Archive for the 'Babyutstyr' Category

Vognpose

IMG_0958

Sjølv om vinteren var lang i år er det faktisk ei stund sidan vi var nøydde til å finne eit alternativ til ull- og dunposen i barnevogna. Hadde lite lyst på ein pose med fleece innerst, slik mange har, så eg bestemte meg for å sy ein sjølv. Og resultatet ser du over; ein tynn pose med kraftig bomull på innsida (mot barnet) og fleece på utsida. Somme kallar det snøggelbøggel. Vi kallar det ugleposen 🙂 Uglefleecen er eit teppe av litt lodden kvalitet, kjøpt for lenge sidan, med tanke på eit syprosjekt som ikkje blei noko av. Det lyse bomullsstoffet med bomber på er frå ein handel på S&S.

Inspirasjon/mønstermål har eg lånt herifrå, og justert til måla på vogna vår. I tillegg valde eg å bruke borrelås som festemekanisme på dei delane som møtast på midten når posen er lukka. Det ytterste laget er kun bretta frå fotenden og opp, og festa med ein trykknapp på kvar side. Når ein har fleire lag kan ein lettare justere varmen i vogna etter temperaturen ute. På litt kjølige vår- og sommardagar kneppar vi på fotposen frå Emmaljunga i tillegg.

IMG_0959

Heimesydd, praktisk, billig, stilig. Vel verd å bruke nokre hobbyromstimar på. Og om du nokon sinne kjem til å vurdere å sy noko liknande; det går fortare enn du trur!

poSe

Bilete

Det har blitt nokre posar av denne sorten etter kvart. Her er ein som vart sydd på bestilling for evighetar sidan. To søsken skulle få kvar sin pose med ulike fargar, og med forbokstaven på framsida. Syns den store S’en gjorde heile posen. Men fargekomboen kunne vore betre. Uansett; kjekt at å få bestilling på sånne kjappe prosjekt.

And the winner is…

…Marianne! Gratulerer. Då var årets bloggjulemesselotteri overstått ved hjelp av random.org. Får nesten litt prestasjonsangst av å tenke på at du kan gå strikkeplagga nærmare i sømmane, du som er så flink til å strikke sjølv…

I kveld tenkte eg å vise fram ein allereie godt brukt sak eg sydde etter at veslefrøkna kom til verda; ein sovepose. Fann fort ut at dette er eit must for å unngå at ho blir liggande kald utan dyne om natta, for ho er ei skikkelig sprellefrøken.

Lagde mønsteret sjølv ved å ta utgangspunkt i eit kjolemønster, og sydde den i dobbelt stoff. Trykknappar på midten laga med den vidunderlige knappepressa. (Det er fascinerande kor kjekt det er å kunne lage plasttrykknappar i saker og ting!)

Babyvintersko

I ventetida før veslefrøkna kom til verda var det veldig kjekt å lage babyting og fundere på kva ein baby kunne komme til å trenge. Desse «skoa» var noko av det som eg virkelig har fått bruk for. Dei er laga etter inspirasjon frå krimskrams , ein fin svensk blogg eg tilfeldigvis kom over. Mønsteret har eg teikna sjølv, og første par ut blei litt store, så det måtte justeringar til før eg havna på ein storleik eg trur kan funke frå 0-1 år, sånn omtrentlig.

Dei var ikkje vanskelege å sy, utfordringa er å få jamn, fin saum rundt solen. Og så er det jo litt dillete å sy såpass små ting, særleg for meg som likar å ha prosjekta mine ferdige innan ein time…Men eg er veldig fornøgd med resultatet! Ytterstoffet eg har brukt her er eit slags anorakkstoff og innsida er brun fleece. «Pynten» er ein sirkel av voksdukstoff.

No som eg har begynt å bære frøkna i mei tai på fineversdagar er desse skoa blitt eit naturleg følge. Med strømpebukse og eit par strikkesokkar under er jo dette supre vintersko på små føtter!

Babydynetrekk og vognpynt

Og eg fortset babyutstyrsvisninga…Her er eit av dynetrekka eg sydde før veslefrøkna kom ut. Det har fått ein dæsj fargar i form av stoffrestar sydd i hop til ei remse som går tvers over dyna.

I kalesjen på vogna har eg festa eit tøyhjerte sydd av eit kjekt gamalt stoff i favorittfargen. Opphenget er ein gardinring med klype. Faktisk var dette vognhjertet eit innfall eg fekk då eg rydda ei skuff og fann ein pakke med slike ringar. No har eg sydd opp ein liten kolleksjon og kan gje vekk, eventuelt variere vognpynten etter humøret ;).

Med grøne detaljar på vognbagen og blått hjerte dinglande i front er det vel ikkje så rart at jenta vår i helga blei omtalt som «han» opptil fleire gongar. Men dei som såg ho i bryllupsstasen (ja, vi har vore i bryllup!) skjønte nok at det det var ei lita frøken inni den rosa kjolen…

Fargebombe!

Nokon som begynner å bli skikkelig lei av babyutstyrsrelaterte innlegg no? Eg har laga litt småting til den lille dei siste månadane, og no har eg rikeleg tid til å blogge, så det kjem meir. Du er herved advart!

Desse fargesterke fiskane skal få vere med når mini i magen skal stellast utanfor heimen. Det er slett ikkje sikkert at denne stellemappa er noko ein berre «må ha», men det er jo kjekt å lage ting til babyen! Og eg ser ikkje vekk i frå at det av og til kan vere kjekt å kunne dra med seg denne og ikkje heile stelleveska når ein berre skal ut ein liten tur. Den rommar våtserviettar, bleier og eit lite stelleunderlag. Sistnevnte har ei side i flanell så det skal vere mjukt for mini å ha stumpen bar.

Ein kjekk ting å sy! Og fiskestoffet er jo berre til å bli glad av! 

Siklesmekker

Siklesmekker/-skjerf er jo i utgangspunktet veldig enkelt å sy. Men for at eg skulle vere sikker på at storleiken var ok bestilte eg meg eit mønster frå Marmelade via epla.no. Dessutan syns eg smekkene hennar er ekstra fine sidan dei har litt fold foran. Mønsteret funka som berre det, men eg sit jo nok ein gang med tanken «Åh, den som hadde hatt ei overlockmaskin…» Denne blå smekka er laga av eit tynt stoff i ullblanding (gamalt, ubrukt, fantastisk Fretex-stoffrull-kupp), og baksida er 100% ull (arvegods frå gamal sydame). Det fine med ull er at det isolerer, slik at smekkebrukaren ikkje blir så fort kald dersom smekka blir klissvåt.

Smurfesmekkene er laga av ein gamal, formlaus bomullsbody vi arva. Baksidestoffa er mjuk jersey (også gamalt, men ubrukt arvegods). Desse er ikkje vrengsydde, men sydd med «jukseoverlocksaum» på vanleg symaskin. Blir litt skrukkete og harde saumar, men det får duge.


Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 150,934 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers