I dag er det så varmt at eg klarar ikkje vere på verandaen. Etter mange deilige dagar i sola både i Stavanger, Bergen og meir heimlege trakter har eg i dag tenkt at det faktisk er greit å vere litt inne. Gradestokken viser 35 grader i skyggen på verandaen…Det må nok bli bading seinare i dag, men enn so lenge er eg heime åleine, så då syslar eg med litt andre greier. Kom på at eg ikkje har vist fram dei fine knappane eg kom over i Barcelona i mai:
Vi var på ein stor marknad der det vart selt både nye og gamle varer, og i ei bod med sysaker kom eg over ei kasse med masse gamle, ubrukte knappar på brett. Ved å betale 1 Euro pr brett fekk eg fylt på knappelageret for ein billig penge. Tenk at knappar kan gje meg så stor glede!
Eg har dessutan sydd eit nytt handlenett nyleg. Stilen er som du ser nokså retro, og eg har ikkje bestemt meg for om eg skal ta det i bruk sjølv eller gje det vekk. Tida vil vise. Det orange og brune stoffet er ei gamal gardin, det grøne handtaket er frå ein duk og det lyse handtaket er gamalt, men av ukjent opphav. I love gjenbruk:)
Eg må også nevne at eg kom over ein butikk i Stavanger der det var posesal på gardinstoff. For den nette sum av 50 spenn har eg no fylt opp tøylageret med meter på meter med bra stoff som eg har planar om å lage vesker, dukar, puter, grytelappar, kjolar, smekker og handlenett av. No heng dei til tørk på verandaen, straks klare til å bli forvandla til noko kjekt.
God helg til deg! Sjølv skal eg jobbe nattevakter, og må sove vekk dagane. Men om ikkje lenge er det ferie!
Siste innspel