Archive for the 'Gryteklutar' Category

Korleis bruke restestoff og -garn?

Gratulerer med overstått bursdag kjære Heidi!

Her er noko av det Heidi fekk til bursdagen; lappegrytelappar og ein strikka hals. Begge deler laga etter fri fantasi, med materiale eg hadde liggande. Dette er i god Heidi-ånd; miljøvenleg, unikt og ikkje-industrielt-framstilt. Restelappar blir det fort mykje av, og eg burde bli flinkare å lage noko av dei. Det er jo så gøy! Denne gangen lot eg meg inspirere av mamma, som nyleg lagde grytelappar etter samme prinsippet. Eg syns knappane set prikken over i’en.

Restegarn er det ikkje alltid like lett å lage noko fornuftig av, iallefall ikkje til voksne, og absolutt ikkje mohairgarn…Men når eg er så heldig at eg arvar restegarn frå andre, så føler eg at eg må klare å bruke det til noko. Denne gangen blei kvit mohair blanda med mørkeblått superwashgarn, til ein mjuk og varm hals.

Om nokon vil kopiere ideen og strikke hals av restegarn anbefalar eg tjukke pinnar (str. 6 eller større) og 2 eller 3 trådar. Eg har brukt to trådar mohair og ein tråd superwash ull (hugsar ikkje merket). La opp 30 masker og strikka to rette og to vrange til arbeidet målte ca 50 cm. Sydde ihop kortendane og vips var halsen ferdig.

Bryllupstid, gåvetid

M + J

Vi er så heldige å ha blitt inviterte i ikkje mindre enn 6 bryllup i år. Denne helga har vi vore i nummer to i rekka, og det var kjempekjekt! Ei god venninne har no fått sin drømmemann, og vi fekk delta i feiringa. God stemning, gode ord, god mat og gode folk. Etter ønske frå bruda knipsa eg litt ekstra denne dagen, og enda opp med ein del fine bilete. Etter nesten 3 år med speglreflekskamera har eg enno ikkje lært meg dei grunnleggande teknikkane, men eg er glad i å fotografere og sjå etter  mogelege komposisjonar og artige augeblikk.

M brud

Eg hadde lyst til å gje ei litt annleis gave, og vidareutvikla ein ide basert på ei super gåve eg fekk til jul. Den innheldt eksotiske ingrediensar til mat som er litt annleis enn det vi brukar å lage. Eg sette veldig stor pris på denne gåva, og tenkte at andre også kanskje kunne like noko slikt. Dei fleste har vel periodar der dei blir litt «matleie» og ikkje har idear til kva ein kan lage for å endre dei trauste vanane. Så bryllupsgåva frå oss bestod av ei trekasse med variert innhald, frå curry paste, linser, sesamolje og fish sauce, til vin og kokebøker. Og så ville eg jo legge ved noko heimelaga. Ein signatur, på sett og vis. Det måtte bli grytelappar. (Som ein kuriositet kan eg nevne at dongeristoffet eg har brukt bakpå grytelappane er tatt frå favorittbuksa mi frå den tida eg budde i kollektiv sammen med bruda…morsom tilfeldighet!).

kassenmeddetrarei

M + J grytelappar

Gåve til retrodama

Ei god venninne hadde bursdag i forrige veke. Ho er den mest retroglade dama eg kjenner, og då eg fekk dette oransjbrune stoffet opp i hendene (i form av ei pute frå mamma og pappa sitt loft), såg eg at dette måtte bli eit par grytelappar ho kunne få til bursdagen. Syns sjølv dei blei ganske kule. Teksten er skriven med tekstiltusjen som eg er så glad i.

 

Ut på tur

img_0628.jpg

Mi gode venninne B skal gifte seg til våren, og slikt går jo ikkje ubemerka hen. I helga hadde vi fest for ho, og då blei det tur østover for meg. I desse klimatider valde eg å reise kollektivt, også fordi det var det billigaste. Eg har no erfart at 8 timar på buss faktisk ikkje er så verst når ein har med seg lydbok og strikketøy, og at ei helg i utdrikkingslag gjer det overraskande lett å sove på nattbussen heim. Det var ei kjempebra helg, med passe masse program, mykje sosialt samvær, hyttekos, drilling, quiz og god mat og drikke. Bildet over er frå lunsjen lørdag. Mmmm…Om du kikkar i strikkesakene mine kan du sjå kva brura fekk i gåve frå meg. Bakgrunn: Ho hadde ein tendens til å bruke mine tøflar då vi budde i lag i Bergen. Fann eg dei ikkje, var dei ganske sikkert havna under senga hennar 🙂

Som vanleg når eg kjem heim etter å ha vore på tur, enten det er snakk om dagar eller veker, så meldte skapartrangen seg på mandag. Det resulterte  i eit par grytelappar i ull.

img_0701.jpg

 

 

img_0703.jpg

 

 


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,204 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers