Archive for the 'Barnekle' Category

Redesign

Redesign

Ein korterma, tynn sommarbluse i damestorleik har blitt til ein sval sommarkjole for ei lita frøken. Veldig kjekt å sy kle av gamle plagg som ikkje er i bruk! Og eg har ein koffert smekk full av potensielle prosjekt…

Hatten er forresten også sjølvsydd, men den har lege uferdig i ei skuff i fleire år fordi den blei mykje større enn planlagt…No funkar den heilt ok som solskjerming på det store, lille hovudet til 2åringen vår 🙂

Advertisements

frå arkivet…

IMG_0788

Ei bukse som vart sydd for leeenge sidan, og som faktisk er blitt for lita allereie…men eg hentar den fram frå arkivet fordi eg innser at eg har glølymt å blogge den. Mønsteret og stoff er frå stoff og stil. Sydde den i mjuk babycord, og med ribb nederst i beina fordi det er fryktelig praktisk på småbarn. Buksa blei kul, men ingen favoritt fordi passformen gir for lite fleksibilitet. I alle fall viss du har kulemage og likar å klatre, springe og utforske!

IMG_0781

Bilbuksa

Bilde

Det blir fortsatt sydd litt i ny og ne, men det går treigt med blogginga. Til dei faste følgarane mine vil eg berre seie; eg har ingen opptrappingsplan. Eg bloggar når det fell meg inn, og det blir visst ikkje så ofte. Men det er kjekt om nokon har glede av å sjå kva eg lagar, og så syns eg det er fint å ha eit interaktivt «journalsystem» for kreasjonane mine 🙂

Denne buksa sydde eg i fjor ein gong, og den har vore bruk i vel eit halvår. Veslefrøkna er tydeleg begeistra når ho skal ha den på og har naturleg nok døypt den «bilbuksa». Den er sydd i velour med biltrykk, kjøpt frå ein dansk nettbutikk eg kom over på eit tidspunkt. Mønsteret til buksa fann eg i eit blad (Ottobre? Alt om håndarbeide?), men det var eigentleg meint å vere ei bukse i bomull, så eg har gjort nokre justeringar for at det skulle funke. Høgt liv og lang ribb på føtene gjer den litt spesiell, og god vidde rundt midten gjer den behageleg på. Trykknappepressa er fortsatt like kjekk å ha og trykknappar i barnekle er herlig praktisk og dekorativt. Just the way I like it!

Bilde

Redesign

Bilete

No er det så lenge sidan eg var innom bloggen at eg ikkje kom på passordet i farten…Ein sommar med flytting og påfølgande oppussing har gjort at tida stort sett har gått til alt anna enn hobbyromsaktivitet. Men no har eg fått nytt, fint hobbyrom og gler meg til å ta det i bruk! I dag ville eg berre vise fram eit par barnehageplagg eg har redesigna. Buksa er arvegods som enkelt og greit har fått ribb nederst på føtene. Då kan den brukast lenger og er meir praktisk. Gensaren har eg sjølv brukt ein gong. Den gong med ein vid slags rullehals som rett og slett gjorde den nokså rar i fasongen. For å få passe størrelse til veslefrøkna tok eg mål av ein anna gensar, klipte, sydde og vips så hadde ho ein ny gensar! Veldig kjekt å utvide garderoben utan å betale ei krone, og fint å tenke på at vi sparar miljøet litt også.

Bilete

Hipp og kul?

Bilete

Ei lita vårhue blei til på ti minutt i ettermiddag. Merkelig kor lang tid eg treng på å få sett prosjekta mine ut i livet om dagen, trass i at det er fort gjort når eg først får kicka meg i gang. Denne hua er sydd av ein singlet som søstra mi har slutta å bruke for lenge sidan. Eg syns stoffet var så fint og solid at den havna i kofferten der eg oppbevarar plagg som eg tenker å sy om til noko kjekt. Og denne hua blei jo ganske kul! Men berre akkurat passe stor, så den neste (for no kjenner eg iveren etter å sy ei til) må lagast litt større. Sola vår treng nokre slike huer no når våren kjem! Og ikkje minst når vi skal til Rhodos!

Min første morsdag!

Det må vel vere lov å vise fram nokre søtnosbilete av gullet på sjølvaste morsdagen, eller…? I dag er ho ikledd ein skikkelig glad forklekjole som mi mamma, altså mormor, har laga. Fargane er jo berre heilt herlige. Det var litt vanskelig å få tatt bilete der kjolen verkeleg kjem til sin rett, men sånn er det når modellen ikkje kan verken å stå eller sitte ordentlig sjølv. Pyttsann.

Denne helga har eg prøvd å leite fram litt inspirasjon til å lage noko, og endte med ei ny sofapute som eg syns blei bra. Ideen dukka opp på pinterest (det er jo ikkje er noko nyvinnande i å lage puter med tekstiltrykk, eg har gjort det før, men det var uansett denne som fekk meg til å sette i gang). Folk kallar meg gjerne kreativ, men her ser de svart på kvitt at eg er flink til å stele og kopiere andre sine påfunn! Eg kallar meg heller ein skapande person…Og sidan eg også er glad i enkle løysingar så vart det konvoluttopning (?) på baksida av puta i staden for glidelås eller andre fancy greier. Uansett; eg vart fornøgd med resultatet og syns det blei ei ålreit morsdagsgåve til meg sjølv!

Rett, vrang, inn, ut…

Overskrifta kunne vel kanskje tyde på at dette var eit strikkerelatert innlegg, men der lurte eg deg gitt! Her kjem nemleg to forklekjolar eg sydde i fjor, og dei kan like gjerne brukast på «retta» som på «vranga». Kva som er «ut» og kva som er «inn» er ikkje lett å seie, eg synest i alle fall dei er like fine begge vegar. Det brune stoffet er tynn ull frå ein stor rull med ubrukt, eldre stoff eg kjøpte på Fretex for lang tid tilbake. Snakk om kupp! Begge kjolane er i god RePro stil, og har fått gjenbruksstoff på den andre sida.

Mønsteret er heimelaga i den forstand at eg har teikna av eit gamalt forkle som svigerinnene mine brukte då dei var små. Storleiken er ca 1-2 år vil eg tru. Eg har sett trykknappar på skuldrane i staden for å sy selane fast i kjolen, berrefordiatte eg har trykknappresse og diggar trykknappar. Det er jo ingen sak å dra kjolen over hovudet på barnet, men det er jo så kjekt med knappar!

No prøvar eg å finne ut om lille sola mi skal få den eine kjolen, og i så fall kva for ein…? Likar dei i grunnen godt begge to, men det finst jo grenser for kor mange kjolar ei lita frøken treng å ha hengande i skapet.


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,964 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers