I mamma sin kjole

Mitt lille gull i min gamle cordfløyelkjole. Det er kjekt når det dukkar opp arvegods eg ikkje visste fantest, og særlig når det er ein så kul kjole. Dei raude naglane på lommene er ein finfin detalj. Kjolen var riktignok ikkje heilt bra i fasongen då den vart henta fram frå loftet, men etter ein liten svipptur innom hobbyrommet blei den brukbar.

Denne veka har eg fått sylysta tilbake, og no er det redesign det går i. Du skal ikkje sjå bort i frå at det kjem eit og anna innlegg om dette i løpet av sommaren. Og mens andre brenner bål og feirer jonsok har eg tenkt å kose meg på hobbyrommet i kveld. God midtsommar til deg!

Advertisements

2 Responses to “I mamma sin kjole”


  1. 1 Ingeborg 24/06/2012 ved 10:15

    Så artig at det var din gamle kjole! Eg hadde tenkt å seie i går at den var veldig fin, men så langt kom eg altså ikkje… Men då passa det jo bra at eg kan seie det her 🙂 Håpar du fekk kosa deg på hobbyrommet.

  2. 2 Tante-Heidi 24/06/2012 ved 19:41

    Så fin den var, og så fin Sola var i den ❤


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,064 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: