefall at dei var verdt 10 kroner og har plassert dei i kjøkkenhylla. Om nokon kan russisk vil eg gjerne ha ei oversetting på det som står på kona i midten. Vill gjetting får meg til å tenke at den til venstre er salt og den til høgre er pepar.

 

Vårlig handlenett

Så blei det iallefall eit ferdig handlenett i løpet av helga. Det blei ikkje eit hav av tid til hobbysyslar, men jammen vart det ei deilig helg likevel. Tag’en eg har festa på nettet er ein merkelapp frå cubus. Syntest den var for fin til å kaste i bosset, og plutseleg fekk eg brukt den. 

 

Her er eit anna prosjekt eg hadde for meg i helga. Eit gammalt skjørt blei til ein sommarkjole, med halterneck og blomsterbelte under bysten. Denne skal nok vere med i kofferten når vi vender nasa mot Kreta om ein månad. Kanskje eg kjem med eit bilde av meg iført kjolen etter kvart, den er finare på…

 

I dag fekk eg pakke i posten. Slikt varmar mitt hjerte. Sjølv om eg har kjøpt og betalt den sjølv. Det er første gangen eg har bestilt garn via internett, og førsteinntrykket er kjempebra. Kjapp levering, bra pris og deilig garn. Butikken heiter 123knit. Satsar på at eg klarar å gjere den fine tråden om til noko anna fint etter kvart.


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 150,934 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers